Viser arkivet for november, 2015

Gudlaus kommunikasjon

Dette var tittelen på innhogget i Sogn Avis laurdag 28. november. Tittelen er både dårleg og misvisande i forhold til teksten i innhogget. Teksten er publisert på bloggen min under tittelen

Gud, sauer og kommunikasjon

Dette er kanskje ikkje nokon god tittel heller, men i alle fall betre enn den trykte tittelen.

Om du går innn på bloggen Mann med greip kan du lese andre innhogg, tekstar publisert i BT og ymse anna.

Høyanger i 100

Høyanger, fylkets første skikkelege by, fyller 100 år i 2015. Som den einaste byen i fylket har Høyanger no også fått si hundreårssoge i to bind. Ei dramatisk historie om tettstaden Høyanger, ein gong ei namnlaus, lita grend inst i Høyangsfjorden. Men vatnet som rann ned langs fjellsidene, endra brått historia. I åra etter 1915 vart grenda snøgt forvandla til ein av dei mest einsidige og tettbygde industristadene i Noreg. Høyanger vart ein velregulert og vakker by, uoffisielt kåra til Noregs vakraste. Bykjensla får du framleis, når du passerer den staselege Byporten. Til ut på 60-talet var Høyanger største tettstaden i fylket. Byarrogante Førde har litt å lære.

Martin Byrkjeland og Anders Timberlid frå HiSF har forfatta hundreårssoga i to velskrivne og godt illustrerte bind om ”Vatnet, verket og byen.” Boksleppet skjedde i samfunnshuset i Høyanger sist fredag, med stort frammøte, heimelaga kaker, kommunal kaffi, musikkorpset til fagforeininga og to opplagde, nøgde og stolte historikarar. Folket kjøpte med seg bøkene heim, i både tre og fire eksemplar. 100 år med fagleg god høyangerhistorie, kvalitetssikra av ei lokal og godt kompetent boknemnd, er fascinerande lesing.

Sidan Høyanger ligg i medieskuggen av Sogndal og Førde, gjekk boksleppet hus forbi hos Sogn Avis og Firda. Fredagskveldane har journalistane anna å gjere. Ein tredjedivisjonskamp i handball, kanskje. Men det er faktisk ein stor begivenheit at det vert gitt ut eit faghistorisk verk om 100 års framvekst og utvikling av ein moderne industriby. Det er ikkje mange slike historieverk i landet vårt. Det er all grunn til å gi honnør til Høyanger kommune som bestemte seg for å finansiere og få skrive ei industriell byhistorie, ikkje ei tradisjonell bygdebok eller kommunesoge.

Høyanger har feira 100 års historie med 100 ulike arrangement gjennom året. Det toppa seg med ei allsidig jubileumshelg i slutten av august, og vart avslutta sist onsdag med eit større industriseminar i Samfunnshuset og JuleLutt-konserten i Anodehallen på Verket. Den ferske industrisoga vart presentert under konserten gjennom intervju med Anders Timberlid, medan industriseminaret hadde gløymt å invitere sine eigne industrihistorikarar. Merkeleg.

Men både den ferske soga og industriseminaret er samde om at framtida for Høyanger ser lys ut. Hydro lovar drift i 100 år (?) til, medan sogeskrivarane konkluderer med at ”framtidsutsiktene er betre enn på lenge”, og at det nok også ”vert eit 150-års jubileum.” Den tidlege industrialiseringa har gjort Høyanger til eit livskraftig samfunn noko for seg sjølv; kulturelt, språkleg, samarbeidsmessig. Småbyen med alle kallenamna sine, med eit rikt og ungdommeleg musikkmiljø, eit radikalt politisk miljø, og uvanleg sterk patriotisme, har gitt oss forfattarar som Erna Osland og Marit Tusvik, og særprega kulturpersonar som Einar Førde og Lidvin Osland.

Frå Høyanger kom også kunstnaren Gunnar S. Gundersen, den store pioneren i norsk nonfigurativ kunst, kunstnarbohem og saman med blant andre Ludvik Eikaas, medlem av den såkalla ”Dødsgjengen” på 1950-talet. Som del av 100-årsfeiringa skipa Høyanger kunstlag til den flotte Gunnar S-utstillinga ”Som piler i rommet” på Samfunnshuset. Utstillinga vart opna av Lidvin Osland, som nytta høvet til å invitere til ein nasjonal dugnad for eit Gunnar S-galleri i den vakre Byporten. Ordførar og rådmann stilte seg positive.

Industrisamfunnet Høyanger har eit rikt og variert kulturliv. Her er rom for mange uttrykksformer. Småbyen har korkje kulturhus, campus eller høgskule. Eit aktivt kunstlag tek seg av biletkunsten og lagar til fine utstillingar i kjellaren på samfunnshuset. Dette skjer samtidig som det nedlagde kunstlaget i regionsenteret Sogndal auksjonerer vekk alle kunstverka det eig og avsluttar verksemda si. Ei skam. Har dei mange ressurskvinnene i kunstlaget brukt opp energien sin? Og kvar helst er kulturhuset i fotballbygda?

Heia Høyanger kunstlag. Heia Høyanger. Gratulerer med 100-årsdagen. Lykke til med dei neste 50. Og lykke til med Gunnar S-galleriet. Det kan bli ein merkestein.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 21. november 2015.
Twitter: @georgar