Viser arkivet for september, 2016

Bustadprisane

Dei siste tolv månadene auka bustadprisane i Sogn og Fjordane med 9,5 prosent. Berre i det sentrale austlandsområdet var prisveksten større. I Oslo var årsveksten heile 16,3 prosent. Truleg var den like stor i Sogndal. Og endå større i Sogndal sentrum, der mindre leilegheiter no nærmar seg ein kvadratmeterpris på 70.000 kroner. I det kommande prosjektet Hovsmarki Aust valde utbyggjarane den uvanlege praksisen å selje toppleilegheita gjennom ei bodrunde. Prisen vart 6,75 mill. kroner. For 110 kvadratmeter. Trøysta er at utbyggjaren truleg hadde rekna med endå høgare pris.

Det er noko nytt at fylket vårt ligg i landstoppen for vekst i bustadprisar. God etterspørsel etter og relativt høg omsetning av bustader er normalt eit teikn på vekst og velstand. Men i Sogndal sentrum har det utvikla seg eit sterkt misforhold mellom etterspørsel og tilbod av bustader. Trass i at det har vorte bygt ei rekkje nye leilegheiter i sentrum siste åra, har tilbodet på langt nær halde tritt med den veksande etterspørselen. Alle vil bu sentralt og sjå både fjorden, meieripipa og kyrkjetårnet. Resultatet vert deretter: bustadprisane eksploderer.

Men folk har god råd, lånte pengar til låg rente, og renteutgiftene kan trekkjast frå inntekta. Bustadskatten er liten og framtidsutsiktene gode; ikkje minst i Sogndal. Bustadmangel er det heller ikkje. Tvert om. Det er god tilgang på rimelegare bustader berre få kilometer frå sentrum. Det vert likevel innvendt at priseksplosjonen i Sogndal sentrum er skremmande, og at det bør setjast i verk lokale tiltak for å dempe prisveksten.

På kort sikt kan kommunen gjere lite. Men politikarane kan i det minste tydeleg garantere at prosessen med bustadregulering og byggesaksbehandling skal forenklast, og at meir sentrumsnær jord skal omregulerast til bustadformål. Sp i Sogndal sa nei til dette i 1979. I dag profitterer eigedomsutviklarane stort på det. Sogndal kommune kan også innføre auka satsar for eigedomsskatt på leilegheiter i sentrum. Og kanskje etablere eit kommunalt tomteselskap.

Men saka står langt nede på dagsorden til lokalpolitikarane. Rimeleg nok, dei har jo så mykje anna å stri med. Ordførarane i Leikanger og Luster gnir seg, naturleg nok, i hendene jo høgare bustadprisane vert i Sogndalsfjørao. Samanlikna med andre tettstader i fylket har også Sogndal lite tilgjengeleg areal. Det er berre innflyttarar som meg som ikkje forstår kvifor hagane langs Fossvegen i det ekstreme sentrum har overlevd så lenge. Eg minner òg om at den nedlagde campingplassen på Hagelin har høg alternativ bruks- og bytteverdi. Set i gang.

Har vi så ei lokal bustadboble i Sogndal? Som vil sprekke når styresmaktene no etter kvart strammar inn på kreditten, slik Finanstilsynet og mange ekspertar ber om? Eg veit ikkje. Men prisnivået har vorte urovekkjande høgt.

Auka bustadprisar i vårt fylke er eit klart uttrykk for at også folk midt i Sp-land vil bu sentralt. Nesten same kva det kostar. Dei stemmer annleis med føtene enn med røystesetelen. Den indre sentraliseringa i kommunane er svært sterk i fylket, slik det vert reflektert i høge bustadprisar i dei store kommunesentra. Mest ekstreme er altså utslaga i Sogndal.

Men kanskje roar det seg litt no? Det er meldt om laber interesse for og få bod på ei leilegheit som vart lagt ut for sal i Hovsmarki denne veka. Dvergsdal og Sunde Bygg, med store prosjekt i Sogndal, presenterte nettopp (?) blodraude rekneskapstal for 2015. Det går ikkje på skinner lenger.

Bustadmarknaden i Sogndal treng ein korreksjon. Det er grunn til helse den velkomen.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 10. september 2016.
Twitter: @georgar