Viser arkivet for august, 2015

Kva er eit kulturhus verdt?

«Eit kulturhus kostar 40 mill. og ein ordførar.» Det var den legendariske Sp-politikaren Per N. Hagen som sa dette då han vart kasta som ordførar i Tynset i 1989. Året før hadde han fått realisert eit flunkande flott kulturhus til heile 40 mill. kroner i den vakre, men sparsommelege, fjellbygda i Nord-Østerdalen.

Orda rann meg i hu då eg sist fredag var i Stjørdal for å delta i feiringa av det nye Kimen kulturhus. Prislappen her var ikkje 40, men 717 mill. kroner. Eg var invitert av Sp-ordførar Ivar Vigdenes, sjølvaste banemannen til Liv Signe. Han ville la meg få sjå eit hus eg mange gonger i skrift og tale hadde gitt uttrykk for var for dyrt og storslått.

Då Sogndal kulturhus opna i 1991, var det for ei snever og handplukka forsamling på 300 menneske. I Stjørdal var 8.000 til stades under den høgtidelege opninga, som kronprins Haakon stod for i strålande seinsommarvêr. Men Sp-ordførar Vigdenes heldt den beste talen. Etterpå var det konsertar av høg kvalitet i alle salar. Billettprisen var overkomeleg: 40 kroner. Så var det nattsæte for meir enn 700 inviterte gjester. Kulturhuset i Stjørdal skulle vere folkets hus frå første dag.

Huset har vorte bore fram av ein mangeårig borgarleg koalisjon med Sp-ordførar Johan Arnt Elverum (1999-2013) i spissen. Ap har vore sterkt i mot, heile tida. I kommunen har striden vore hard og frontane steile. Kulturhusprosjektet, på folkemunne kalla ”Arnts Minde”, kosta ordføraren eit alvorleg hjarteinfarkt. Då kom Vigdenes heim frå Oslo og tok over. Det har han gjort med glans. Men i haust taper han truleg ordførarstolen.

I Kimen har heile det breie kulturlivet fått plass. Huset er fylt opp av kultur. Tre kultursalar, tre eigne kinosalar; drifta av Trondheim kino, pluss eit stort og luftig kyrkjeleg rom. Biskopen i Nidaros heldt tale under nattsætet. Det vakre biblioteket over to etasjar er hjartet i huset, med resepsjonen rett innanfor hovudinngangen. Kvifor ein ikkje kunne gjere det slik i vårt heimlege kulturhus, er meg heilt ubegripeleg.

Kulturskulen er her med spesiallaga øvingsrom for musikk og dans, ein stor ungdomsklubb med plass for all ungdom, eit galleri, eit lite «vitensenter» , pluss ein privat danseskule, kommunens kulturadministrasjon saman med kontor for kyrkje og sokneråd. Næringslivet har finansiert delar av huset. Nabokommunane i nord er sterkt misunnelege på veksande Stjørdal. Den visjonssterke Sp-ordføraren vil no utvikle småbyen i endå meir urban retning og byggje høghus i 30 etasjar. ”Solkongen,” skreiv VG.

For meg var det rørande å gratulere gamleordføraren med det nye huset. Eg har til tider harselert med 700 millionarsprosjektet hans. No var det gløymt. Og nyeordførar Vigdenes kom med gode ord og ei utstrekt hand til dei mange motstandarane. Det var tid for godord om eit mønsterhus i tråd med Kulturutredningen til Anne Enger, ein gong Sp-dronning. Om kommunens meirutlegg til årlege driftskostnader vert (berre) 11 millionar, gjenstår å sjå. Dei vert truleg større. Men kapitalkostnadene har ein kontroll med, så lenge renta er låg.

Under opningshøgtida i Stjørdal tenkte eg tilbake til den flaue politiske prosessen kring utvidinga av kulturhuset i Sogndal i 2011. Politikarane, med ein fåmælt og absolutt visjonsfri Ap-ordførar Jarle Aarvoll i spissen, la kr 300.000 i potten. Resultatet vart nok ein kinosal, ein slags blaoboks, Sogndal Brann og Redning, og norskundervisning, pluss heile Nav. Lokala på toppen som var ueigna for andre, fekk kulturskulen leige. Det enkle bibliotekgrepet tenkte ingen på. Skammeleg.

Reis no til Stjørdal og la dykk inspirere. Få Sp-ordførar Vigdenes hit til ein kulturell pep-talk. Snart må det verte kulturens tid i fotballbygda. Sp-arar i Trøndelag og Hedmark utset seg for hjarteinfarkt og tap av ordførarstol for kulturens skuld. Men dei politiske makthavarane i Sogndal, Sp og Ap, tek null kulturhusrisiko. Dei berre gjer det dei vert fortalt. For det er slik veljarane vil ha det.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 29. august 2015.
Twitter: @georgar

Kvinnesyn og biedød

Når eg set meg ned og skal skriva Innhogg til Sogn Avis nokre timar før fristen går ut er det ikkje alltid det er klart for meg kva eg skal skriva. Det er ikkje alltid eg har tid eller overskot heller. Tema, tid eller overskot er ikkje noko eg eigentleg skulle diskutere med bloggen sine lesarar. Denne gongen hadde eg eit tema. Og så kom det eitt til. Og endå eitt. Det er eit luksusproblem. Tid og overskot blei det likevel ikkje. Men skrivelysta kjem oftast av seg sjølv når eg først er i gong.

Tema ein. Og dette temaet gir grunn til uro: At så mange kvinner og unge jenter opplever valdtekt eller seksuell trakassering. Det var dette eg tenkte å skrive eit heilt innhogg om. Men det blir for trist…

Tema to. Fadderbarn.

Tema tre. At raudt kjøt ikkje er klimaversting, slik debatten i sommar prøver å framstille det.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 8. august 2015. Du kan lese heile teksten her!

Skjebnetid for MiSF

Den største kulturpolitiske reforma i Noreg noko sinne vart gjennomført av ein avdelingsdirektør i Kulturdepartementet frå 2000 til 2009. Stein Sægrov heiter mannen som med hard byråkrathand, litt pengar og jærsk staheit reduserte talet på museumseiningar i Noreg frå 7-800 til 67 i løpet av nokre år. Kvifor har ikkje statsråd Sanner teke med seg denne Sægrov på kommunelaget sitt?

I 2009 vart alle musea i fylket vårt, inklusive det alt internt konsoliderte Kunstmuseet, slått saman i éi eining med namnet ”Musea i Sogn og Fjordane”, forkorta MiSF. ”MiSFoster” har vittige sjeler sagt. I alle andre fylke er det i dag to eller fleire museumseiningar. I Møre og Romsdal har dei fem.

MiSF fekk ein tung start. Nordfjord folkemuseum ville absolutt ikkje vere med i det nye museet, men vart tvinga inn. Mange ønskte og trudde at Aage Engesæter ved De Heibergske Samlinger, det største og fagleg klart best utvikla museet i fylket, skulle verte direktør for nyskapinga MiSF. Såleis gjekk det ikkje. Nordfjordingane og sunnfjordingane ville det annleis, og tok diskutable verkemiddel i bruk. Derfor vart den fargelause museumsbyråkraten Anne Marie Førde frå Romsdal tilsett i direktørstillinga, med 4 mot 3 røyster. Museumsfolket i Sogn kom aldri over dette, og har gong etter gong, med lokalavisa som forkjempar, invitert til omkamp. Utan effekt. Styret, no under myndig leiing av Harry Mowatt, er, etter det eg skjønar, godt sameint, og lèt fortid vere fortid.

Konsolideringa har gått seint i MiSF. Det erkjenner også styret. Ein har slite med få til fellesfunksjonane. Ei eiga nettside kom til dømes på plass først i vår, snart seks år etter konsolideringa. Bygging av felles identitet har det vore lite av. Kunstmuseet, med sitt nybygg, har klart seg best i MiSF, men dette museet vart konsolidert av Lidvin Osland alt på 90-talet.

Kva for faglege resultat har kome ut av MiSF? Besøkstala har gått nedover, og ingen av enkeltmusea har klart å prege dagsorden eller den nasjonale museumsarena, med gode utstillingar, forsking eller fornying. No set ein si lit til det nye reiselivsmuseet. Også her har sogningane klart å rote det til mot eit samla styre. Eg ser òg at nokon trur dei skal tene pengar på reiselivsmuseet. Alvorleg talt?

Dei fleste meiner at direktør Førde korkje har evna eller hatt mynde og kraft til å byggje den felles organisasjonen MiSF treng. Ho er byråkrat og sakshandsamar. Utetter har direktøren vore usynleg. Styreleiaren har fronta museet. For alle organisasjonar er det eit dårleg teikn når berre styreleiaren er synleg utetter. Korkje styret eller direktørstaben på Sandane har fått grep om dei utviklingsprosessane som har vore naudsynte.

Erfaringane med seks MiSF-år er ikkje særs gode. Omkjemparane ber noko av skulda. Det skal no tilsetjast ny direktør. Prosessen har ikkje kome i gang. Det har også gått seint med å få på plass ny direktør for Kunstmuseet. Kva somlar de med? Og kven trur de vil ta over eit museum som etter seks år har lang veg å gå før det vert éi slagkraftig eining. Ikkje mange. Og slett ingen museumskapasitetar.

Kulturutvalet i fylkeskommunen saman med fylkesdirektøren for kultur har utvikla ein svært uheldig praksis når dei skal setje saman styre for kulturinstitusjonane i fylket. I alle desse styra er det nesten fullt opp av lokale folk, ”heimfødingar”, om ein vil. Dette er uheldig for dei institusjonane det gjeld. Hugs at dei skal konkurrere og gjere seg gjeldande også nasjonalt og internasjonalt. MiSF-styret bør derfor snarast kompletterast med høg museumsfagleg kompetanse utanfrå. Samstundes bør prosessen med å avvikle dei attverande lokale eigarstyra starte. No motverkar dei integrasjonsprosessen. Funksjonane til det geografibaserte Rådsmøtet må òg drøftast.

Det neste året vert eit skjebneår for MiSF. Det kviler eit tungt ansvar både på styret og på omkjemparane. Kjem ikkje nye grep på plass snarast, vert det vanskeleg å få velkvalifiserte søkjarar til adm.dir-stillinga. Lykkast ein ikkje med det, kan ein like godt gå tilbake dit ein var i 2009. Men då vil nok Stein Sægrov heve røysta si.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 1. august 2015.
Twitter: @georgar