Utfordringar i kø for velferdsstaten

For dei mange av oss som høyrer til den betydeleg veksande gruppa av offentleg tilsette i Sogn og Fjordane, er det kanskje vanskeleg å venje seg til tanken på ei blåblå regjering dei neste åra. Står det ikkje høgt på den blåblå dagsorden å effektivisere offentleg forvaltning, privatisere offentlege tenester, slå saman kommunar, avvikle fylkeskommunen. Men må DIFI på Leikanger verte særleg større? Og kva er det eigentleg Distriktssenteret driv på med?

Vår eiga lokalavis slår fast at ”fjogningane” sin politiske innverknad ”vil bli dramatisk redusert frå den 14. oktober.” Den smule politiske påverknadskraft Sogn Avis hadde under Liv Signe sitt mangeårige regime, er det no ingenting igjen av. Stakkars oss, liksom.

Den raudgrøne regjeringa har målt mykje av sin suksess i pengar. Jo større vekst i budsjetta, jo betre resultat, vil dei ha oss til å tru. Men ei dobling av det statlege kulturbudsjettet frå fem til ti milliardar kroner førte berre til svak vekst i kulturproduksjonen og til beskjeden auke i publikumstala. Og slik Jon Hustad peikar på i leiarartikkelen i siste nummer av Dag og Tid: Sterk auke i sjukehusløyvingar har ikkje redusert helsekøane. Køen på vegane har også vorte større, trass betydeleg vekst i vegbudsjetta.

Auka pengebruk, hevdar Hustad, er berre ein garanti for éin ting: ”Auka offentleg inflasjon og auka misnøye med offentleg sektor.” Vi må snakke om ressursar, ikkje pengar, seier han. I boka ”Farvel Norge, velferdsstatens fremtidige kollaps”, som også kom denne veka, utdjupar Hustad dette. Kostnadsveksten på fastlandet i Noreg har eksplodert, produktiviteten i oljeindustrien gått tilbake, vi brukar altfor mykje av den samla verdiskapinga til overføringar til folk i arbeidsfør alder, helseutgiftene er dei høgaste i Europa, utgiftene til sjukepengar og uføretrygd utgjer fem prosent av BNP, det klart høgaste nivået i Europa. Framtidige innvandringskostnader er ei (skjult) bombe. Og Hustad sin konklusjon er heilt klar: ”Oljen berger oss ikke”. Om vi vil unngå kollaps, må vi bruke langt mindre av Oljefondet enn det handlingsregelen legg opp til. Samtidig må det kuttast i trygdeytingane, og innvandringa må reduserast betrakteleg. Det siste er kanskje verre enn det første. Og produktiviteten må aukast.

Mange vil sjølvsagt avvise påstandane frå Hustad. Men kjeldene hans er gode, og dokumentasjonen overveldande. Det meste er henta frå tilgjengelege offentlege dokument og statistikk. Hustad har samanstilt og brukt data frå ei rekkje slike kjelder, på ein måte ingen før han har gjort. Boka si store ulempe er at ho ikkje inneheld ein einaste tabell som viser utviklinga over tid av alle dei storleikane han presenterer i den ”romanprega” forteljande teksten.

Eg trur det finst gode talmeistrar både på borgarleg og sosialdemokratisk side som vil gi Hustad mykje rett: Vi er no plent nøydde å få veksten av velferdsstaten under kontroll. Den verkeleg store utfordringa for den nye regjeringa vil såleis vere å dempe auken i dei offentlege utgiftene. Viljen er kanskje til stades, men det skortar på evna. Den blåblå regjeringa kan nemleg nytte opp mot 75 milliardar meir i 2014 enn dei raudgrøne i 2013, utan å bryte særleg mange av intensjonane bak handlingsregelen. Å argumentere mot det, er, enn så lenge, vanskeleg.

Ved det historiske regjeringsskiftet er vi her i ”trivselsfylket” snevert opptekne av om skiftet tener oss, og om vi ”får” nokon inn i det nye regjeringsapparatet. Men også i Sogn og Fjordane må vi verte langt mindre avhengige av offentleg sektor. Vi må auke produksjon og produktivitet i næringslivet. Fleire må i produktivt arbeid. Torsdagens oljemesse i Florø var i lys av dette ikkje særleg oppmuntrande: Mykje tyder på at vi blir verande ein kvit flekk på oljekartet. Kvar helst og i kva for næringar skal då veksten skje? Det er dette det dreier seg om. Resten er underordna.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis, papiravisa, 5. oktober 2013
Twitter: @georgar

Vist 485 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder