Ut or gropi

Eg seier det med éin gong: Lat oss begynne med Sogndal og Leikanger. Eg skulle så gjerne hatt Luster med også. Men Luster sjølv vil, kan og bør ikkje vere med i den nye kommunen på nordsida av fjorden. Same kva den utflytte og påståelege jostedølen, HiSF-professor Oddbjørn Bukve, seier.

Men Sogndal og Leikanger må no kome seg ut or gropi (med i-form, ja) dei har vore i siste ti åra. Det er for gale at han som har dei klaraste visjonane for nyutvikling av regionen vår, er ein avgått fylkesmann. Ikkje noko gale med Oddvar Flæte, men var det berre forsiktige bakstrevarar vi sende til kommunestyra i Sogndal og Leikanger ved valet i 2011? Ap-ordførarane i dei to kommunane opptrer i saka om ny kommunestruktur i Sogn som om dei skulle vere ideologiske læresveinar av sjølvaste Johs B. Thue, historikaren som synest å ha mista grepet om samtida. Regionen vår treng ein hærførar. Kom igjen, før Arne Johannessen melder seg frivillig.

Det kjem ei kommunereform. Og det er mykje strategisk tenking og utviklingsarbeid på gang i mange regionar landet rundt. Nye by-regionar er under danning. Jørn Rattsø sa det rett ut i ein kronikk i Dagens Næringsliv: Kommunereforma bør starte i dei store og mellomstore byregionane, som har fått nesten 90 pst. av folkeveksten sidan 2000. Dei treng å bu seg på endå større vekst. Kva gjer vi då, vi som kan ikkje kan kople oss opp til byveksten? Bli verande i gropi vår, kanskje.

Eller skal vi lage vår eigen bygdestrategi for regional utvikling? Gjerne det, så lenge vi legg vekk den idealistiske motstraumstenkinga. Men tida har aldri før lege betre til rette for at vesle Sogndal og vesle Leikangar set seg ned og tenkjer, skriv og tel. Kva har vi felles: arbeidsmarknad, buregion, utdanningsregion, personalfellesskap, store offentlege arbeidsplassar med høgt utdanna arbeidskraft, natur- og friluftsaktivitetar osv. Gode kommunar å bu i. Ganske like på mange måtar. Folk flyttar inn. Det skjer mykje positivt i regionen vår, som er den som går best i fylket no. Men det er i gode tider vi må ta dei grepa som sikrar framtida

Om du ikkje skjønnar kvifor Luster er så motvillige til å kome med på laget, bør du setje deg ned å sjå gjennom nokre utgåver av bladet Lustranytt. Det er eit kommunalt informasjonsmagasin frå Luster kommune, som kjem ut to gonger for året og som vert sendt gratis til alle husstandane i kommunen og til utflytte lustringar og andre som vil abonnere. I 18 år har Luster kommune drive dette framifrå tiltaket. Ingenting er for stort, ingenting er for lite til å kome med i bladet, 70 sider per nummer. Servicetorget i kommunen v/leiar Anita Bjørk Ruud har med dette bladet i årevis gjort eit umåteleg viktig arbeid for innbyggjarane i kommunen.

Eg trur knapt nokon er betre informerte om kva kommunen deira driv på med, enn det innbyggjarane i Luster er. Dette er presentert i ord og fargerike bilete, meldingar, reportasjar, intervju, notisar to gonger for året. År etter år. Eg veit ikkje kva Lustranytt kostar. Men eg er overtydd om at det er vel nytta pengar av kommunen. Det bidreg også til å halde oppe, ja, styrkje, den solide Lustra-identiteten. Eller Lustra-identitetane. Eg vil tru bortimot 100 pst. av lustringane seier nei til samanslåing med Sogndal.

Vi leverer gode tenester til innbyggjarane, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen til NRK. Han har heilt rett. Luster er ein velståande, veldriven og svært stor kommune. Og spora etter kommunesamanslåinga i 1964 er enno synlege. Luster er langt frå klar for nye eksperiment som kan innebere nedgang både i velstand og tenestenivå. Enkelt og greitt. Trur du Lustranytt overlever ei kommunesamanslåing? Neppe.

Så de kjem ingen veg med Luster. Men politikarane i Sogndal og Leikanger må snarast kome seg ut or gropi.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 26. april 2014
Twitter: @georgar

Vist 264 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder