....Velkomne biverknader!

Det er rart, med tanke på kor mykje pengar legevitskapen svir av på forsking, kor lite som eigentleg er det ein kan kalle ein medisinsk suksess. For dei som er sjuke, eller får ein kronisk diagonse. Ikkje at legane skal stå skulerett og vere ansvarlege, men det er i grunnen lite som kan kurerast frå den kanten. Det meste kan me i grunnen gjere sjølve. Men det spørs om me ikkje forventar få det me vil til ein kvar tid: Hjelp, til uansett ALT! Hjelp til å tenkje positivt, hjelp til å trene, hjelp til å ete “rett”, hjelp til all verdas feil og problem som måtte råke kropp og sjel, ikkje minst sjela til mennesket anno 2014 er trøblete saker. Korleis kom me hit? Blir folk med parkinson friske av medisinen dei får? På ingen måte. Stadig fleire biverknader på vanlege medikament kjem for ein dag, i større grad enn på lenge. Smertestillande kan gje smerte, medikament mot migrene kan gjere den lystigaste om til ein som ikkje ynskjer anna enn døden. Blodtrykksmedisinar kan føre til alvorlege tilstandar høgt blodtrykk i utgangspunktet kan føre med seg. Kva er då poenget? Viss ein les på følgjeskriva til eit kvart legemiddel, er det grunn til å spørre seg om det er verdt det. Kor mange set seg inn i legemiddel dei tek og konsekvensane dei fører med seg? Sovetablettar kan gje problem med å sovne…går verda framover?
Sidan far min fekk parkinson i 2005, har eg notert meg biverknadene han fekk ganske så umiddelbart. Etter ein periode vart eg provosert, så fortvila, så sint, så forbanna. Skikkeleg forbanna. Eg kjende ikkje far min att. Sjølv tviheldt han på at medisinen var einaste og beste alternativ. Eg som dotter såg at han var blitt noko som kan minne om hjerneskadd i framferd. Mor mi som har helsefagleg bakgrunn støtta mitt syn, og sat på fagkunnskap som var med på å få far min ut av pillekarusellen. Elles alltid tidleg vaken og sein i seng vart til ein jamn halvsøvnig døs, og kvelden kunne gjerne vere over kl 20. Då han fekk orientering om kva klokka var, kom han i stuss. Tid og stad vart forvirra, natt og dag. Magen fungerte ikkje. Humøret fungerte ikkje. Han fekk hallusinasjonar. Skjelvingane vart verre. Ved kvart einaste høve tok eg han fatt, og sa rett i synet på han kva eg såg, kva som skjedde med han. Han fekk ei rad med blodproppar, og fekk nok ein tablett i coctailen sin. Denne kan føre til koma og plutseleg død osv. Denne vetle skulle han ta livet ut, då mannen var blitt til ein einaste stor blodpropp. Far min, som har vore aktiv og godt trent, som ikkje hadde problem med inaktivitet, overvekt eller kolesterol. Men på lista over biverknader kom det opp eitt og anna nok ein gong: Blodpropp. Men det skal uansett MYKJE til å få denne samanhengen stadfesta hjå legane. Etter ytterlegare høgrøsta foredrag frå meg, som ikkje har medisinsk kompetanse, men vanleg folkevit, gjekk han med på å vurdere nedmedisinering. Etter møte med ansvarleg fagperson på sjukehuset i Førde, har han no fått eit opplegg. Han er såpass heldig at han har pårørande som kan trene han ute og treng såleis ikkje belaste storsamfunnet med aktivitørar og andre fagpersonar osv. Eg ser fram til at han blir seg sjølv att, siste åra har eg berre sett han glimtvis vere seg sjølv gjennom pilletåka. Det har vore gode augeblikk. Men og fått meg til å tenkje: Me må hente han fram att medan me kan. Samstundes med å vere ein pilleetande framand, fungerte han som eit levande leksikon, og kunne alltid svare på spørsmål om det var noko. Difor såg eg som dotter at han må bli seg sjølv att og halde fram med faget sitt og bruke evnene sine. Hadde han blitt FRISK av medisineringa si skulle eg snakka med litt lågare røyst. Men for far min sin del, fekk han forverra tilstanden sin, og frårøva ei heil rekke andre funksjonar. Kva er då poenget? Nokon responderer dårleg på medisinering og tåler ikkje det dei får. Biverknadene blir då som i far min sitt tilfelle, dominerande. Mange kan leve heilt greitt med medikament. Det er avgjerande viktig at pårørande er på vakt: Legane ser ein diagnose, me ser våre eigne. Så er det mangt legar skriv ut som dei sjølve aldri ville tatt i nærleiken av sin eigen kjeft. Nokon gonger er nokre glas vin det som skal til. Med velkomne biverknader!

Vist 757 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder