Romhelg

Jula er ekstra lang i år. For mange av oss varer ho nesten fram til trettande dag jul, tysdag 6. januar. Dette var det vanlege eit stykke inn på 1900-talet. Romjula strekte seg frå andre juledag til trettandedagen. På nynorsk har vi framleis ordet ”romhelg” (av norrønt adjektiv ‘rúmheilagr, som ikkje er heilag etter lova’). ”Romhelg” var nemninga på yrkedagane mellom andre juledag og trettandedagen, då jula tok slutt. Trettande dag jul, heilage tre kongars dag, er ein tradisjonell kristen høgtidsdag, som enno er offentleg høgtidsdag både i Sverige og Finland. Også i vårt eige verdslege oljeland vert dagen framleis feira nokre stader.

Romjula er lange, late dagar med mykje god mat og drikke, seine morgonar, familieliv, julefestar. Jula hadde vore lite verd utan romjula. Tradisjonar og ”bestandighet” pregar også romjula. Vi treng denne rolege, sakte midtvintersveka, som eit stabilt midtpunkt i eit omskifteleg tilvere. Kalanderen gjorde i år gjorde denne veka til heile 14 dagar. Det er i meste laget. Men det er lenge til neste gong.

I romjula summerer vi opp året som gjekk, og lurer på kva vi har i vente neste år. Sjølv er eg mest glad for regjeringsskiftet. Endeleg har det igjen vorte gøy å diskutere politikk. Unntaket er sjølvsagt Sogn og Fjordane. Her dominerer sutringa. Særleg i Sogn. Korleis skal det gå med oss, no når vi (vi ?) ikkje lenger har Liv Signe til å ordne opp, lurer det tidlegare regjeringsorganet, lokalavisa vår, på. Det enkle svaret er at Liv Signe ikkje strakk til.

Som eg konstaterte i mitt siste Innhogg i 2012, er det i Sogndal og omland veksten skjer. Utviklinga har forsterka seg tydeleg i 2013. I Luster, Sogndal og Leikanger har folketalet halde fram med å vekse i 2013, i alt med 167 personar dei tre første kvartala i år. I dei fem andre kommunane i indre og midtre Sogn har folketalet minka med 138 personar. Det artige er at både Luster og Leikanger har ein positiv innanlandsk flyttebalanse siste åra, i 2013 med 23 og 16 personar. Få andre kommunar i fylket kan vise noko tilsvarande. Det er òg berre desse to kommunane, og Sogndal, som har positive fødselsoverskot av sognekommunane. Årdal og Vik er særs ille ute

Eg har i denne spalta lenge peikt på dei demografiske og næringsmessige utfordringane desse kommunane står overfor. Det hjelper lite. Årdølane vart forbanna på meg då eg tillet meg å slå fast at no seier Hydro snart stopp. Vikjene likte dårleg at eg trekte Vikafjellsvegen i tvil. I stagnasjonskommunane får eg ord på meg for å vere einsidig negativ. Berre vent, seier dei, vi skal nok klare oss. Og så inviterer dei den positive optimisten Rasmus Mo til seminar, der han ”dønn ærleg” kveikjer gløden, snakkar om suksess og alle moglegheitene vi har ”i dette fantastiske fylket.”

Rasmus Mo er ein godviljens mann. Han var ein av svært få menn som heldt rundt meg, klemde meg og trøysta meg, då eg miste eine dottera mi for nokre år sidan. Det gjorde godt, og det gjorde han stor i mine augo. Siste året har vi også i fellesskap vorte brukte av kommunar som treng råd. I Sunnfjord og Nordfjord. Sogningane, derimot, vil ikkje høyre på meg.

Mi oppgåve i denne spalta er ikkje å drive framsnakking. Mi oppgåve er å drive sannsnakking. Mitt arsenal er tydeleg empiri. Mykje tyder på at fleire sognekommunar går trongare tider i møte. Det seier eg frå om. Andre må snakke om korleis ein likevel kan lykkast.

Éin utveg er sjølvsagt ny kommunestruktur. Eg inviterer med dette både kommunar og Rasmus til ”Tysdagsdebatten” på Meieriet. Vi tek gjerne debatten om framtida for sognekommunane.

Framleis god jul. Godt nytt år til alle. Og gløym ikkje trettandedagen.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 28. desember 2013
Twitter: @georgar

Vist 618 gonger. Følgt av 4 personar.

Kommentarar

“…Folk med sorg i hugen flydde stilt på skogen.” Dette er litt av skaldeverset der skalden Valgard frå Voll, truleg var han islandsk, frå Sør-Island, formidlar brutale scener han var vitne til då kong Harald Hardråde herja på Fyn i Danmark. Desse orda brann seg inn i meg då eg las det, og kjensla av å brått sjå inn i andre menneske si sorg var ganske brå og brutal og mektig. Kan hende er eg berre fagidiot som ser dette, og desse scenene som titt og ofte oppstår anten i kjeldene eller i kvardagen. Men orda dine ovanfor om deg, Rasmus Mo og dottera di var mektige saker. Så kom orda til Valgard fram att. Ha eit skikkeleg godt 2014 Georg og alle som les innhogga dine!

Ja personlige vitnesbyrd om personlige tragedier virker alltid stekt på psyken, I et globalt perspektiv med sorte skjebner i uante volum verden over er det en velsignelse at vår hjerne er konstruert pragmatisk og kortsiktig. Handle melk og betale regninger. Ellers hadde vi ikke holdt ut. I Russland hevner de sorte enkene seg for skjebner brakt i ruin. Og slikt vil nok ingen ende ta. Et område man kan finne litt fred er i kunstens verden. Godt Nyttår.

“Et område man kan finne litt fred er i kunstens verden ", sier stig eikaas .
Du tar feil Eikaas .
Det stjeles kunst rundt om i verden for milliarder !

Du har helt rett Arne Hansen. Kunst kan skape grådighet og kynisk samlermentalitet. Det kan jeg alt om. Mitt poeng er at kunst som prosess for utøveren gir fred, da er man i sin egen boble uten tanke på materialisme, renter, vold, grisemat. Ikke minst er man i slike perioder fri for menneskene rundt seg. Man må være meget selektiv i sine valg av sine partnere som har troverdige motiver for relasjon. Vi mennesker drives ofte av usunne motiver. Slik er naturretten konstruert. Vi lever sådan våre liv alene og må bruke tiden deretter. Man betaler sin skatt og lar en kjønnsløs stat fordele etter en slags humanistisk verdiskala. 8 milliarder til teststasjon for CO2 utslipp, demokratiet koster. Sånn er det.

Annonse

Nye bilder