Viser arkivet for mars, 2016

Eigedomsskatten

Som økonom tykkjer eg eigedomsskatt er ei god og tenleg skatteform. Vi burde snarast få ein statleg eigedomskatt i Noreg. Skatten er enkel å administrere. Det er få mulegheiter til å vri seg unna skattlegging av eigedom. I Noreg er dessutan ein altfor stor del av kapitalen bunden opp i bustader og fast eigedom. Det er lite innovativt for samfunnet. Ein eigedomsskatt med eit godt botnfrådrag er elles ein sosialt rettferdig skatt. Det økonomtunge Scheel-utvalet foreslo då også i 2014 innføring av ein statleg eigedomsskatt, kombinert med reduksjonar i inntektsskatten og lågare selskapsskatt.

Den kommunale eigedomsskatten er ein upopulær skatt, sjølv om fire av fem kommunar har innført skatten. Han har berre eitt formål: å skaffe nødvendige inntekter til å dekkje kommunens veksande utgifter. Eigedomsskatten er alltid tema i kommunevalkampen, og både takstgrunnlag og skattesats skaper bråk i kommunane.

Alle sogningar har fått med seg den intense bruduljen om eigedomsskatten i Sogndal siste 14 dagane. Illsinte bønder har eggja til kamp mot kommunen. Bøndene fann seg ikkje i den sterke auken i skattetaksten på vånings- og fritidshusa på garden. Dei meinte òg at prosessen med fastsetjing av takst var både knapp, uheldig og dårleg. Til slutt tvinga dei kommunen til å vere med å lage til eit folkemøte onsdag denne veka. Her bar relativt saklege, men bitre, bønder fram klagemåla sine overfor dei «skuldige»; ordførar Aarvoll og rådmann Aanestad. Og takseringsfirmaet Verditakst AS.

Dette skjer berre fire månader etter at same ordførar og rådmann stod skulerett for oppgjevne og arge innbyggjarar i ei anna kaotisk sak; nemleg Sogndalspakken og miljøloket. Også den gongen måtte dei to herrane krype til korset. Slikt går på tilliten laus. På det oppheta folkemøtet om eigedomsskatten onsdag var det jubel og klapping då éin av dei unge bøndene frå Nornes hengde bjølla på den rette katten, nemleg ordførar Aarvoll. Hans tredje ordførarperiode har fått ein tung start.

Sogndal har ein viljesterk og dyktig rådmann. Det har eg skrive før. Politisk lydhøyr er han likevel ikkje. Og han er ingen angrande syndar. Han la fram og forsvarte si innstilling til formannskapet slik den politisk oppnemnde Takstnemnda, leia av Odd Urdal Bjelle, Ap, hadde rådd til. Her låg det faktisk inne ein betydeleg reduksjon (40 pst.) av den takstverdien på våningshus Verditakst AS hadde kome fram til. Det var lite snakk om dette på folkemøtet.

Eg vel å tru at den politiske ringreven Urdal Bjelle har kviskra sin gode partikamerat Jarle Aarvoll nokre ord om kva som var i emning, korleis bøndene hadde reagert på det oslobaserte takseringsfirmaet, og peikt på at det var sett av altfor lita tid til arbeidet til Takstnemnda. Men Aarvoll heldt seg passiv. Sjølv sa han dette til Sogn Avis (TV) 9. mars: «Det er måten ein handterer krevjande saker på, som viser kva ein står for». Godt sagt; av ein som ikkje gjorde noko som helst.

Formannskapet i Sogndal torsdag denne veka hadde knapt noko val. Det opphissa og utfordrande bondemøtet i Blaoboxen kunne berre få eitt utfall. Og dei mange vitnemåla, reportasjane og leiarartiklane i Sogn Avis, vårt Vox Popilu, om «horrible» takstverdiar og skatteauke, har ikkje gjeve rom for tvil. Takstgrunnlaget måtte endrast. Alle (?) takstar må ned. Formannskapet spelte derfor ballen tilbake til Odd Urdal Bjelle og Takstnemnda. Og Bjelle veit kva han har å gjere. Men nokon kunne ha sagt det til han før.

For mange er Verditakst AS og rådmannen «skurkane» i denne forteljinga. Mens skatteplaga bønder er «heltane.» Det er altfor enkelt. Alle har sine roller. Og all harme er ikkje like godt underbygd. Bønder i Dalen og næringsdrivande på Kaupanger skal også betale sin rettmessige eigedomsskatt. For meg er bondeskattestriden i Sogndal 2016 nok eit argument for innføring av ein sentral statleg eigedomsskatt i Noreg.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 19. mars 2016.
Twitter: @georgar