| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff og Fjordaglimt (tysdag 13. desember 2011). Les mer om roperten… Eit B-kulturhus i Sogndal?For tre veker sidan hadde eg gleda av å besøke det vakre kulturhuset Oseana ved Bjørnafjorden rett utanfor sentrum av Os. Ein tydeleg stolt ordførar Terje Søviknes viste oss rundt i det nye 235 mill. kroners huset. At Oseana har reist seg i ein Frp-styrt kommune, med ein av partiets frontfigurar som pådrivar, verkar nærmast politisk naturstridig. Søviknes sjølv leidde byggjekomiteen. I dag leiar han driftsselskapet i det ferdige kulturhuset; eit kommunalt føretak. Ikkje noko aksjeselskap i Frp-garden. Eg kunne ikkje la vere å tenkje på den kulturglødande Terje Søviknes mens eg høyrde på vår eigen, heilt visjonslause, ordførar Jarle Aarvoll under det godt besøkte folkemøtet om (nye) Sogndal kulturhus tysdags kvelden. Aarvoll sa absolutt ingenting om det framtidige innhaldet i det nye kulturhuset vårt. Han sa ikkje eitt ord om kva kommunen eller ordførar tenkte om det. Han heldt seg strengt til det rådmannen har sagt; driftsøkonomien til kulturhuset skal styrkjast med kr 300.000 per år. På folkemøtet var det Kari Thorsen, kultursjefen Sogndal aldri fekk, som med sine visjonar og understreking av langsiktig strategisk tenking, minte meg mest om Terje Søviknes. Mens Aarvoll mumla om 300.000, fekk vi fortalt at Årdal kommune har brukt fleire titals millionar kroner til rehabilitering av begge sine samfunnshus, på Tangen og i Øvre. Eit av måla deira var å verte betre enn Sogndal. Førde kommune har brukt 30 mill. til opprusting av storesalen i sitt kulturhus. Gloppen og Eid kommunar har satsa betydeleg, og fått sin trivselshage og regionale operahus. Sogndal kulturhus står på staden kvil. Politikarane våre har starta i feil ende, sa Atle Stalheim, styreleiar i Sogndal kulturhus AS. Så no står vi i fare for å få eit B-kulturhus. Politikarane sviktar sine eigne lovnader, fastslo Anke Zondag, og viste til kommuneplanen 2010-2022, der politikarane seier dei skal styrkje og sikre kulturhuset som regionalt kultursenter. Det motsette skjer. Initiativtakar Kåre Lerum tala varmt for samanslåing av driftsselskap og eigedomsselskap til eit nytt felles aksjeselskap, og tilrådde ei refinansiering på 25-40 mill. kroner over 20-30 år, med eller utan kommunal garanti. Det trengst ny kapital om vi framleis skal vere i A-klassen blant kulturhusa. Storsalen må utvidast til 6-800 plassar, kantina verte fleirbruksarena, medan bibliotek og kunstutstillingar skal dele 1. og 2. etasje. Ein ny kinosal må byggjast. Kultursskulen og danseloftet skal inn. Alle i salen som hadde ordet, var samde om dette. Veteranane frå 1991 streka under det uunngåelege: politikarane må igjen ta styringa, og Sogndal kommune må trø sterkare til. No er vi tilbake der vi var i 1985: vi skal fylle eit kulturhus med god kultur av høg kvalitet, utan at vi lenger har ein dominerande leigetakar å kvile oss på. Ein slik leigetakar dukkar ikkje opp i dag. Då må kommunen ta ansvaret, eit ansvar ein ikkje kan kjøpe seg fri frå med lusne 300.000 kroner. Det engasjerte folkemøtet gav sterkast applaus til Kari Thorsen og ungdomsrepresentanten Ingrid Øyen. Alle i salen ville ha eit kulturhus med mykje meir kultur enn i dag, og ikkje noko B-kulturhus. Årdølane skal ikkje få gå forbi oss. Men ingen hadde hjarta til å trekkje den naturlege konsekvensen av dette. Sogndalsmodellen for å eige og drifte eit kommunalt kulturhus er nemleg heilt utdatert. Sjølv Frp- og Høgrekommunar vel i dag den langt meir ansvarlege modellen, der kulturhusa vert organiserte som kommunale føretak eller som reine kommunale einingar. Berre slik kan ein engasjere politikarane. Spør Terje Søviknes, om du ikkje trur meg. AS-modellen har spelt fallitt i kulturhus-Sogndal. Ingen som høyrde ansvarsfråskrivinga frå ordførar Aarvoll i Sogndal kulturhus tysdagskvelden, kan vere det minste i tvil om det. No må det tenkjast nytt. Elles får vi eit B-kulturhus.
Vist 751 gonger. Følgt av 1 person. | ||