Fjærland bok- og litteraturfestival?

Sogn og Fjordane ligg på festivaltoppen i Noreg, konstaterte avisene sist sommar. Ikkje berre har vi flest festivalar per innbyggjar, men til liks med Oslo har vi, enn så lenge, også to såkalla knutepunktfestivalar, som medfører både status og ein ekstra pengepott frå staten. Av desse to er folkemusikkfestivalen i Førde i ei klasse for seg. «Unik kvalitet», «kunstnerisk ledende nasjonalt» og «internasjonalt anerkjent» konstaterte, ikkje uventa, den statlege evalueringa i 2014.

Omtalen av den andre, Norsk Country Treff, var, også som venta, meir moderat; «nyskapning og utvikling ivaretas i svært liten grad», «opprettholder en del fordommer», men «er på høyde med sammenliknbare festivaler nasjonalt». Den norske countryscena er, ifølgje staten, rett og slett for tradisjonell. Men Norsk Countrytreff har i det minste teke til å skrive namnet sitt riktig.

Her i Sogn har vi ingen knutepunkt, men mange gilde festivalar. Bale-Jazz på vårparten er eit must både for Sigurd Kvikne og for godt vaksne sogningar og fjordingar i alle aldrar. Dei unge, men ikkje lenger fullt så hippe, har Fresn i Fresvik. I år også med Olav Stedje. Eit forfallsteikn? Eller eit vitnemål om det tidlause i musikken. Lengst inne i fjorden, på Tangen, er det snart Målrock for fjortande året på rad. Målomgrepet er utvida og profilen utvatna, men årdølene held koken med jamt solide artistar.

I havgapet i Skjerjehamn i Gulen går den meir musikalsk vågale og sprudlande Utkantfestivalen av stapelen for tiande gong. Oppdrettspengar frå husdiktaren Ola Braanaas, tidlegare kommunistgründer, ligg i botnen. Ut på hausten ein gong kjem Nynorske litteraturdagar i Aurland, etablert i 2006 med konsesjonskraftpengar frå ei, den gongen, velfylt kommunekasse. «Folkeleg, raus og levande» er mottoet. Altså trygt, koseleg og litt kjedeleg. Og, for all del, ingen litteraturkritikk.

Det finst mykje meir. Som Jordeplerock i Lærdal, Lustrabalder i Gaupne, bluesfestival i Jostedalen, gammalostfestival i Vik og Fruktbare dagar i Leikanger. I Sogndal er det berre fotball og sport som gjeld, her også. Den store og vellykka fotballturneringa Sognefjord-Lerum Cup starta alt i 1989, lenge før dei fleste festivalane våre var påtenkte. Fjellsportfestivalen begynte i 2008, og speglar av tidsånda på ein fortreffeleg måte. I det siste har vi fått Fjell og fjordmoro, ein avleggjar av Fjellsportfestivalen. Den nye tilveksten kan heller ikkje skrive namnet sitt riktig. Eit dårleg teikn.

I tillegg har vi i Sogndal kommune den 20 år gamle Bokbyen i Fjærland med si årlege Boknatt. Men ingen bokfestival. «At ikkje bokbyen i Fjærland har ein eigen festival allereie, er ei gåte for meg,» sa diktaren Henning H. Bergsvåg ifølgje Sogn Avis på jubileumsseminaret i Fjærland i mai. «Det å vere i bokbyen, har frå før ein kultstatus. Den kan de utnytta betre», heldt han fram.

Den erfarne journalisten og dyktige bokbadaren Jan Landro, som leia seminaret i Fjærland, er meir reservert. Han seier til meg at bokbyen bør skaffe seg ein kulturell, ikkje nødvendigvis litterær, samarbeidspart, og kople seg med anna kulturaktivitet langs fjorden. «Sognefjorden har jo en plass i kunsthistorien. Kunne de koblet litteratur og historiske spel?», spør Landro.

Kunstbygda Balestrand og Bokbyen i Fjærland. Kan det finnast ein allianse her som kan danne basis for ein mindre, noko spissa, og ambisiøs, bok- og litteraturfestival? Om dét går bra, kan ein utvide etter kvart, utan å utvatne. Små festivalar må byggje på ein god berande idé om dei skal lykkast.

Det vil vere ulike oppfatningar om profil og konsept for ein muleg litteraturfestival i Fjærland. Kanskje er flinke fjærlendingar alt i gang med arbeidet. Eg vert forresten gjerne med på både høgttenking og dugnader. Det blir sikkert andre sogndøler også.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 16. juli 2016.
Twitter: @georgar

Vist 363 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder