Viser arkivet for september, 2015

Robotane kjem

Valnatta var ikkje gamal før eg sende gode helsingar på fjesboka til valvinnarane i regionen vår: den unge opposisjonspolitikaren Aleksander Øren Heen i Årdal og Noregs mest populære ordførar, Ivar Kvalen i Luster. Med ein framgang for begge på 25 prosentpoeng samanlikna med 2011-valet, vart det to historiske brakval for Senterpartiet. I Luster blei turbo-Arne (Johannessen), Ap, sett ettertrykkeleg på plass. Og i Årdal fekk monopol-Ap ein smerteleg smekk over alle fingrane. Ei stor skam då, at den klønete og heilt urøynde MDG-politikaren Sandra Opheim, valde å late taparen Ap få halde fram med einevaldsmakta.

Sp gjorde også eit svært godt fylkestingsval. Meir enn nokon gong står Sogn og Fjordane fram som Sp-landet som vil gå sine eigne vegar. Valresultatet vert tolka som eit tydeleg nei til sentralisering, av kommunar, politikammer, høgskular, skattekontor. ” Ein klar protest mot den blåblå regjeringa sine sentraliseringsprosjekt”, skreiv lokalavisa. Alle dei borgarlege partia gjekk tilbake, Høgre aller mest.

Kva skal så Sp bruke den nyvunne makta si til? Det hjelper lite å setje seg på bakbeina og seie nei, nei, nei til alle strukturendringar. Det hjelper lite å utsetje alle vonde vedtak i von om at ei Ap-regjering frå hausten 2017 vil styrkje fylkeskommunens økonomi og reversere reformene. Arbeidsløysa stig snøgt, innvandringa eskalerer, oljeinntektene minkar, forsvarsbudsjettet skal vekse osv. Den tradisjonelle distriktspolitikkens tid er forbi. Det vert lite pengar att til slikt. Staten må prioritere andre formål. Sentraliseringa av og i distrikta og regionane vil halde fram, uansett regjering. Og Sp med sine 33,2 pst. i Sogn og Fjordane er ikkje noko fleirtalsparti i Noreg. I Akershus fekk dei 3,9 pst., i Oslo 0,6. Oslo Sp treng ein Aleksander.

Moderne infrastruktur er den nye distriktspolitikken: vegar, bruer, tunnelar, tog, breiband, kunnskaps- og innovasjonssentra. Den nye vestlandsbonden må drive meir kulturlandskapspleie. Industrien i distrikts-Noreg står framfor ytterlegare rasjonalisering. Det gjer også viktige delar av både privat og offentleg tenesteyting. Robotar med kunstig intelligens vil overta fleire og fleire arbeidsoppgåver. I Amerika snakkar dei alt no om ”a jobless future” med intelligente robotar.

Industrirobotar vert i dag blant anna utvikla på Campus i Sogndal. Men robotar overtek i veksande grad også ikkje-automatisert og mindre strukturert arbeid. Det gjeld t.d. i varehandelen, den neste bransjen som vert robotisert. Servicearbeid som bank, rekneskap, omsorgsarbeid kan følgje etter. Robotar utfører operasjonar på sjukehus og styrer førarlause bilar. Dei konkurrerer ut erfarne flypilotar. Nokre teknologiforskarar trur at jobbar og heile bransjar kan forsvinne heilt. Men sidan den industrielle revolusjonen har menneske vorte erstatta med maskiner; snart 200 års velstandsutvikling kviler på dette. Ifølgje forskarar har dette likevel aldri skjedd i same fart og i like stort omfang som no.

Enkelte trur at ”robotrevolusjonen” kan bere i seg kimen til menneskets undergang. Andre peikar på at teknologien historisk har representert store framsteg. Men i motsetning til tidlegare teknologirevolusjonar, fører dagens robotisering ikkje til nye jobbar som erstatning for dei som forsvinn. Robotane vert dessutan stadig billigare. Opp mot 50 pst. av arbeidet vårt kan bli erstatta av robotar dei neste 20 åra, vert det hevda. Det råkar også middelklassen.

Her inne i fjorden er vi ofte oss sjølve nok. Men teknologibedrifta Rocketfarm AS på Campus auka omsetninga frå 7,2 til 10,3 mill. kroner i fjor. Og i år har det losna for vesle nLink, også på Campus, som produserer robotar. Dei er i fronten, i ein avansert teknologisk framtidsbransje.

Politikkens oppgåve er å leggje til rette for innovasjonssentra som det ein har fått til på Campus. Men utan sentralisering av kunnskap, kapital og menneskelege ressursar på regionalt nivå er det vanskeleg å utvikle denne type innovative miljø. Så pass ”robotisert” bør regionalpolitikken vere. Sp eller ikkje.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 26. september 2015.
Twitter: @georgar

Ta barna på alvor!

Som forelder må du alltid ta barna på alvor. Det er ikkje alltid at samfunnet rundt deg tek kampen for barna dine. I tronge kommunebudsjett kan det ofte sjå ut som pengar er viktigare enn barn. Slik kan det vere for pressa kommunepolitikarar. Slik er det ikkje for meg som far. Eg har ei plikt til å ta barna mine på alvor, sjølv om det skulle gå ut over både økonomi og rykte. Barna må alltid komme først.

- Barn har ingen rettar når skulen blir nedlagd! er tittelen på ein god kronikk publisert på nettsida til NRK Sogn og Fjordane, signert Gunn Linde. Ho skriv at «lovverket vi trudde skulle verne ungane våre inneheld omgrep som forsvarleg, tilstrekkeleg, nødvendig, akseptabelt, rimeleg, godt nok. Dette gir kommunane den heile og totale definisjonsmakta,» skriv ho. Barna blir ikkje høyrt når skulen blir lagt ned. Ikkje foreldra heller. Om Balestrand kommune meinar at ein time på buss for ein seksåring er «akseptabelt» – så er det innanfor lova. Fordi kommunen har definert det som «godt nok». Om så foreldra har ein anna definisjon, fordi dei tek barna sine på alvor, og sender klage til Fylkesmannen, så får dei ikkje medhald. Fylkesmannen legg til grunn kommunen sin definisjon om kva som er «forsvarleg» og «godt nok».

Les resten av teksten her: Ta barna på alvor!
Teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 5.9.2015

Blogg: https://mannmedgreip.wordpress.com/