Viser arkivet for stikkord fjærlandsfjorden

Flystyrt i Fjærlandsfjorden

Ein flystyrt i Fjærlandsfjorden våren 1980 er nok som ein bagatell å rekne om ein skal samanlikne med den politiske tsunamien som veltar innover Europa no. Brexit. Eg skal ikkje skrive om Brexit. Det kjem vi til å høyre om i media til vi får Brexningar. Men eigentleg skulle ingen late seg sjokkere over resultatet av folkerøystinga. Det blei akkurat som venta. Nei-folk er som kjent flinkare til å nytte seg av stemmeretten enn ja-folk. Om dei angrar i dag eller ikkje. Dette var forutbestemt og burde vore venta.

Det eg skal fortelja om skjedde ein solblank vårdag i slutten av mars 1980, og byggjer på ein tekst dåverande distriktsvererinær Torstein Kongslien har skrive, og med samtale med Kongslien. Du kan lese heile Innhogget her:
MANN MED GREIP: Flystyrt i Fjærlandsfjorden.

"For da står i statistikken...

…og då må det vera sant,» syng Ottar Wiik i Statistikkvisa, der han på glitrande vis har moro med korleis statistikk kan brukast. Men det som står i statistikken treng slett ikkje vera sant, særleg ikkje dersom talgrunnlaget er feil. Og dersom slike feil er gjort med vilje, så er ikkje berre statistikken usann, men dei som legg den fram talar usant. Og no er ikkje eg ute etter å dra all statistikk i tvil, så derfor skal eg vera heilt konkret og ta eit døme her frå fjorden.

Vi skulle ein tur til Vangsnes i fjor sommar, for å sjå Fridjovspelet. Etter ein telefon til Fjord1 fekk vi vita at dei kunne godt gå til Vangsnes med oss, sjølv om dei eigentleg ikkje skulle dit på den aktuelle turen. Eg tok med bilen, for å køyra heim att same kvelden, medan borna og mora deira skulle ta Fjærlandsbåten tilbake neste morgon, og då var Vangsnes ein stopp på ruta.

Fint vêr, ein fin tur i båt på Fjærlandsfjorden, tenkte vi. Det tenkte ikkje billettøren. De må vera klar over det, sa han til oss, at det å gå til Vangsnes med oss på denne turen, det var noko dei eigentleg ikkje skulle gjere. – Vi veit det, sa vi, – og vi takkar for sørvisen! Om vi var klar over kor mykje ekstra mas og bryderi det var for dei? – Nei, sa eg, – men korfor fekk vi tilbodet då? Ja, det var fordi det var ny kaptein, og han visste ikkje betre, men dette skulle han eigentleg aldri lova oss. Eg ba han ta dette opp med rette vedkommande, for hadde kapteinen sagt nei i utgangspunktet, så hadde vi funne anna måte å reise til Vangsnes på. Eg kjende eg vart irritert over at denne mannen forstyrra idyllen på Fjærlandsfjorden. Og korleis blei det, ville dei gå til Vangsnes med oss? Ja, takka vere lovnadane til kapteinen, så måtte dei vel det, kor brysamt det no var. Men vi måtte lova å ikkje fortelje til nokon andre at vi hadde fått denne ekstra sørvisen, for då kunne andre også finne på å spørje om det same, og kanskje kapteinen sa ja fleire gonger! sa han. Men eg kan ikkje hugse at vi lova noko.

Og så skulle vi betale for oss. Du får betale for bil og førar, sa billettøren, resten kan gå gratis. – Kva? Meinar du at du ikkje vil ta betalt for alt dette bryderiet vi har skaffa deg? Eg vil gjerne betale det turen kostar for oss alle, sa eg. Nei, ikkje tale om, han ville ikkje ha betalt for meir enn bil og førar, og vi måtte fint gi oss på det.

Etter å ha sett Fridjovspelet Fiend og elskar, og etterpå prata med kjentfolk om kor velregissert det var, og kor gode skodespelarane hadde vore, køyrde eg heim att. Då resten av familien skulle fylgje Fjord1 tilbake til Fjærland neste dag, var det same billettøren om bord, og han nekta plent å ta betalt for fire passasjerar. Og andre seier dei har hatt liknande opplevingar på denne ruta.

På Fjord1 sin statistikk står det at dei hadde 5622 passasjerar i august 2008. Eg veit altså om åtte til, fordelt på to dagar. Og dersom det i gjennomsnitt var fire passasjerar om dagen som ikkje fekk lov å betale for seg i august, så var det eigentleg 124 passasjerar meir denne månaden enn Fjord1 sin statistikk seier. Og for heile sommaren er det kanskje 400 som ikkje har komme med på statistikken? Dersom 300 av desse var vaksne, så utgjer dei vaksne eit tap for Fjord1 på over 60.000 kr. Eg har ikkje noko imot ein gratistur. Men når selskapet brukar ein statistikk som eg veit er feil når dei går ut i media og seier at turistrutene i Sogn er uøkonomiske, då skulle eg gjerne betalt billetten min for å gjera statistikken litt meir sann!

Dette innlegget er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 9. mai 2009