Viser arkivet for januar, 2016

Tid for sivil ulydnad?

I fjor ein gong skreiv eg meg på ei liste til støtte for dei som arbeider for å verne Førdefjorden mot øydeleggjing i byte mot å tene pengar ei kort stund. Eg skreiv meg på lista mest for å halde meg orientert om saka. Denne veka fekk eg ein e-post med orientering: Nordic Mining skal i februar starte nye prøveboringar i Engebøfjellet. Og etter orienteringa får eg ei oppmoding: Bli med på aksjonar, skriv aksjonsgruppa, organisert av Natur og Ungdom.

Eg kjenner litt til organisasjonen Natur og Ungdom frå tida mi som lokallagsleiar i Bondelaget. Ved fleire høve fekk eg lytte til nokre av organisasjonen sine dyktige og dedikerte representantar på Bondelaget sine leiarsamlingar i Sogn og Fjordane. Eg hugsar eg alltid var imponert over desse ressurssterke, unge folka. Og glad for samarbeidet dei søkte med bondenæringa, og for at Bondelaget inviterte dei inn til sine viktige samlingar.

Og no får eg altså ein e-post underteikna av Natur og Ungdom. Om ei viktig sak. Og dei vil helst ha dei 2000 som har skrive seg på aksjonslista med på aksjonar. «Alle aksjonar vil bli på eige ansvar og rekning», presiserar dei. «Håpar vi ser deg i Vevring!» Og eg veit det er ei viktig sak. Men sivil ulydnad, er det det dei snakkar om? tenkte eg.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 30.1.2016. Du kan lese heile Innhogget her!

Vestlandshøgskulen

Torsdag om ei og ei halv veke skal styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane seie ja eller nei til å vere med å greie ut ein mogleg Vestlandshøgskule, dvs. ein fusjon mellom HiSF, Høgskolen i Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund. Eg vonar styret vårt svarar klart ja til dette. Eg er ikkje aleine om det.

Struktursaka har dominert dagsorden ved høgskulen i snart to år. Det førre styret vedtok samrøystes, og utan ei føregåande utgreiing, at HiSF skulla halde fram som sjølvstendig institusjon. Deretter fekk vi ein kamp mellom det gjenstridige HiSF-styret og den fusjonskåte statsråd Røe Isaksen. Styret gjekk motstrevande med på å opne for ein tettare integrasjon på Vestlandet, men dette alternativet var berre ”aktuelt dersom UiB er med frå starten.”

Styret ved HiSF fekk tilsynelatande full støtte i heile fylket i kampen mot (den blå-blå) staten for å halde oppe HiSF som ein sjølvstendig institusjon. Knapt nokon har mælt imot. Avisene har vore fulle av støtteerklæringar frå politikarar, kommunar, organisasjonar, autoritetar av alle slag. Sogn Avis vart snøgt ein storspalta herold for den brage styreleiaren Heidi Kathrin Osland. Heile fylket stod på sjølvstendelinja. I alle fall om vi skulle tru på media.

Det skal vi sjølvsagt ikkje. For det har vore nok av skeptikarar heile tida. Langt frå alle i dette fylket meiner at vi best klarar oss aleine når det skjer store endringar kring oss. Men mange har late seg blinde av alle innlegga i lokale media, også frå HiSF-tilsette, som har støtta opp om sjølvstendelinja. Vi har knapt sett eit einaste avisinnlegg eller høyrt ei røyst i lokalradioen som har teke til orde for at vi i det minste burde greie ut kva som var best, fusjon eller sjølvstende. Kvifor ikkje? Kvar har sunnfjordspolitikarane vore? Firda? Eller NRK Sogn og Fjordane, som alltid leitar etter konfliktar?

Også i høgskulestriden har kjeldene bydd opp til dans. Det veit lokalmedia. Høgskulemiljøa i Førde ønskte seg fusjon frå dag 1. Det var allment kjent. Og ei rekkje maktpersonar i fylket var skeptiske til nok ein ”aleinegang” her i fylket. Jan Øhlkers har mange meiningsfeller. Men i denne saka har dei vore tause. I staden vart lokalmedia aksjonistar for eit einstemmig og einsretta høgskulestyre som standhaftig og sjølvmedvite stod på ei kompromisslaus sjølvstendelinje, utan noka utgreiing i forkant. Ikkje éi einaste motrøyst melde seg i media før den Oslo-busette sogndølen Tord Dale kom på bana no i januar, halvtanna år sidan saka starta. Og Dale fekk med éin gong, ikkje uventa, stempla innlegget sitt som ”einsidig og fordomsfullt” av høgskulehistorikar Yttri. Vi kan ingenting lære av historia.

Den tilsynelatande semja i høgskulesaka har vore mest tydeleg i Sogndal. Her er det i ferd med å verte lågt under taket. Dei siste åra har vore prega av idyll, suksess, semje og heltedyrking i regionsenteret. Alle skal vere med på laget. I det suksessrike campusmiljøet må alle stå opp for den vesle høgskulen som kjempar mot overmakta. Viss ikkje, tek vi deg. Tord Dale fekk merke det på Facebook.

Ved HiSF kom det i haust nytt styre og ny rektor. Brått vart alt meir ope og uvisst. No, eit år på etterskot, er det laga utgreiingar. På heimesida til HiSF kan alle sjå kva som vert tenkt av fagmiljø og enkeltpersonar kring fusjon eller ikkje. Og som dei fleste av oss har visst heile tida: det dreier seg om tvil og tru, ikkje om liv eller død, ikkje om det kvite eller svarte, men om sjatteringar i grått. Det vert teikna mange scenario for ein fusjon og mange for ein sjølvstendig institusjon. Valet er ikkje ”beinkløyvd.”

HiSF-styret kjem, trur eg, til å gå inn for å vere med å greie ut ein fusjonert Vestlandshøgskule. Då kan lokalmedia, med heroldredaktør Fardal i spissen, ta ein tenkepause og gå i seg sjølve.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 23. januar 2016.
(I nettversjonen er det gjort nokre små endringar i første, sjette og siste avsnitt av teksten)

Twitter: @georgar

Framleis godt år!

EG SKAL VERE ÆRLEG: 2015 var ikkje mitt beste år. Heldigvis er det mange som har bidrege til at det ikkje blei så ille likevel. Nokre av dei har betalt for det. Men dei fleste som har bidrege positivt er venner. Eg set pris på dei profesjonelle, men endå meir på venene mine. I dagane mellom jul og nyttår møtte eg ein av dei, Rune Olstad, over ein kopp kaffi på ein av kaféane på eit kjøpesenter i Sogndal. Eg blei godt kjent med Rune for nokre år sidan, då han arbeidde i Bokbyen og budde ein vinter i Fjærland. Kaffikoppen på eit kjøpesenter i Sogndal blei til to, og medan vi prata blei barna våre venner over ein mobil med Mine Craft på. For dei som ikkje er unge nok til å vite det er Mine Craft eit dataspel frå 1980-talet som framleis er så populært at barna ynskjer seg Mine Craft-lego til jul. Og så er Mine Craft eit spel Barnevakten tilrår til barn pga læringseffektane spelet gir, og som ei motvekt til spel som foreldre let øydeleggje barna sine.

Du kan lese heile innhogget på mannmedgreip.wordpress.com/

Godt nytt år!

Les gjerne også: To ulike menneskesyn som stod på trykk i Vårt Land i romjula.

Gi dei du møter ei ROSE i 2016!

Eg gjer gjerne Rune Olstad sine ord til mine. Les heile diktet her:

På årets siste dag

skal ein vel
tenkje tilbake
og ikkje minst

love gull og
grøne skogar
for året som kjem

Eg var her
i 2015
på godt og vondt

Takk til alle dykk
som var med meg

Mange nye mennesker
fekk eg gleden
av å møte

dette gjer
at eg føler meg
enno rikare

Ingenting
kan overgå
gleda av å vere saman

Neste år
ynskjer eg å
synge enno meir
lese enno meir
elske enno meir

Ja, rett og slett
leve enno meir.

GODT NYTT ÅR

Rune Olstad