Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (laurdag 21. januar) og Sognatreff (fredag 20. januar). Les mer om roperten…

Eit lite forslag, Sognekraft!

Mange vil vel sei at det er for seint å ynskje godt år no. Eg gjer det likevel. Til dei av dykk eg ikkje har hatt høve til å møte enno i tjuetolv: Godt år! 2011 har gjort oss medvitne om at Europa og verda er meir ustabil, både økonomisk og politisk, enn på mange år. 2011 har vist oss at dette innbyggarfattige, men geografisk store landet, ikkje er skjerma frå vondskap større enn vi trudde fanst, og om den likevel skulle finnast, berre ramma folk så langt borte at det ikkje gjeld oss.

Mange seier dei helst hadde sett at det var brukt mindre pengar på terroristen bak 22.7.-angrepet. Folk hadde heller sett at han blei dømt og gløymt enn all mediemerksemda han har fått. Nokon meinar han like godt kunne fått permisjon ei helg, for det hadde han ikkje overlevd, på grunn av hatet mot han. Men for store deler av norsk media var terrorhandlinga mot Norge det viktigaste og mest inntektsgjevande som skjedde i landet året 2011, og mange ser ut til å utnytte dette for å tene mest muleg pengar utan omsyn til alle dei som vart direkte ramma av terroråtaket. Store deler av norske media tenar pengar på å bygge opp terroristen sin status – akkurat slik han ynskjer! Ved å på den måten utøve journalistikk underbygger media legimiteten for narsissismen som også pregar terroristen. Det er det visst ikkje vanskeleg å komme unna med i namnet åt pressefridom og opplysningsplikt!

2011 understreka også at skapelsen, eller mor jord, om du vil, også er ustabil, sist med orkanen Dagmar som herja i julehelga. Fleire plassar reiste både hustak, traktortak og store mengder skog. Utbetringane og ryddinga etter Dagmar kjem til å ta si tid.

Det var kanskje ikkje lett verken for straumleverandør eller for straumkunde dagane etter Dagmar. I Fjærland tok bygdautvalet initiativ til ein stor dugnad for å rydde skog langs Sognekraft sine liner i bygda. Eit risikofylt arbeid som vart gjort utan økonomisk kompensasjon, så vidt eg kjenner til. «Hadde ikkje så mange bygdefolk stilt opp for å hjelpe ville ikkje straumen ha komme attende i Fjærland før 1-2 dagar seinare enn kva den gjorde,» fortel Hans Haugen til nettstaden fjaerland.origo.no. Denne dugnaden har spart Sognekraft og aksjonærane deira for 2-300.000 kroner i erstatningskrav etter Dagmar, pluss ein stor sum spart lønn og overtid for eigne tilsette. Etterpå takka ordføraren i Sogndal, Bygdautvalet i Fjærland og Sognekraft for innsatsen. Sognekraft kunne gjort litt meir. I staden for å godskrive pengane dei sparte til aksjonærane burde Sognekraft gitt noko til eit godt formål i Fjærland. Til dømes til renovering av symjebassenget, som den raudgrønt styrte kommunen ikkje har råd til å ta heile kostnaden med, trass Stoltenberg sine lovnader til norske symjebasseng. På den måten hadde Sognekraft gjort noko for å lyfte sitt eigenskapte dårlege omdømme etter straumbrotet i Fjærland sist sommar, som eg skreiv om i innhogget Kundehandsaming på botn i juli. Det hadde vore ein passeleg takk for at fjærlendingane trass den arrogante og dårlege måten Sognekraft løyste utfordringane på i sommar stilte opp og sparte selskapet og aksjonærane for fleire hundre tusen no i samband med Dagmar! Det hadde også vore eit initiativ som hadde løfta Sognekraft sitt omdømme i heile regionen, og som ville gitt selskapet mykje god medieomtale! Sjølve idéen skal de få heilt gratis, Sognekraft! Så spørst det om omdømmebygging og pengeoverføring til eit godt formål vinn fram i kampen mot størst muleg overskot til aksjonærane.

Vist 384 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Exclamation_desat_24
Annonse

Nye bilder