Viser arkivet for stikkord luster

Ut or gropi

Eg seier det med éin gong: Lat oss begynne med Sogndal og Leikanger. Eg skulle så gjerne hatt Luster med også. Men Luster sjølv vil, kan og bør ikkje vere med i den nye kommunen på nordsida av fjorden. Same kva den utflytte og påståelege jostedølen, HiSF-professor Oddbjørn Bukve, seier.

Men Sogndal og Leikanger må no kome seg ut or gropi (med i-form, ja) dei har vore i siste ti åra. Det er for gale at han som har dei klaraste visjonane for nyutvikling av regionen vår, er ein avgått fylkesmann. Ikkje noko gale med Oddvar Flæte, men var det berre forsiktige bakstrevarar vi sende til kommunestyra i Sogndal og Leikanger ved valet i 2011? Ap-ordførarane i dei to kommunane opptrer i saka om ny kommunestruktur i Sogn som om dei skulle vere ideologiske læresveinar av sjølvaste Johs B. Thue, historikaren som synest å ha mista grepet om samtida. Regionen vår treng ein hærførar. Kom igjen, før Arne Johannessen melder seg frivillig.

Det kjem ei kommunereform. Og det er mykje strategisk tenking og utviklingsarbeid på gang i mange regionar landet rundt. Les heile Innhogget her

Positivisme på bygda

Det er litt over fem år sidan eg flytta heimanfrå for å avtena verneplikt, og seinare studera. På
mange måtar er ikkje fem år spesielt mykje, sjølv om opplevingane denne tida har vore mange. På
denne korte tida har det likevel skjedd mykje i Indre Sogn, og heldigvis sit eg att med ei kjensle av at
utviklinga har vore til det betre.

Trass i sjukehusnedlegging, nedbygging av industri og anna negativt, meinar eg å kunne sjå ein
gryande positivisme. Eg skal ikkje seia pessimismen rådde då eg var ferdig på vidaregåande i
våren 2007, men eg meinar bestemt at det har skjedd ei positiv utvikling. Dette er ei utvikling som
utvilsamt gjer Indre Sogn (endå) meir attraktivt enn det som var i 2007.

Eg har tidlegare skrive om alle dei lokale mat- og drikkevareprodusentane me har i området. Eg er
ikkje ein gong i tvil om at desse har vore med på å setja området på kartet på ein positiv måte. Dette
er produkt med status og kvalitet, og dette smittar over på området det er laga i. Samstundes trur eg
det òg smittar over på sjølvkjensla og identiteten til innbyggjarane. Berre det at nokon tek risikoen og
satsar på noko slikt er eit klart teikn på positivisme. Når ein i tillegg satsar med lokal identitet, viser
det stoltheit over plassen ein er frå. Noko så enkelt som at det står Flåm på alle flaskene til Ægir trur
eg har vore viktig for marknadsføring av regionen både som reiselivsdestinasjon og buområde.

Vilje til å satsa har me òg dei siste åra sett i Skjolden. Den storstilte reiselivsutbygginga skal bli
spanande å følgja, og kanskje det kan bidra til fleire innbyggjarar? Skjolden sin attraktivitet har
vertfall i mine auge stige proporsjonalt med utviklinga. Det same gjeld Jostedalen, som har fått
sin renessanse i kraft av å vera eit skimekka. I 2005 hadde eg aldri trudd eg skulle seia dette, men
Jostedalen har rett og slett blitt litt hipt.

I Sogndal har dei to store motorane fotballklubben og Høgskulen bygd opp noko stort. Ikkje berre
har Fosshaugane Campus blitt ein arena for spanande næring, forsking og undervising . Sogndal
har òg dei siste åra fått ein status som friluftshovudstad som vertfall ikkje eg var kjend med på
same måte for fem til ti år sidan. Det som har skjedd er rett og slett imponerande! Blir dette brukt
riktig i marknadsføring, vil det kunne vera gull verdt for kommunen. Både med tanke på folkeauke,
næringsutvikling og å tiltrekkja seg naudsynt kompetanse.

Vidare er det uunngåeleg å avslutta denne skryterunda utan å ha vore innom Leikanger. I 2007 var
Leikanger koseleg, flott, men med folketomme gater. Det er ikkje den heilt store skilnaden på desse
tre stikkorda i dag heller, men eg ser kor viktig sentrumssatsinga har vore. Med Saften, Borgaren og
Herman har Leikanger med eitt fått eit etterlengta sentrum. Eit bilete på dette er det faktum at når
eg gjekk på vidaregåande reiste me til Sogndal for å gå ut. No har Leikanger fått sin eigen uteplass.
Dette trur eg er viktig for identitetsbygging hjå ungdom, då ein uformell møteplass er noko som har
vore etterspurt så lengje eg kan hugsa.

Vidare har grupperingar som Opplev Leikanger gjort ein kjempeinnsats for å få liv i bygda. Det same
gjeld Utstyrssentralen, der (særleg ungdom) kan leiga sports- og friluftsutstyr særs billeg. Dette er
noko eg hadde lyste på når eg var 16 år, utan at eg eigentleg visste at eg sakna det.

Applaus til dei som satsar!