KommentatordiktaturetEit kvart mediehus med respekt for seg sjølv, har minst éin synsar som i kommentarfelt får Desse kommentatorane synsar om det meste og dei fleste, òg det dei ikkje har grunnlag Eit B-kulturhus i Sogndal?For tre veker sidan hadde eg gleda av å besøke det vakre kulturhuset Oseana ved Bjørnafjorden rett utanfor sentrum av Os. Ein tydeleg stolt ordførar Terje Søviknes viste oss rundt i det nye 235 mill. kroners huset. At Oseana har reist seg i ein Frp-styrt kommune, med ein av partiets frontfigurar som pådrivar, verkar nærmast politisk naturstridig. Søviknes sjølv leidde byggjekomiteen. I dag leiar han driftsselskapet i det ferdige kulturhuset; eit kommunalt føretak. Ikkje noko aksjeselskap i Frp-garden. Eg kunne ikkje la vere å tenkje på den kulturglødande Terje Søviknes mens eg høyrde på vår eigen, heilt visjonslause, ordførar Jarle Aarvoll under det godt besøkte folkemøtet om (nye) Sogndal kulturhus tysdags kvelden. Aarvoll sa absolutt ingenting om det framtidige innhaldet i det nye kulturhuset vårt. Han sa ikkje eitt ord om kva kommunen eller ordførar tenkte om det. Han heldt seg strengt til det rådmannen har sagt; driftsøkonomien til kulturhuset skal styrkjast med kr 300.000 per år. På folkemøtet var det Kari Thorsen, kultursjefen Sogndal aldri fekk, som med sine visjonar og understreking av langsiktig strategisk tenking, minte meg mest om Terje Søviknes. Les heile innlegget! Endå ein raudgrøn festtale?For omlag ei veke sidan la regjeringa fram Stortingsmelding om landbruks- og matpolitikken. Den nye landbruksmeldinga vart presentert av Sp-landbruksminister Brekk, og applaudert av Sp-leiar Liv Signe Navarsete. Men det spørst om denne meldinga er særleg meir eigna for Senterpartiet til å halde på veljarane enn den er eigna som reiskap for å ta vare på norsk landbruk i framtida. Det må i alle fall vere eit tankekors at når Sp-avisa Nationen presenterer hovudpunkta i meldinga, på ein optimistisk og positiv måte, og lagar ei lesarundersøking på nettsida si, så kryssar 64 prosent av lesarane at dei ikkje er nøgde med Stortingsmeldinga. Dei siste 36 prosentane fordeler seg likt på dei som er nøgde og dei som ikkje anar om dei er nøgde eller ikkje («veit ikkje»). Det overordna målet er å auke matproduksjonen i takt med folketalsauken. Regjeringa vil legge til rette for auka produksjon av jordbruksvarer som det er naturgjeve grunnlag for og som marknaden etterspør, og på den måten oppretthalde sjølvforsyningsgraden. Dei tre andre hovudmåla er landbruk i heile landet, aukt verdiskaping og berekraftig landbruk. For bønder på Vestlandet kan det sjå bra ut at regjeringa tek til orde for større grad av differensiering av landbruksstøtta mot områder der dei er uroa over utviklinga, mellom anna «deler av Vestlandet». Les heile kommentaren no! KulturhusprosessenNeste sommar flyttar høgskulen ut av Sogndal kulturhus. Høgskulen var nøkkelen i realiseringa av kulturhuset i 1991, og har vore ein draumeleigetakar i 20 år. Om sju månader er det slutt. Sogndal kommune, som eig kulturhuset, har visst om dette i minst sju år. Men framleis er det berre nokre svært få som har ei aning om kva som no skal kome inn i det vakre huset i Gravensteinsgata, midt i sentrum av Fjøra. Svært mange er opptekne av saka, og har meiningar om kva som bør, eller ikkje bør, skje. Alle ønskjer seg meir kultur i kulturhuset. Men alle veit at huset også treng betalingssterke kommersielle leigetakarar. Korleis skal vi så finne den beste balansen mellom dei ulike partane? Frå huseigaren er det ingenting å høyre. Det uroar folk. Og rykta går. Kulturhuset skal byggjast saman med varehuset Sogningen. Skal det då, som eit rykte seier, verte butikkar i heile 1. etasje i kulturhuset? Kanskje det. Det har jo alt vorte uttrykt ønske om å flytte folkebiblioteket opp i 2. etasje. Kva er på teiknebrettet? Finst det ein skjult agenda?.. Les meir.! Annonse | |||||||||||