Viser arkivet for desember, 2015

Ei bok til jul

Eg likar ikkje å gå i butikkar. Eg avskyr kjøpesenter. Etter ein knapp time på Sogningen får eg ilt ”i haudet”. Den einaste butikken eg med handa på hjartet kan seie eg likar meg i, er bokhandelen. Men heller ikkje den er som han ein gong var. Bøker er ikkje lenger kultur, men stapelvare. I Gyldendal går dr. philos. Geir Mork av som konsernsjef ved nyttårsskiftet. Frå då av skal landets mest ærverdige forlagshus leiast av Tørres Thuv frå Bodø. Han har slått seg opp på videoutleige og sal av sjokolade. Harald Grieg snur seg i grava.

I år vert det ingen juletur på bokhandelen i Sogndal. Det er fordi min bokhandel, Skjeldestad Bokhandel, etablert i 1906, og overteken av Olav J. Skjeldestad i 1936, no har lagt inn årene. På 1980- og 90-talet hadde dei òg ein filial på Leikanger. 110 år med boka i sentrum, 45 av desse åra i Sentrumsbygg AS i nedste Fjørao, er over. Uventa var det ikkje. Omsetninga har gått ned, raude tal melde seg i rekneskapen. Nye kjedebokhandlar, fuskarar i faget, har etablert seg på Sogningen. Dei som arbeider der, kan lite om bøker og ingenting om litteratur.

Den nedervde kulturelle og boklege kapitalen som sat i veggane og hos personalet på Skjeldestad bokhandel, lèt seg ikkje kapitalisere i straumlinjeforma kjedebokhandlar på storsenteret. Eg har ikkje kjøpt ei einaste bok korkje på Ark eller Norli på Sogningen. Men Norli-bokhandelen er ein fin snøggveg til Polet på andre sida av varehuset.

O.J. Skjeldestad, som kjøpte bokhandelen i Fjøra i 1936, fekk i 1986 den første kulturprisen for Sogndal kommune. Han fekk prisen for ein allsidig og lang innsats i kulturens teneste. Hadde det vore opp til meg, skulle bokhandlar, musikklærar, korps- og kordirigent Jon Skjeldestad saman med litteraturrettleiar og bokhandlar Aud Ølnes, få kulturprisen for Sogndal i 2016, hundreogti år etter at Mariann Brøgger starta sin bok- og papirhandel i Fjøra. Både Jon og Aud har gjort seg fortente til prisen. Så vidt eg kan sjå, har heller ingen fått ein kulturpris i Sogndal for sin innsats med høgt kvalifisert litteraturrettleiing.

I førjulstida er det ikkje lenger litteraturen, men musikken, som pregar kulturfeltet landet over. Ein ny forskingsrapport eg har hatt litt å gjere med, viser også at den rytmiske musikken er sterkt dominerande i dei fleste kulturhusa i landet. Dårlegast kår i kulturhusa har den visuelle kunsten. Slik er det også i Sogndal. Her, i ein av landets mest snøgtveksande kommunar, er vilkåra for den visuelle kunsten så skrale at kunstlaget rett og slett har lagt ned arbeidet. Dei kunstinteresserte kvinnene gir kommunen heile skulda. Så enkelt er det sjølvsagt ikkje. Kunstlaget burde ha gått i seg sjølv. I det minste kunne dei ha teke turen ut til Høyanger og sett kva kunstlaget der får til med dugnadsinnsats og beskjedne midlar. Gunnar S Gundersen ville ha fryda seg.

Eg set mi lit til arbeidet i tankesmia til Laura Kvamme. Dei unge vaksne, godt utdanna innflyttarane ho arbeider med, er ikkje berre ”gira” på toppturar og skikøyring i laussnø. Dei vil også ha eit meir livleg sentrum og nokre alternativ til Meieriets rytmisk fengjande musikk. Større variasjon i sentrum, dans og kunst, seier dei. Ligg det kanskje ein spire her til eit kunstlag og eit kunstgalleri? Slik dei har det både i industribyen Høyanger og i bondebygda Sandane. Tek Tankesmia utfordringa?

Men no i julemånaden saknar eg bokhandelen i nedste Fjørao. Eg saknar venlege og imøtekommande Jon Skjeldestad og Aud Ølnes sine kunnige råd om årets gode bøker. Julebøkene mine i år er derfor for lengst kjøpte inn på nettet.
God jul, bokvener.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 19. desember 2015.
Twitter: @georgar