Bjørn med truse og andre diagnosar

Ein kan finne nyhende på radio og fjernsyn no også, sjølv om både TV2 og NRK gjer sitt beste for å gøyme det bak ein eller anna fotballturnering i Europa ein stad.

Ein kveld Dagsrevyen var flytta og Nyheitskanalen også sende fotball prøvde eg å ta inn radiokanalen NRK Alltid Nyhende. Men det var fotball der òg. Kva trur dei eigentleg? At det mindretalet som er ekstremt opptekne av fotball skal dele seg i fleire personlegdommar og få med seg all fotballen på alle kanalar samstundes, medan fleirtalet skal ta til takke med dårlege fjernsynsseriar? Dei må forresten berre spalte og dele seg, desse fotballsupporterane. Norsk psykiatri vil likevel aldri bli samde om kva diagnose dei har, eller om dei er tilreknelege eller ikkje. Mi meining om den saka skal eg halde for meg sjølv. Psykiaterane sjølv er mulegvis tilreknelege, men mange av dei vi har sett opptre på sirkus i det siste har vist tydelege narsissistiske trekk.

Eg ga opp nyhendejakta i både radio og fjernsyn. I staden brukte eg iPaden til å oppdatere meg. TV2 kunne melde at svenske Olov opplevde at ein bjørn i berre trusa hadde gått til åtak på han. Eg måtte le av heile saka. Det mest sensasjonelle – det at bjørnen hadde truse på seg – hadde ikkje journalisten brukt spalteplass på.

Og mellom fotballkampar, fotballkommentatorar, fotballbråk og meir viktige ting dukka Lars Peder Brekk opp på radioen. Eg høyrde klart og tydeleg han seie at dersom Høgre og Frp kjem i regjering så kjem store deler av norsk landbruk til å bli lagt ned. Det må vere første gongen ein landbruksminister frå Sp hevdar at Høgre og Frp har same landbrukspolitikk som Sp! tenkte eg.

Så høyrde eg på radioen at meir enn nokon gong er foreldre si inntekt og utdanning avgjerande for korleis barn gjer det på skulen. Di meir utdanning foreldra har, di meir skuleflinke barn, og skilnaden er større no enn tidlegare. Di fleire bøker som står i bokhylla heime, di betre gjer barna det på skulen.

Som ein merkeleg assosiasjon kom eg på ei oppleving eg hadde ein gong eg skulle kjøpe julegåve på ein bokhandel i eit stort kjøpesenter i Sogn. Eg prøvde å få tak i ei av dei barnebøkene som selde mest til jul i fjor. Har de Tonje Glimmerdal av Maria Parr? spurde eg. Ho bak kassen såg på meg. Kva sa du? spurde ho. Eg tok opp att forfattar og boktittel. Ho bak kassen tok til å leite og bla på datamaskina. Så spurde ho opp att kva eg eigentleg meinte, og såg på meg som eg var noko rart noko. Akkurat då trur eg ho tenkte på å gi meg ein diagnose eg håpar ingen norsk psykiater ville gitt meg. Ho hadde ikkje boka, hadde tydelegvis aldri høyrt om den mestseljande nynorske barneboka akkurat då, der ho jobba i ein bokhandel midt i tjukkaste nynorskskogen. Heldigvis var det ein bokhandel utanfor kjøpesenteret som visste korleis dei kunne skaffe boka.

Sogn og Fjordane er forresten eit unntak når det gjeld samanhengen mellom foreldre si inntekt og barna sine skuleresultat. I eit diskusjonsprogram på P1 for og mot sidemål (les: nynorsk) deltok språkforskaren Øystein Vangsnes. Han fortalde at dei beste skuleresultata i landet er, som forventa, hos barn frå Bærum-distriktet. Men heilt motstraums skårar elevar frå Sogn og Fjordane nesten like høgt, trass det lågaste utdanningsnivået i landet. Forklaringa finn Vangsnes i undersøkingar som viser at tospråklege barn får ei stimulering av hjernen som også fører til betre resultat i alle andre skulefag. Pga den parallelle innlæringa av bokmål og nynorsk/dialekt er barna her langt på veg tospråklege, ifylgje Vangsnes.

To personlegdommar er altså grunnlag for ein diagnose. Eller fleire dersom meir enn ein psykiater skal diagnostisere. Å vere tospråkleg er ein styrke!

Vist 245 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder