Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff og Fjordaglimt (laurdag 14. januar). Les mer om roperten…

Fleire kremmarar

I mars 2010 vitja BI-professor Torger Reve næringslivskonferansen i Sogndal. Han heldt eit utfordrande foredrag om kunnskap som grunnlag for næringsutvikling. Også i Sogn, føydde han til. Med eit stort spørsmålsteikn.

Den aldri kvilande direktøren ved Vestlandsforsking, Agnes Landstad, huka tak i Reve mens han var her. Kunne han tenkje seg å vere fadder for eit prosjekt som kunnskaps- og næringsmiljøa i fylket vårt kunne gå saman om? Temaet gav seg sjølv: Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane, ein liten avleggjar av store prosjektet ”Et kunnskapsbasert Norge”, som Reve sjølv leiar. BI-professoren var positiv. Og nokre veker etterpå var vi i gang med prosjektet.

Torsdag vart resultata presenterte for næringslivsfolk og byråkratar på Skei. Sluttrapporten er tydeleg, og byggjer på det nasjonale prosjektet: Mange tunge trendar går imot fylket vårt. Vi har altfor få arbeidsdyktige menn og, særleg, kvinner i 30-40 årsalderen. 5.120 personar pendlar kvar dag ut av fylket vårt for å arbeide andre stader. Produktiviteten i næringslivet er godt under gjennomsnittet. Vi har for få kunnskapsbaserte næringsmiljø med høg innovasjonsgrad, som verkar tiltrekkjande på spesialisert kompetanse. Alt er likevel ikkje negativt. Trendar som sjølvrealisering og individualisering kan spele på lag med oss. Men då må vi la bygdedyret kvile.

Rapportens preskripsjonar er kanskje ikkje særleg overraskande: Gjere fylket meir attraktivt som bustad og for næringslokalisering, eit meir produktivt arbeids- og næringsliv, meir integrering, samhandling og spesialisering. Det siste er viktigast. Prosjektet tilrår at vi konsentrerer oss og byggjer vidare på sterke kompetansemiljø i seks utvalde næringar, der vi må ta sikte på å verte leiande nasjonalt og, kanskje, internasjonalt. Vasskraft og fjordvarme, linefiske, tematisk reiseliv, ei maritim klyngje i samarbeid med Maritimt Møre, effektivisering og leiing av byggeprosjekt. Her skal vi satse, her har vi noko å byggje på. Vi skal verte retteleg gode.

Analysane og statistikken som ligg til grunn for arbeidet vårt, kan ingen bestride. Eg kunne likevel ikkje, då vi torsdag presenterte rapporten, la vere å tenkje på frukostsure Henning Rivedals nedrige omtale av heidersmannen Torger Reve under ei direkte NRK-morgonsending i haust. I følgje FSF-flaggets fremste frontkjempar var Reve ein ”omreisande falsk profet som slengjer rundt om seg med lettvintheiter utan anna agenda enn å få oss deppa.” Men Henning Rivedal evnar knapt å finne ”lettvintheiter” i materialet vårt. Her er mykje godt stoff, for alle.

Vala som er gjorde, og tilrådingane som ligg føre, byggjer på grunnlagsdata og på strategiske vurderingar i styringsgruppa. ”Men det som er sagt, går rett i hjartet på oss,” sa Førde-entreprenøren Leif Arne Aasen, no med store interesser også i Sogndal. Industrigründeren Arild Bødal frå Loen etterlyste oljenæringa, og tykte at rapporten la for lite vekt på sterke enkeltpersonar, familiar og fagmiljø. Han streka òg under verdien av varige eigarskapsrelasjonar. Eit viktig poeng.

”Det er no vi må ta debatten,” sa fylkesdirektør Jan Heggheim. Sjølvsagt må vi det. Korleis kan vi t.d. utvikle HiSF og Vestlandsforsking til ”et spesialisert forsknings- og utdanningsmiljø i europeisk klasse,” som Reve sa det i mars 2010? Slike miljø er vesentlege komponentar i alle kunnskapsbaserte og konkurransedyktige næringsregionar. Skal vi klare det i vårt fylke, må næringslivet og forskingsmiljøa setje seg i lag og finne ut kva for område vi skal verte skikkeleg gode på. 500 mill. kroner, antyda Halvor Flatland på Skei. Då nyttar det lite å ri sine ideologiske forskarkjepphestar. Helst må det utviklast eitt felles forskingsinstitutt i Sogndal. Vil fylkeskommunen, gjennom ein ambisiøs næringspolitikk, ta den utfordringa?

Men det dreier seg eigentleg ikkje om meir forsking. Det vi treng, ikkje minst her i Sogn, er fleire kremmarar. Akkurat slik Torger Reve sa det for snart to år sidan.

Denne teksten er trykt som Innhogg i papirutgåva av Sogn Avis, laurdag 14.1.2012

Vist 323 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder