Viser arkivet for august, 2016

Dei frivillige

Utan innsatsen frå mange tusen frivillige kvinner og menn, unge og gamle, hadde den norske sommaren vorte dørgjande kjedeleg. Utan frivillig innsats kunne ein knapt skipe til ein einaste musikkfestival i det langstrekte landet vårt. Fotballturneringane ville hatt skyhøge deltakaravgifter. Sommarleirane hadde vore berre for eliteborna.

Utan frivillig innsats hadde det heller aldri vorte nokon Landsfestival for gamaldansmusikk i Gaupne sist veke. I folkemusikkmiljøa i Noreg er det forresten framleis dei som tykkjer at vi godt kunne ha klart oss utan akkurat denne, no 30 år gamle, festivalen. Vi andre gler oss med og gratulerer Jostedal spel- og dansarlag, som i lag med Gamlebanken Spelemannslag hadde ansvaret for jubileumsfestivalen. Saman med 500 frivillige og engasjerte lustringar. Utan desse, ingen festival.

Sterk frivillig innsats, særleg i idretts- og kulturlivet, er ikkje noko spesielt ved bygdene våre. Det er eit nasjonalt fenomen. Korkje oljerikdomen eller arbeidsinnvandringa har teke knekken på den norske «frivilligheten». Seks av ti nordmenn deltek i frivillig arbeid i løpet av eit år. Gjennomsnittet er 14-15 timars arbeid i månaden. Talet på «kjernefrivillige», dei som yter ein frivillig arbeidsinnsats på 25 timar per månad, aukar litt. Grunnfjellet i frivillig sektor står støtt, konkluderer forskarane. Og SSB har rekna ut at sektoren i 2013 bidrog med verdiar tilsvarande 128 mrd. kroner, utført gjennom meir enn 223.000 årsverk. Året rundt. 139.000 av årsverka var ulønna arbeid.

Idretten står i særstilling i frivillig sektor. 40 pst. av dei som utfører frivillig arbeid, gjer det for ein idrettsorganisasjon. Nivået er stabilt. Velforeiningar, ulike hobbyorganisasjonar og kunst-/kulturorganisasjonar tiltrekkjer seg mellom 20-30 prosent. Betydeleg færre no enn tidlegare er medlemmer av den organisasjonen dei utfører frivillig arbeid for. Samstundes aukar talet på organisasjonar ein utfører ein frivillig innsats for.

Kven er så dei frivillige? Menn deltek meir enn kvinner. Aldersgruppa 35-50 år skil seg klart ut. Her finn vi småbarnsforeldra, som utfører frivillig arbeid, lett tvangsbasert dugnadsarbeid om du vil, for ungane sine. Og, som med andre forhold i samfunnet, personar med høg inntekt og utdanning, og gifte, er også mest aktive i frivillig arbeid. Dei sosiale skilnadene i frivillig arbeid er, uventa kanskje, markert størst innanfor idretten. Og livsfasane våre avgjer omfanget og arten av frivillig arbeid vi engasjerer oss i.

Med grunnlag i mange års omfattande statsfinansiert forsking har vi har i dag betydelege kunnskapar om den norske frivilligheiten på eit nasjonalt nivå. Derimot har vi omtrent ingen studiar av korleis dette ytrar seg i lokalsamfunnet. I det hierarkiske Noreg er ikkje lokalsamfunnet statens ansvar. I takt med dette skal kommunane no også overta ansvaret for dei statleg etablerte frivilligheitsentralane.

Den frivillige innsatsen er tvingande nødvendig for å halde oppe og utvikle lokale velferdsgode, sosial infrastruktur og næringsretta verksemd i idrett og kultur. Dette artar seg sjølvsagt ulikt i ulike lokalsamfunn. Men om det frivillige arbeidet vert borte, fell botnen ut av lokalsamfunnet. Omfattande og stimulerande frivillig arbeid er på andre sida eit velstandsteikn.

Eg har så vidt byrja å samle litt data om frivillig arbeid knytt til fotballen og fjellsporten i mitt eige lokalsamfunn. Eg møter velvilje og har tenkt å gå vidare med arbeidet. Kanskje også hente inn materiale frå Førde. Frivilligheten ytrar seg nok ulikt i dei to tettstadene. Utan omfattande frivillig arbeid fell grunnlaget vekk for toppfotballen i Sogndal. Og Fjellsportfestivalen og Folkemusikkfestivalen må, i tilfelle, begge avvikle. Men kva er forresten drivkrafta bak den frivillige innsatsen i fotballen, i festivalane og på ei rekkje andre område i Sogndal og Førde?

Arbeidet med prosjektet bør sjølvsagt skje ved frivillig (eigen)arbeid, supplert med noko velvilje frå arbeidsgivar. Kor langt det rekk, vil tida vise. Men det er eit spennande felt å gripe fatt i.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 13. august 2016.
Twitter: @georgar