Viser arkivet for oktober, 2015

Bacon, pølser og Hevn

Denne veka fekk vi vite at pølse og bacon er på same kreftrisikolista som tobakk. Då gjekk eg til butikken i Fjærland og ville kjøpe bacon og vossakorv. Fordi eg skulle lage raspeballar til middag til meg og barna. Gjett kva: butikken var utseld for bacon. WWF hadde tydelegvis ikkje skremt baconsvolten frå fjærlendingar. Joker hadde rett og slett heilt brått og uventa blitt tømt for bacon. Eg kommenterte dette for den alltid blide butikkdama. Ho meinte det berre er flott om eg vil ete litt meir bacon, sidan eg ikkje brukar tobakk, så kanskje eg kjem i same risikogruppe som folk flest.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 31. oktober 2015. Du kan lese heile teksten i avisa eller her: Bacon, pølse og Hevn.

Eit regionalt hårløft

1990-talet var tiåret for den store samferdselsrevolusjonen i indre Sogn. ”Eg tenkte vel den gongen at denne endringa kunne vere ein god stimulans for eit regionalt hårløft i vår region,” skreiv banksjef Egon Moen i Sogn Avis tidlegare i haust. Han spurte så om dei nye kommunikasjonane har skapt nokon vekst i busetnad og næringsliv. Og vart no Håbakken det nye Sinsenkrysset?

Den gode Egon gav sjølv svaret i avisa: sidan 1995 har folketalet i indre Sogn blitt redusert med 200 personar. Han konstaterte at berre Sogndal har hatt vekst å snakke om, mens fleire av dei andre kommunane har opplevd stor nedgang i folketalet. Ingen har gidda svare på innlegget til Moen og hans etterlysing av det regionale hårløftet. Kvifor det? Du må vere tungnæm om du ikkje har skjønt at i dagens framsnakkingstider, skal det negative tigast i hel.

Sist veke inviterte så ein annan banksjef, Arvid Andenæs, sogndølene til morgonfrukost på det største hotellet i regionsenteret. Som vanleg var det godt med folk og god stemning under bankfrukosten med Arvid. Men dei siste åra har analysane hans vorte mindre skarpe. No legg han, i god framsnakkingsånd, mest vekt på kor gode vi er, og kva for store mulegheiter vi har. Her i Sogn appellerer likevel Arvid framleis, så godt han kan, til at vi må vere ein samla region med tette nettverk og eitt senter; Sogndal.

Heile indre Sogn må assosiere seg med Sogndal-namnet og byggje si utvikling på den sterke merkevara og identiteten dette namnet representerer nasjonalt og internasjonalt, fortel banksjefen. Men han trekkjer også fram Lærdal Grønt, Blue Fjords, Highsoft, aluminum, opplevingsturisme. Og HiSF, fotballen og gründerverksemdene på Campus. Kvifor skulle ikkje indre Sogn lykkast med eit skikkeleg hårløft, 20 år i etterkant? Sogn United er framtidsvisjonen til Arvid Andenæs.

Han har også løyvd litt pengar til Tanketanken Sogn, eit prosjekt som vert leia av Laura Kvamme i Fjærland. Oppdraget er enkelt og utfordrande: korleis skape eit attraktivt næringsliv for neste generasjon og styrke profilen av Sogndal som gründerbygd? Det første arbeidsmøtet i Tenketanken med utvalde unge tilflyttarar er alt halde: 13 unge vaksne med god utdanning busette og med arbeid på Leikanger, Sogndal og Kaupanger, møttest midt i september på kafé Krydder i sentrum av Sogndal. Dagsorden var slik: kva kjenneteiknar Sogndal, kvifor kom de hit, korleis kan Sogndal verte ein (endå) meir attraktiv kommune, korleis kome bygdefolket i møte?

Som venta er natur og friluftsliv sentralt for nesten alle. Som venta er det stor misnøye med bustadprisar og bustadtilbod. Og at unge, single menneske ønskjer seg betydeleg meir urbanitet, kultur og møteplassar i sentrum, overraskar ingen. Fleire jobbar å velje mellom er òg noko som vert etterlyst. Dessutan: kvifor går ikkje dei unge tilflyttarane på møte om reguleringsplanar, som for Fjøra Vest? Og kvar helst skal ein stakkars ung tilflyttar få treffe bygdefolket? Innflyttarplaga lever enno i bygdebyen.

Prosjektet til Laura skal samle og samtale med andre unge enn dei single, høgt utdanna tilflyttarane. Men det som er peikt på ovanfor, er uansett viktige faktorar som det framtidige Sogndal må ta med seg. Det gjeld også dei mange heimfødingane i kommunestyret. Regionsenteret er i ei særstilling i indre Sogn. Vi veks, men veksten er likevel altfor liten. ”Me kan ikkje ha eit Sogndal med 6.000 menneske, me treng eit Sogndal med 10.000 menneske, eller like stort som Førde”, sa den framsynte årdølen Terje Laberg i 2007.

Vi treng eit regionalt hårløft i Sogn no, 20 år etter at vi fekk dei nye vegane og tunnelane. Men meir enn i 1995 må dette løftet skje med basis i tyngdepunktet Sogndal. Utan det vert det ikkje noko hårløft i det heile. Du er vel samd med meg i dette, Egon Moen?

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 24. oktober 2015.
Twitter: @georgar

Miskunnsam samaritan? Kor då?

Eg las nyleg ei forteljing om korleis ein skal oppføre seg mot flyktningar. Eller nyleg? Det kan ha vore på skulen eg lærte likninga om den miskunnsame samaritanen. Tida går så fort. I dag lærer dei knapt slikt på skulen. For dei som ikkje forstår latin omsett til nynorsk så er det likninga om den «barmhjertige» samaritanen eg snakkar om. Kven er nesten min? spurde den lovkunnige som kontakta Jesus. Svaret han fekk, likninga, var omlag slik:

Det var ein mann som levde med familie og barn i sitt heimland. Så fall han i hender på røvarane Boko Haram. Dei drap kona hans og barna hans og let han liggja der for å dø. Det gjekk ein prest forbi utan å ense han. Så gjekk det ein politikar med makt forbi, utan å bry seg. Dei skunda seg derifrå for ikkje å komme i konflikt med andre som meinte noko. Og så kom det ingen samaritan forbi, slik som i Jesus si likning. Men mannen var heldig og kom til seg sjølv og rømte landet og enda i eit land langt borte; langt nord; kaldt og vått. Der blei han integrert og kjent som fotballspelaren Chuks. Han møtte ei kvinne og fekk seg ny familie, og dei fekk barn.

Så tok Norveg barna frå faren og faren frå barna og mannen frå kona. Les korleis det skjedde her!

Denne teksten er trykt som innhogg i Sogn Avis laurdag 3. oktober 2015.

Blogg: Mann med greip