Kampen om veljarane

OG LITT OM INTENS UVILJE MOT GRUPPER VELJARAR.

Eg har eit lite forslag: Lat oss alle gå og førehandsstemme på måndag! Så blir det kanskje slutt på alle desse iltre ordflaumane frå forulempa politikarar med ovstort sjølvbilete, som ikkje forstår korfor ingen lenger trur på vallovnadane deira. Kva vil skje om alle går og førehandsstemmer no? Vil valkampen bli avlyst, journalistane permittert og politikarane styringsdyktige att? Det er i så fall ein vinn-vinn-situasjon, både for veljarar og politikarar. Berre media vil tape på det.

Det er oss dei kjempar om. Nokre ved å ta opp att gamle løfter dei ikkje har klart å gjennomføre siste åtte åra, andre ved å ta opp att gamle løfter dei aldri har fått vise at dei ikkje maktar å gjennomføre. Vi blir presentert for kontrastane mellom framleis raudgrønt styre på den eine sida, og på den andre sida blått i ulike nyansar. Det er Jens eller Erna, det er meiningsmålingar opp og ned, duellar og maktkampar både mellom og innanfor partia. Og litt meir usynleg for dei fleste pågår det ein kamp om dei kristne veljarane. Dei siste tjue åra har det vore gjort fleire forsøk på å starte nye, kristne parti med «mandat frå Gud» til å slå ut Krf og å styre landet saman med Frp. Også i år er det med eit nytt, kristent parti, Dei Kristne, som kjempar med Krf og Frp om dei blåaste kristne veljarane.

Her i fylket sankar Frp mange stemmer frå kristne. Forstå det den som vil. For omlag eitt år sidan skreiv Frank Willy Djuvik, Frp sin stortingskandidat frå Sogn og Fjordane, eit blogginnlegg han kalla «Eg hatar islam og muslimar». Innlegget fekk ein del merksemd, og vart seinare sletta frå bloggen og Djuvik beklaga at han brukte ordet hatar, då han ikkje meinte hatar i ordet sin rette meining. «Med hat meiner eg eit fornuftsbasert hat etter definisjonen ‘ein intens uvilje mot’,» skreiv han. «Eg har berre rett og slett ein intens uvilje mot islam og muslimar.» Ut frå denne definisjonen skreiv han at han hatar islam fordi det er ein religion, og at problemet med religionar er at det er ein Gud som avgrensar folk sine liv og valfridom, noko han som liberalist ikkje kan stå inne for.

På ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane 16. august 2012 utdjupa Djuvik kva han meinte med å legge til at han kunne sei det same om kristendom, jødedom og jødar. Ikkje at han hata desse, men at han kjenner ein intens uvilje mot desse gruppene. Etterpå sletta Djuvik blogginnlegget og beklaga bruken av ordet hatar, men kva han meinar om muslimar, jødar og kristne står att. Det har han aldri trekt tilbake. Det er denne mannen mange kristne i Sogn og Fjordane kjem til å stemme inn som sin personlege kandidat på Stortinget om eit par veker. Utan å stille spørsmål ved den intense uviljen Djuvik kjenner mot dei.

Uansett kva de stemmer håpar eg alle brukar stemmeretten. Det hjelper lite å klage på regjering og maktapparat dersom du sit heime i sofaen i staden for å stemme. Her om kvelden prøvde eg ein av alle dei mange «valgomatane» som ligg på nettet. Der kan ein krysse av ulike alternativ på mange påstandar. Til slutt får ein opp kva for to parti ein står nærast. Det eine alternativet eg fekk opp overraska meg, det andre ikkje. Prøv gjerne ein slik test, kanskje blir du overraska, du òg. Godt val!

Vist 605 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

..om dei i FRP ikkje er heilt fantisk kristne så er dei det einast partiet utanom KRF, med untak av Hareide som ein ikkje kan vere sikker på kva vil lenger, som vil behalde den kristne tradisjonen her i landet, og som vi kan stole på vil det også i posisjon, om berre som motpol til islamismen,…..

Som motpol til islam? Ja, kanskje derfor Djuvik seier han føler intens uvilje mot islam OG muslimar, jødedom OG jødar og kristendom.

Annonse

Nye bilder