Den beste hovudrolla

Dette innhogget skulle eigentleg dreie seg om dei som “går heime” – og konsekvensane av korleis framtida blir når alle “går ute” – og heimane står utan ein konsekvent og tydleg leiar. Det er eldgamal tradisjon her i landet, at kvinna tek hand om hus, bakst og heim. Det tek tid, kløkt og kompetanse så det susar. Kven tenkjer på det? Korleis løyser vi det i 2014? Det er berre på Facebook det går an å vere heime og lage cup cakes og middag medan ein framleis er på jobb for samfunn og framtid. Det er berre han som gjer vatn til vin, død til liv, som syslar med slike prestasjonar. Ikkje ei kvinne, ikkje ein mann, kan vere fleire enn ein plass samstundes. Sjølv i 2014.
Så er det ekstraordinært landsmøte i SP – far min, som då eg vart fødd i 1975, skreiv hovudfag om Ap si historie, uttalar at avskjedstalen til Navarsete er av dei betre politiske talane han har høyrt. Eg tenkjer med ein gong; kva er det som gjer at eit i hovudstadspressa sin penn, døyande parti som vippar på sperregrensa, der urokråkene regjerer, får statskanalen til å kringkaste heile møtet for heile folket på høglys dag? Kven hadde brydd seg slik om SV eller Venstre?
Det sikraste dødsstøtet til ein statsråd/politikar er fråveret av synlegheit og medieinteresse. Hadde Liv Signe vore slik, hadde ho fått pepper for det så det suste. No får ho pepper for at ho er det motsette, så det susar i den grøne serken hennar. Korleis kan eit av landets minste parti i motvind på alle vis vinne slik nasjonal merksemd? Alle ventar på nestleiaren, i skrivande stund er det ikkje fastsett. Men eg trur det blir lenge til Sp får ein ny kvinnleg hovudrolle som kan måle seg med Liv Signe frå Sogn. Dette er eit ekte produkt med ekte meiningar som skyr rollespel. Yngre kvinner i dag er, diverre, ofte opphengt eller tilbakesett, av etablerte krav og rollemønster. Dei har ikkje det som trengst til å bere ei hovudrolle i 2014. Hadde Henrik Ibsen erfart at dette var stoda i 2014, hadde han ledd seg fillete og sagt; hva var det jeg sa for 150 år siden? Eg trur han hadde fullrost den no avgåtte Sp-leiaren. Skulle alle vere rolege og sindige, sagt rett, løfta på rett augebryn til rett tid, då hadde verda stoppa opp. Liv Signe representerer eldgamal kulturarv her i landet, ho har spelt rolla si godt med den karakteren ho har og er. Det skal ho ha all ære og takk for, ho har ingenting å be om orsaking for. Ho går av som leiar for eit lite parti med heile nasjonen som direkte vitne. Det er teikn på at ho har gjort ein god jobb, også for Sp. Ho har gjort partiet synleg for ein heil nasjon medan partiet har kjempa i motgang. Hadde ho berre vore ein masete kvinnleg utbrent leiar (med alt for stort engasjement som det no heiter sentralt), hadde ho gått over i historia med eit par elgar i solnedgang til vitne. I staden er heile nasjonen vitne til kva som skjer. Det er eine og aleine fordi Navarsete er plagsamt direkte, plagsamt dyktig og utgjer ein konkret motmakt mot det etablerte maktapparatet sentralt der ho sjølv spelar hovudrolla. Samstundes er det store spørsmålet: Kven blir nestleiar? Som sagt, det er ikkje avklart i skrivande stund for dette innhogget. Men det blir lenge til neste gong landet får ein så tydleg og synleg kvinnleg leiar som Liv Signe Navarsete. Det kan hende det blir ro i Sp framover. Men den roen kan og kaste Sp inn i ein tornerosesøvn og over i den evige gløymsla for partiet. Kan hende treng Sp litt tid til å forstå kva partiet eigentleg treng. At konstruerte karakterar som diggar rollespel og Facebook ikkje heidrar eller løftar Sp på noko vis. Kan hende er det utan Liv Signe og hennar evne til å stå engasjert ved roret uansett ver, er den verkeleg drepande stilla som verkeleg fører Sp inn i gløymsla. Alle heimar treng ein tydleg leiar med engasjement, også Sp. Kan hende kjem Liv Signe att med stor siger. Slik han som gjorde død til liv. Ha ei velsigna god og engasjert påske!
Teksten kjem som innhogg i Sogn Avis laurdag 12. april

Vist 156 gonger. Følgt av 2 personar.
Annonse

Nye bilder