Ein ny Arne Rettedal

”Maktens byggherre” heiter biografien om Arne Rettedal (1926-2001), den sterke høgremannen og siddisen frå Madla som dominerte rogalandspolitikken i 30 år frå 1964. Utan Rettedal hadde Statoil og Oljedirektoratet hamna i Oslo. Utan Rettedal hadde Stavanger aldri vorte oljehovudstaden i Noreg. Utan Rettedal hadde vi ikkje fått dei mange ”rettedølane” i kampen mot arbeidsløysa tidleg på 80-talet.

Det blei ofte oppstyr kring den joviale, utolmodige og tidvis brautande siddisen. Han brydde seg ikkje så mykje med formalitetane. Det var resultatet som telte. Arne Rettedal bygde først, og spurde etterpå. Då Stavanger Aftenblad ein gong spurde om han braut lova, var svaret: ”Vrøvl. Loven var feil.”

Denne veka har vi fått ein debatt her i fylket om kvifor vi skapar så få nye arbeidsplassar. Sist laurdag fylte talet 5 nesten heile framsida på Firda. Ja, vi skapte berre 5 nye arbeidsplassar i Sogn og Fjordane i 2012. At veksten i arbeidsplassar var svak (1 pst.) også i perioden 2007-12, gjorde ikkje saka betre. Vi er desidert dårlegast på Vestlandet. Men både Telemark, Østfold, Hedmark, Oppland og Nordland har (minst) like dårlege tal som oss.

”Forvitring trugar fylket” forkynner Arvid Andenæs i onsdagens Firda. Vi må ta alvorlege grep om ikkje fylket skal forgubbast og forvitre, seier han. Mangel på høvdingar er ein av grunnane til at vi har hamna i bakevja, trur banksjefen, og etterlyser typar som Arne Rettedal eller Kjell Opseth som kan snakke distrikta si sak.

Det er rett at sysselsetjinga ikkje aukar mykje i fylket samla. Men det har vore ein betydeleg vekst i Sogndal og Førde. Også Leikanger, Stryn og Gulen kjem godt ut. Sogndal, Leikanger og Luster er det ”clusteret” i fylket som veks klart mest, følgd av Førdeområdet. I Flora, oljekommunen, går derimot talet på sysselsette ned.

Sjølv om det framleis går for sakte, er det bra for oss alle at Sogndal og Førde med omland veks. Dei nye arbeidsplassane her er baserte på moderne tenesteyting, privat og offentleg, som fylket vårt treng sårt. Den oljerelaterte veksten i Gulen er òg sterk, men basert på innpendla arbeidskraft. Moderne småindustri skapar arbeidsplassar i Stryn. Nedgangen i sysselsetjing i Florø gir derimot grunn til uro. ”Høljebyen” vart aldri ein oljeby.

Det som gir mest grunn til uro, er den sterke veksten siste åra i det statlege byråkratiet og i moderne tenesteyting i hovudstaden. Liv Signe sa rett nok til BT i juni at ”den innenlandske sentraliseringen er svært liten”. Men ingen trur henne på det. Fylkesordførar Kjelsnes seier det slik: ”Sogn og Fjordane står i fare for å bli slukt av sentraliseringsbølgja.” Men same kor sterkt ho ropar, er det ingen i Oslo som høyrer på henne.

Det er no vi skulle hatt ein Arne Rettedal. Ein som kan tvinge oljeselskapa på plass i Florø, beordre den allmektige oslostaten til å leggje heile Difi til Leikanger, skaffe fleire statlege tilsyn til Førde, få staten til å forstå at vi har rett (ja, rett) på kompensasjonar for dei mange statlege funksjonane vi mistar. Alt kan ikkje sentraliserast til Oslo. Men dagens lokalpolitikarar rekk ikkje Arne Rettedal til skuldrene. Dei står med lua i handa og bed tynt for seg når dei kjem inn til Oslo. Ei høgredominert regjering vil gjere liten forskjell. Pålitelege høgrefolk seier dei føler seg ille til mote når Sogn og Fjordane-delegasjonen klumpar seg saman i ein unnseleg krok under Høgre-landsmøta.

Det er likevel i Høgre sine rekkjer vi finn den politikaren som har det rette to og format i seg til at han om litt kan aksle trøya til Arne Rettedal. Eg tenkjer sjølvsagt på flinke, uredde og uvorne Jacob Nødseth frå Florø, det største politiske talentet fylket har fostra på generasjonar. Men nedrige småkongar i det evig kranglande lokalpartiet ute i høljebyen har no skyvd unge Nødseth langt ut i kulda.

Eg er redd høgrestyrde Florø kan gå ei stusseleg og oljefri framtid i møte. Dei får som fortent.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 13.7.2013
Ikkje uventa er teksten også trykt i Firdaposten, Florø torsdag 18.7
Twitter: @georgar

Vist 1245 gonger. Følgt av 5 personar.

Kommentarar

Du har helt rett Georg Arnestad !!

Eg er meir oppteken av at eg får rett, enn at eg har rett. Kanskje burde unge Jacob Nødseth også tenkje litt over dette iblant? Ting tek oftast litt tid. Men potensialet til Nødseth er uomtvista. Elles tykkjer eg Sogn og Fjordane Høgre gjerne kunne ha gripe inn og sett skapet på plass i den vonde striden. Men fylkespartiet har vore usedvanleg veikt og feigt. Det same gjeld dei framtredande høgrepolitikarane i fylket.

Denne kjeppjakta på Jacob Nødseth viser vel i sin heilheit at S& FJ har mykkje å læra.

Enig med deg Arnestad om at fylkespartiet burde ha gripe inn i denne saka. Og ja, eg er ikkje alltid enig i det som Jacob Nødseth seier, men det som skjedde då bystyret i Flora kasta heile HSU for å få fjerna Nødseth overgår alt som ein kunne tenke seg kunne skje i eit demokratisk land. Eg og mange med meg er sjokkert over det som skjedde og eg har mista tiltrua til dei politikarane som eg sjølv har vore med å stemme inn i Flora bystyre. Eg kjem til å tenke meg grundig om før eg går til valurnene ved neste valg.

Annonse

Nye bilder