Valkamp i trivselsfylket

Eg hugsar ikkje kven som kom på ideen om å gi utkantfylket vårt namnet ”trivselsfylket”. Truleg var det tidlegare fylkeskultursjef Lidvin Osland; det var i alle fall i hans ånd. Kanskje angrar han i dag.

Ordet trivselsfylke er som henta ut av evighetsprogrammet til Senterpartiet. Her trivst det meste og dei fleste. Levealderen er høg, og vi vert stadig fleire eldre. Kommunane toppar velferdslistene, skulane våre er fantastiske, og elevane våre er i heilt landstoppen. No skal vi til og med forske på dette. Kvifor det, forresten? Mange, blant dei kommunal- og regionalministeren, synest jo alt å ha svaret klart.

Kommunane er små, naboskapen trong, folkehelsa på topp. Kriminaliteten er låg. Brotsverka vert oppklara. Framleis skårar vi høgt på dei fleste ”gode lokalsamfunn”-indikatorane. Landbruket står sterkt. Industrien skrantar litt, men vi har livskraftige lokalbankar. Ekteskapa varer lenge, og få born vert fødde utanfor ekteskap.

Den mentale førestillinga om trivselsfylket er som skapt for valkampen til Senterpartiet i det velståande, offentleg finansierte utkantfylket Sogn og Fjordane i det oljesmurte Noreg. Skal du vinne eit val her i fylket i oppgangstider, kan du ikkje by oss Frp-politikk; ja, knapt nok høgrepolitikk. Sjølv den trivselsfylke-tilpassa Frp-retorikken til Frank Willy har ikkje nubbesjans hos oss i år. Vi har altfor få prangande og rike kystkapitalistar.

Tafatte Bjørn Lødemel har på heimebane berre snakka høgrepolitikk i generelle vendingar i valkampen. Han har gjort det på ein måte som fell i smak hos dei konservative bøndene i fylket. Senterpartiet har alltid vore eit borgarleg parti. Det er maktpragmatikken som har ført dei inn i det raud-grøne samarbeidet. Eg er overtydd om at dei i neste valperiode, med eit redusert Frp, igjen finn saman med KrF, V og H. Strategien for dette er, som vi veit, alt utarbeidd i Trøndelags-Sp. Farvel, Liv Signe.

Også våre to lokale Ap-representantar på Stortinget, som begge, til liks med Lødemel, har vore godt gøymde inne i Oslo siste fire åra, har i valkampen stått fram som Senterparti-light folk. Det meste skal vere som før i fylket. Ingen strukturar skal endrast. Vi har det godt. Det skal vi halde fram med. Ei trygg framtid med Jens gir god Sp-politikk i Sogn og Fjordane, seier Tor Bremer. Med eller utan Liv Signe.

Liv Signe har stått fram som stjerna i den lokale valkampen. Ho og Senterpartiets distriktspolitikk har vore både debattens skyteskive og dreiepunkt. Liv Signe trivst godt med trivselspolitikk på heimebane. Ho har sett premissen for debatten. Tor Bremer, Ingrid Heggø og Bjørn Lødemel har ikkje klart å utfordre henne. Dei tre er tilsynelatande samde med Liv Signe om at Sogn og Fjordane treng endå meir Sp-liknande politikk.

Berre unge, og bråvaksne, Sveinung Rotevatn frå Venstre torer å utfordre trivselsfylket og Liv Signe. Liberalaren frå Eid talar med overtyding om behovet for ny kommunestruktur, også i Sogn og Fjordane, og seier rett ut at Liv Signe vil at det meste hos oss skal vere som det er. I hennar bilde er vi ein støttemottakar. Slikt snakk tirrar Liv Signe. Igjen har ho måtte ty til banneord.

Valutfallet i vårt fylke har vore gitt siste året. Éin Sp-representant og to Sp-liknande representantar frå H og Ap reiser med dei tre distriktsmandata. Lat oss derfor, for variasjonens skuld, vone at skarpskodde Sveinung Rotevatn tek heim det uregjerlege utjamningsmandatet. Trivselsfylket treng nemleg betydeleg modernisering. Ingen kan medverke betre til det enn unge Rotevatn. Men Sogn og Fjordane er knapt klar for ei blåsterk regjering.

Om eg stemmer Venstre? Det er ei anna sak. Den historia starta for snart 50 år sidan, og skal forteljast i eit seinare innhogg.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis, papiravisa, 7. september 2013
Twitter: @georgar

Vist 852 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Veldig bra skrevet, utfordrende og reflekterende, ikke dullende om en fiksjon som aldri var der!

Annonse

Nye bilder