Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff og Fjordaglimt (laurdag 17. desember 2011). Les mer om roperten…

Kommentatordiktaturet

Eit kvart mediehus med respekt for seg sjølv, har minst éin synsar som i kommentarfelt får
fritt leide til å uttala seg om laust og fast. For Sogn Avis sin del er mellom anna denne spalta
uttrykk for denne trenden. Saman med auka bruk av desse kommentatorane har dette, utan
samanlikning med underteikna, ført til ein ny type allvetande kjendisar. Av desse er den mest
framtredande av dei alle twitterdronninga Elin Ørjasæter, med Dagnytt 18-gjengangaren
Marie Simonsen som ei god nummer to.

Desse kommentatorane synsar om det meste og dei fleste, òg det dei ikkje har grunnlag
for å seia noko om. Det viktigaste er å ha gjort seg opp streke meiningar slik at ein kan bli
invitert til nok ein debatt slik at ein kan få levd ut kommentatordraumen til det fulle. Dette
medførar klyppekort hjå i Dagsnytt 18, TV-sendte folkemøte og nyhendesendingar. Dei seier
det folk vil høyra, men som redaksjonane ikkje har grunnlag for å seia sjølve, typisk kva Jens
Stoltenberg tenkte når han gjorde det eine og det andre.

Kombinert med redaksjonar på sparebluss har dette ført til at det forenkla og fordummande
har blitt eit gjennomgangstema i norsk media, då det er billegare og meir fengjande å henta
inn synsarar som kan fortelja om gull, enn å bruka tid og pengar på å grava seg fram til
gråstein.

Inntrykket mitt er likevel at dette kommentariatdiktaturet òg har smitta over på det
redaksjonelle. Grove forenklingar er eit gjennomganstema og eit tydeleg symptom. Og skilje
mellom kva som er populistisk synsing om korleis ting skal vera, og kva som er basert på
kunnskap er diverre ikkje alltid like klar. Mi erfaring er at mange ukritisk trur på alt…

Ta til dømes alle oppslaga om Oljefondet sine tap. Det står aldri noko om at aksjar og
verdipapir har blitt realisert, men tap er det visst nok. På denne måten blir eit sinne skapa,
og alle snakkar om den aktuelle artikkelen, medan det i røynda ikkje er noko å hissa seg opp
over. Men mediehuset er nøgd, dei har fått publisitet. Om det er fagleg riktig er ikkje så nøye,
så lengje det fengjer og inntektene strøymer inn.

Men det er ikkje berre bladfykane som spekulerar. Ta tid dømes Per Sandberg som
leika rettspsykiater og ikkje ville godta Bering Breivik-rapporten. Samstundes hang
kommentatorveldet seg på og sa dei var overraska, og at dei ikkje hadde sett ein slik
konklusjon komma. Men på kva grunnlag?

Det er freistande å seia at viss du ikkje har peiling, kan du like godt halda kjeft. Så bastant er
det likevel ikkje naudsynt å vera, for det er tilstrekkeleg å undersøkja med nokon som faktisk
har grunnlag for å uttala seg.

Ofte blir likevel òg det for vanskeleg. Då er det langt mellom festtalane om media si rolle som
vaktbikkje og folkeopplysar, og den verkelege verda. Behovet for ei femte statsmakt som kan
passa på media kan slik seiast å vera stor, for den populistiske og synsande journalistikken
festar grepet.

Ta til dømes Dagbladet sitt oppslag tidlegare i haust (når skattelistene blei offentleggjorde)
om at Breivik tente meir i fengselet enn på frifot. Oppslaget drog nok til seg ein del ekstra
tusen lesarar, og lite fekk dei vita om frådrag som ikkje er synlege på skattelistene og
terroristen sin reelle pengeflaum dei siste åra.

Dette har gjort at det gamle jungelordet om at du ikkje skal tru på alt som står på trykk om
mogleg har blitt endå meir sant.

Vist 317 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Syns du har nokre viktige poeng. Eg delte denne på twitter direkte til nokre av dei du skriv om (Elin Ørjasæter og Marie Simonsen). Ifylgje statistikken er Simonsen den andre mest brukte kommentatoren på Dagsnytt 18. Elin Ørjasæter kjem litt lenger ned på lista. Gjett kven den mest brukte gjesten på Dagsnytt 18 var i 2011…

Annonse

Nye bilder