Viser arkivet for stikkord sogn

”Politiet kom omsider også til staden”

For to veker sidan skjedde det altså igjen. Ei bilulukke med hardt skadde personar er alltid ei
tragedie, og det blir om mogleg endå verre når dei involverte berre er i starten av 20-åra.

Men i tillegg til den menneskelege tragedien, var denne ulukka òg eit skremmande bilete på
skilnadane mellom kva rettar ein har i by vs. bygd.

Kvelden før ulukka såg eg statsbudsjettdebatten på NRK1. Som medieutnemnd vinnar av
statsbudsjettet var sjølvsagt Arne Johannesen til staden, men han gav som vanleg uttrykk for
at han ikkje var nøgd. For sjølv om politiet hadde fått ei stor auke i sine bevillingar, peikte
han på at dette i all hovudsak kom det sentrale austlandsområdet til glede. For oss andre vil
framleis det å oppnå målet om to politimenn pr. 1000 innbyggjar måtte framstå som ein våt
draum.
Les meir…

Smørbrødliste til valkampen

Etter stortingsvalet i 2009 nytta eg spalteplass på å oppsummera valkampen, og då særleg kor lite spanande den hadde vore. Eg må innrømma at eg ikkje har den heilt store trua på at det kjem til å bli så fantastisk framføre dette valet heller. All erfaring tilseier at lokalvalkamp ikkje fengjer like mykje som eit stortingsval, og Indre Sogn er vel generelt heller ikkje den delen av Noreg som brukar å bringa valkampen til nye høgder.

I år tenkjer eg likevel å vera meir konstruktiv enn i 2009, og eg ynskjer å gje partia ei smørbrødliste over det veljarar eigentleg er interessert i. Alle parti har det same generelle vissvasset med store ord og visjonar i programma sine. Det gir likevel lite for ein person som ikkje frå før veit kva parti han skal røysta på at partia ”ynskjer å leggja til rette for X”, ”auka satsing på” og ”byggja opp under trygge oppvekstvilkår”. Samstundes håpar eg denne smørbrødlista kan fungera som ei hugseliste for dei som får den lokaldemokratiske anden over seg, og tek turen til ein passiv valkampstand for å grilla dei lokale partipampane mellom all vaffelsteikinga.
Les meir…

Verkelegheita i Sogn

For nokre veker sidan kunne me lesa i Sogn Avis noko som på ingen måte er uvanleg her i
strøket. Nok ein gong kunne det slåast fast at ”Politiet kom fram for seint”.

Frå før har me høyrt om alt frå butikkinnbrot til bilulukker der politiet kjem etter både
bydefolk og journalistar. Denne gongen var det eit slagsmål mellom åtte, ni, ti personar midt
i Sogndal sentrum, politiet ikkje rakk fram til. Fortvila tilskodarar hadde ringt naudsentralen,
men til tilsynelatande inga nytte. Det heile enda med at privatpersonar, som naturleg nok
ikkje innehar korkje politiet si faglege kompetanse eller trening, måtte gå inn og skilja dei
stridande. Heldigvis klarte dei det utan sjølv å bli lemlesta. Når politiet til slutt kom til staden,
25 minutt etter, var det heile over utan deira hjelp.

Det må vera fortvilande å vera politi i Sogn når det ikkje ein gong på onsdagar kan vera
folk på anna enn tilkallingsvakt etter klokka har passert 01.00. For dei som ikkje trakkar
ned uteplassane i Sogndal kan det jo informerast om at onsdag er ein vanleg ”utedag”, og at
skjenkinga stoggar 01.00. Når kongen av baren er på veg heim og skal visa at han òg meistrar
kunsten å slåss har altså politiet lagt seg.
Les meir…

Strid - det me likar aller best

Å sjå bølgjene slå inn over Stad er fascinerande, å stå på ski ned fjella i Sogn er moro, og mange finn nok glede å reisa til Førde på kjøpesentersafari. Men noko av det artigaste med å bu i Sogn og Fjordane er likevel den gode gamle fogderistriden. Alle gir uttrykk for at det er grunnen til at me stampar på staden kvil, men du verden så artig det er, og inst inne nyter me kvar disputt me kan koma borti!

Som regel er det sjukehusstrid det går i. Det er likevel ikkje fullt så spanande som det gode gamle fogderistriden. Det er det som innanfor smågutefotballen blir kalla feige lag. Det er alle mot Førde, og det blir ikkje like artig som når alle skyt mot alle, og aller helst frå hofta.

Det er difor godt ein og annan lokalavisredaktør eller NRK Sogn og Fjordane stundom tek ansvar, og bles i gong ein heidundrandes Sogn vs Sunnfjord vs Nordfjord-debatt. Og eit slikt lokalsamfunnsansvar var det seinast NRK Sogn og Fjordane som tok.

Det var sjølvsagt den gode gamle «kor mange flyplassar skal me ha her i fylket»-debatten som blei sett i gong. Debatten er ein kjenning, som i seg sjølv er nok til å laga lynsjestemning, og lausrivingstankar hjå ein kvar fjogning. Sterkare enn nokon stad elles kom dette fram på NRK sine heimesider.

NRK er eitt av dei få media der det framleis går an å kommentera artiklar utan å måtte registrera seg. Ein kan med andre ord kommentera anonymt, og terskelen er låg, særs låg! Slikt blir det sleivspark og rett frå levera-snakk ut av. Det tok ikkje lange stunda før det nærma seg 50 kommentarar under artikkelen, der majoriteten var angrep på andre.

I kommentarfelta kan me lesa om florøfolk som ville leggja ned dei fire småflyplassane til fordel for éin storflyplass, og den skulle sjølvsagt liggja i byen med liten b – Florø. Det blei i same ordelag sagt at Florø er det Bergen er for Hordaland og Ålesund er for Møre og Romsdal. Det er jo direkte humoristisk, særleg sett i lys av sin situasjon som stortingsbestemt by i utkanten av utkantfylket. Men som eg sjølv kommenterte, det er jo litt sjarmerande òg då, det er jo ofte slik at det er dei minste hundane som er hissigast og trur dei er størst.

Sjarmerande er òg forslaget om å berre behalda flyplassen i Førde og den i Florø, då det er dei to som har mest aktivitet og som ligg i dei største «byane». Eg har likevel ei bang aning om at dette eigentleg er ein sogning eller nordfjording som utgir seg for å vera noko anna for på den måten å framstille sunnfjordingane som hovelause. Men det er jo ein del av spelet, for når det kjem til fogderistid er det ikkje noko som heiter fair play, og alt er lov.

Dette må jo likevel vera gull verdt for kultureliten her i fylket. Eg blir ikkje overraksa om me om nokre år kan reisa til Eid og sjå Strid i tre akter på Opera Nordfjord. Det måtte jo vera den perfekte opera med både kjærleik, hat, svik og ikkje minst ein sterk lokal lidenskap for nettopp strid. Me kan jo drøyma!

Å ro i medvind når det bles imot

Georg Arnestad meinte i denne spalta sist laurdag at valet ikkje er spennande. No er det berre ei veke att, og for min eigen del, som bonde og utkantnordmann, så har valet nokre element av spenning. Ein ting er kven som skal representere Sogn og Fjordane i det nye Stortinget, ein anna ting er maktforholdet partia imellom når nytt Storting vert sett inn.

For valvindane bles, og alle partia meinar dei har vinden i ryggen. Og det har dei vel, det er ikkje vanskeleg å snu seg slik at vinden bles i ryggen. Og sjølvsagt snur dei seg, for det er ikkje godt å ha vinden mot andletet.

Men det er ikkje alle som kan kunsten å snu kappa etter vinden, sjølv om dei prøver. Ta til dømes Åge Starheim sine lovnader om å halde oppe lønsemda på gardane her i fylket, tvert imot sitt eige program. Når bløffen vart avslørt, skulda han på at han ikkje hadde fått god nok tid frå NRK til å fortelje kva han eigentleg meinte. Men når NRK stilte han spørsmål om korleis dette hang i hop på ei morgonsending nokre dagar seinare, med all verdas tid til å svare for seg, så sa han at det kunne no ikkje han svare på, det var opp til dei som til eikvar tid styrer. Dette var inga vellukka øving i å snu kappa etter vinden.

Det var heller ikkje særleg vellukka då Hedstrøm fortalde folk i Sogn og Fjordane at dersom Frp får regjeringsmakt etter valet, så skal dei instruere Fylkestinget i Sogn og Fjordane om å skrinlegge planane om Dalsfjordbrua. Dette fordi fylkestingsrepresentantane her i fjordafylket gjorde så dumme val på vegne av innbyggarane her at statleg overstyring etter Frp si meining er heilt naudsynt. Sjølvsagt var målet å vinne fleire stemmer i fjordafylket. Men det gir ikkje stort truverde for partiet å skulde dumskapen i Fylkestinget for at dei ynskjer å overkøyre regionale vedtak. For vi likar ikkje å høyre frå Oslo at dei som representerer fjordafylket på Fylkestinget er dumme. Og vi likar heller ikkje at ei eventuell Frp-dominert regjering vil overstyre dette fylket frå Oslo, på grunn av at dei oppfattar fjogningane som dumme. Dei seier dei skal vere forutsigbare, men dette utspelet viser at det einaste forutsigbare er at dei snur kappa etter vinden på heilt uforutsigbare måtar, i håp om å sanke fleire veljarar.

Partiet sine friarferder til kristenfolket er heller ikkje døme på vellukka øvingar i å snu kappa etter vinden. For etter landsmøtevedtaket om aktiv dødshjelp saman med partiet sitt abortsyn, skulle ein tru at konservative kristne ikkje ynskjer å stemme partiet inn til regjeringsposisjon.

Men valvindane bles frå alle kantar, både med og mot. Då er det vanskeleg å ro også. Og politikarane ror det dei er gode for siste veka før valet, og prøver ta inn att litt av feilgrepa dei har vore avslørde på. Men det vert ikkje lettare å ro i motvind, sjølv om ein lurer seg sjølv til å tru at ein har medvind.

Eg var på tur til Førde saman med eit av borna mine ein dag denne veka. Då vi køyrde langs Jølstra på Vassenden, gjorde eg barnet merksam på den store vassføringa. – Sjå kor mykje vatn det er i elva! Då kom det turt frå baksetet: – Ja, men når eg let att augo så ser eg mykje meir vatn i elva enn det var når eg såg på elva før eg let att augo! Er det på same måten politikarane ser på straumen av veljarar i si eiga elv, som strøymer mot vallokala? Uansett kva politisk farge det er på den elva du høyrer til, så håpar eg elva fører mot vallokalet om ei veke. Godt val!

Dette innlegget var trykt som Innhogg i Sogn avis laurdag 5. september. Desverre med nokre feil som desken i Sogn avis har påført innlegget mitt. :-)