Bondelagsleiar og mafiaboss?

Då bondelagsleiar Per Hilleren denne veka gjorde det klart at Bondelaget ikkje brukar hotell som serverer Q-mjølk, gjekk leiar i Unge Venstre, Sveinung Rotevatn, ut på twitter og ga uttrykk for at no er det reine mafiatilstandar her i fylket. I Unge Venstre-leiaren sitt hovud er altså Per Hilleren mafiaboss og Bondelaget mafiaorganisasjonen som styrer fjordafylket? Mafia assossierar vi alle med korrupsjon og truslar om drap og valdsbruk. Passelege skuldingar mot ein næringsorganisasjon som ynskjer å bruke eit hotell som satsar på kortreist mat! Han kan vel ikkje vente å bli teke på alvor som politikar etter slike utspel? tenkte eg. Men før eg hadde tenkt tanken ferdig hadde stortingspolitikar Laila Gustavsen (Ap) hengt seg på mafia-ordbruken.

Eg sende ei melding tilbake til dei begge: «Bra nokon tek ansvar for klimaet og forlangar lokalprodusert mat medan politikarane sit tiltakslause på gjerdet og sutrar!» Rotevatn svarar at langreist mat er heilt uproblematisk med tanke på klima og miljø, noko han ikkje fulgte opp då fleire melde seg på diskusjonen og ville ha dokumentasjon. Og Gustavsen forsvarte si kollektive mobbing av bondelagsmedlemmer med at nokre enkeltbønder i Buskerud, truleg bondelagsmedlemmer, har mobba bønder som leverer mjølk til Q-meieriet. Venstre miljøparti? Ap mot mobbing? Snakk om tillitsvekkande politikarar!

Ni av ti nordmenn ynskjer eit landbruk her i landet minst på nivå med dagens, viser tal som blei lagt fram denne veka. Eit par dagar etterpå kom tal frå Statistisk Sentralbyrå om at bonden si inntekt har auka til 480.000 kroner. Går ein bakom dette talet ser ein at berre 155.000 av inntekta kjem frå landbruk, resten frå tilleggsnæringar, pensjonar og lønnsarbeid. Heile 19 prosent av norske bønder går med underskot i næringa. Det feiar Brekk under teppet han vev av uviktige sanningar. Landbruksforskar Svenn Arne Lie presiserar at det er viktig å få fram at landbruksstyresmaktene driv systematisk feilinformasjon om tilstanden i norsk landbruk, og at tal for inntekt, areal og sjølvforsyning er feil.

I eit system der den eine forhandlingsparten driv systematisk feilinformasjon, og den andre forhandlingsparten ikkje til fulle klarar å avsløre dette eller få det fram i lyset, så har vi eit forhandlingsopplegg der bøndene alltid tapar. Det er på tide å skifte ut den norske modellen for jordbruksforhandlingar. Forhandlingane burde gått mellom den råvareproduserande bonden og råvaremottakaren, foredlingsverksemdene. Så kunne tilskota som trengst for å halde oppe ein landbruksproduksjon og sjølvforsyningsgrad på det nivået veljarane ynskjer, gå til foredlingsverksemdene, slik at maten fekk ein politisk «rett» pris i butikkane. Eg trur at resultatet hadde vore at den systematiske feilinformasjonen frå styresmaktene hadde blitt tydelegare. Det hadde blitt vanskelegare å skjule for norske forbrukarar at matproduksjonen går nedover og at sjølvforsyningsgraden av mat er sterkt fallande i landet vårt i eit Europa med veksande ustabilitet.

I tillegg kunne det vore forhandlingar mellom bønder og staten om betaling for goder som eit aktivt landbruk gir. Eg tenker då først og fremst på pleie av kulturlandskapet, for å hindre gjengroing og for å halde kulturlandskapet ope og fint til glede for innfødde og turistar. Eg forstår at dette opplegget ikkje utan vidare kan foreinast med landbrukssamvirket. Eller kanskje ein kan finne gode løysingar for det? Slik det er i dag har vi eit landbrukssamvirke som meir eller mindre køyrer over eigarane, bøndene, med hjelp av dyre konsulentrapportar. Bøndene har ikkje vore tent med den utviklinga! Vi treng noko heilt nytt!

Dette er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 17.3.2012

På twitter: @MANNmedGREIP

Vist 804 gonger. Følgt av 6 personar.

Kommentarar

Meget bra oppsummert, virker som det viktigste er å banke Tine og bønder. Sannheten er ikke så viktig.

Politikarar er av og til så flinke til å gjere seg til parodiar på seg sjølve.

Laila Gustavsen har teke kontakt og seier ho tek avstand frå samanlikninga mellom mafia og bondelaget, og at den ordbruken er usakleg. At ho kvitra om ei melding på twitter tyder ikkje at ho står inne for slik ordbruk.

Ho gjer også merksam på at ho ikkje har sagt noko om bønder i Buskerud, men at ho meinar at boikotten mot hotell som ikkje brukar Tine-mjølk i Oppland og Sogn og Fjordane er mobbing av bønder som leverar mjølk til Q-meieriet.

Jeg har forsåvidt ikke noe mot Q-bønder, men så lenge ikke Q tar imot melk over hele landet slik Tine gjør, forstår jeg at Bondelaget tar Tines side i denne saken.

Jeg refererer leder i Hordaland SP Jostein Ljones som svarte en Frp-kolega i fylkestinget i Hordaland slik: Han (Frp-mannen) var irritert over at lanbruksorg. ikke ville bruke hotel som ikke kjøpte Tineprodukter, det går ikke ann, mente han.

Svar fra Jostein: Når hotellet ikke kjøper våre produkter, trenger ikke vi kjøpe deres produkt heller.

Frp svar: Det har du jo rett i, det har jeg ikke tenkt på…

Konklusjon: Nyttig å drive voksen opplæring, men det må nok repeteres på neste møte :)

Så hvidt jeg vet finnes der ikke noe lovverk som tilsier at kunden ER PÅLAGT Å KJØPE TINEPRODUKT !

Nei, og det er heller ikkje noko lovverk som seier at ein organisasjon er pålagt å bruke hotell som serverer Q dersom dei ikkje vil. At ein så sentral Venstre-politikar får seg til å samanlikne dette med mafia, som vi automatisk assosierer med korrupsjon, vald, drap og liknande, seier mykje om seriøsiteten til denne sentrale Venstrepolitikaren og til partiet han representerer. Eigentleg burde han vore politimeld for slike alvorlege skuldingar!

Eg synest det er tragisk at Bondelaget er så allergiske mot litt konkurranse.

Lurer på hva som hadde skjedd med Tine dersom all hotell og resturantnæring + 50 % av norges befolkning hadde kuttet ut Tine ?. Det er ingen andre enn J.E.Mundal som i denne sammenheng bruker ord som vald , drap og lignenende . Hadde Tine i denne sak vert så voksne at dei hadde holdt kjeft om sitt valg for møte ,så hadde ingen fått vite Tine sine synspunkt på sin konkrent .

Arne Hansen, du har misforstått, det var ikkje Tine som har ssgt dei vil boikotte hotell som ikkje kjøper Tine-mjølk.

Og dersom så mange sluttar kjøpe Tine-mjølk, så må dei enten slutte heilt å drikke mjølk, eller mjølka må importerast feks frå EU-land. Og som kjent har landbruket i Europa også problem med å halde oppe produksjon pga dårleg lønnsemd.

J.E. Mundal .Muligens har jeg missforstått . Hvem var det da som kom med forslaget om å kunn bruke hotell som hadde Tine melk ? Når det gjeld dårlig lønnsemd , så må en bare stille spørsmål , når det gjeld styrehonoraret til styreleder . Går ut fra at det er medlemmene til Tine som betaler dette .

Det er heilt rett, og som du ser i innlegget på toppen her kritiserer eg Tine også. Det går også heilt tydeleg fram kven som ikkje ynskjer bruka Q-mjølkhotell.

Det er visst gått sport i å henge ut Tine, selskapet er visst den store, stygge ulven. Hvorfor skal folk slutte å drikke Tine-melk? For flertallet av norges bønder er faktisk Tine det eneste alternativet å levere til. I tillegg er Tine bondeeid, det vil si at overskuddet i konsernet går tilbake til bøndene (eierne). Og når det gjelder styreleders honorar så er det faktisk ikke så enormt. Mannen er melkebonde, men for tiden styreleder, så haan har utgifter på flere hundre tusen i året til avløser som holder driften på gården hans i gang mens han gjør jobben sin i Tine. Det er jo klart at de to oppgavene umulig kan kombineres. I ren lønn har ikke styrelederen mer enn ledere i andre selskap det er naturlig å sammmenligne seg med.

Hvis vi da drar dette litt videre: her om dagen leste jeg at ansatte på Remas hovedlager hver fikk 82 000 kr i bonus. Ledergruppen fikk 30 000 mer hver. Dette kunne de gjøre fordi overskuddet i konsernet var så stort. Overskuddet deltes i følge avisen slik: 50% til Reitan-familien og 50% til de ansatte. Mitt spørsmål blir da: når Remagruppen sitter med et så enormt overskudd at hver ansatt kan få minimum 82 000 kr i bonus og all denne bonusen bare er 50% av overskuddet, hvem er det da som er sitter med avansen på norske landbruksprodukter og som styrer matvareprisene her i landet???

Sport i å henge ut Tine ? Det er jo Tine som henger ut dei som bruker Q melk ! Elles så er det å merke seg at Frøydis Haugen i 2011 mottok kr. 315,004 i produksjonstillskudd fra Staten . Litt mer enn dei annsatte på Rema fekk i bonus !

Har vi begynt med personangrep her nå? Jaja, jeg har rygg å bære det på.

Jeg kan godt innrømme at jeg får produksjonstilskudd, men å sammenligne landbrukets produksjonstilskudd med de Remaansattes bonusordninger er jeg ikke med på.

Jeg håper inderlig den sammenligningen bunner i mangel på kunnskap om landbruket, landbrukspolitikk og landbruksøkonomi. Vi kan godt ta en diskusjon på produksjonstilskudd hvis du ønsker det.

Eg høyrde Brekk på Dagsnytt 18 i kveld. Han manipulerar med tal, og lyg fram ein stor inntektsauke for bøndene. Det han ikkje seier er at grunnen til inntektsauke er bøndene si store effektivisering som gjer at dei har mulegheit til å hente stadig større del av inntekta frå lønnsarbeid utanfor landbruket. Brekk lyg med tal for å dekke over at SP i regjering ikkje har klart å påverke AP i landbrukspolitikken. Mange meinar no at KrF er beste partiet for bøndene.

produksjonstilskudd er ikke lønn, ingen er garantert lønn selv vi mottar tilskudd. Jeg fikk omtrent det samme i tilskudd som Frøydis, men har årlige utgifter på minst 500000. Man skal drive godt for i det hele tatt få rimelig overskudd på drifta, ikke alle klarer det engang. Et sidesprang fra tema, men jeg syntes den tullesammenligningen med bonus til Remaansatte måtte svares.

Ja, tullepåstandar florerar, og det er bra at nokon tek bryet med å korrigere kunnskapsløysa eller manipulasjonen som ligg bak. Men om det nyttar er ei anna sak. Det verkar ikkje som dei det gjeld er mottakelege for VAKSENOPPLÆRING.

Problemet i år som i fjor er at SP treng ikkje stå opp for bøndene i jordbruksforhandlingane, fordi tvillingbroren Bondelaget etter forhandlingane kjem til å støtte SP sitt syn om at dette blei eit godt oppgjer for jordbruket.

Styreleder og Komunikasjonsdirektør i Tine trekker seg ! Ja ja kansje flere i Tine burde gjøre det samme ?

Annonse

Nye bilder