Når dei gamle er yngst

At me menneske er ulike er ikkje noko nytt. At jantelov og misunning herjar dei som skil seg ut er heller ikkje noko nytt. At samfunnet deler livet inn i fasar der eit sett med reglar gjeld for alle uansett lyt gå gale. Når me i tillegg lever i eit spesialiseringssamfunn der krav til kompetanse og erfaring er grunnleggjande lyt det gå endå verre. Korleis kan folk i 30-40-åra styre verda? Skrekk og gru! Stadig fleire yrkesgrupper har lang spesialiseringstid, nokre er ikkje operative før kring 40.
Ein eg veit om som jobba på ein ungdomsskule, var så lukkeleg då han vart pensjonist at han 10 år seinare framleis lever i sus og dus. Eg trur det er få industriarbeidarar frå tungindustrien som ynskjer jobbe særleg lengre enn dei må, slitne kroppar ser fram til avløysing. Bussjåføren som for lengst har parkert vert kalla attende, den unge er sjukmeld. Det er nok av døme på korleis dyktige og oppegåande pensjonistar held samfunnet i gong og får ungane trygt på skulen. Samfunnet har så mange ulike arbeidsoppgåver, og så ulike arbeidstakarar, at det er umogleg å la alle følgje same mønster. Det vert det same som eit overgrep over den einskilde i samfunnsmessig regi. I alle høve syner døma eg ser kring meg og les i media at dette diverre er eit faktum.
Den tragiske ulukka på Bjørkelangen der to unge jenter vart rivne ut or livet frå eine sukket til det andre krev kloke hoder, varme hjarte og røynd og fast handtering. Det er langt mellom lære og praksis når slike situasjonar oppstår. Korleis kan t.d. ein 39 år gamal prest leie eit slikt sorgarbeid, ein 41 år gamal lensmann, 23 år gamal journalist osv. I slike saker er dei eldste eldst, og dei som verkeleg kan ta tak. Dei har sett og erfart livet slik yngre ikkje har. Slikt kan ikkje kjøpast på nettet eller fiksast med ein app. Ofte er det prestar i sin beste bestefaralder som verkeleg har evne, innsikt og truverde til å formidle trøyst i slike voldsomme og bråe tragediar.
Sjølv hadde eg ein bestefar som heldt seg så godt at han gjekk for “den yngre mannen” då han vart lagt inn på sjukehus som 72 åring. Ein onkel i slekta gjekk for “eldre storrøykar” og var i sin beste arbeidsføre (jf NHO sine heilage reglar) alder.
Vidare har me diverre nok av døme på inaktive digitale offer i 20-åra i samtida vår som blir knust i skisporet av spreke bestefedre. Om eg ikkje hugsar feil har eg lese at eldre er meir stabil arbeidskraft enn yngre som alt for ofte er sjuke eller skoftar arbeidet.
Far til den no pensjonerte domprosten i Oslo, heldt sin siste gudsteneste då han var litt over 95. Ein alder der dei fleste for lengst har trekt sitt siste sukk. Nokon får sitt første gråe hår i 20-åra, jamvel før. Andre når dei passerer 60. Me er ulike og det er på tide å slutte og krevje at alle skal prestere likt like lenge. Dessutan er det stor skilnad på å vere industriarbeidar og prost. Har aldri høyrt om ein 95-åring på skift i t.d. hallane i Årdal! Er du snar når du att besten på helgatur.
Ha ei sprek helg!

Vist 168 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder