Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff og Fjordaglimt (laurdag 10. desember 2011). Les mer om roperten…

Endå ein raudgrøn festtale?

For omlag ei veke sidan la regjeringa fram Stortingsmelding om landbruks- og matpolitikken. Den nye landbruksmeldinga vart presentert av Sp-landbruksminister Brekk, og applaudert av Sp-leiar Liv Signe Navarsete. Men det spørst om denne meldinga er særleg meir eigna for Senterpartiet til å halde på veljarane enn den er eigna som reiskap for å ta vare på norsk landbruk i framtida.

Det må i alle fall vere eit tankekors at når Sp-avisa Nationen presenterer hovudpunkta i meldinga, på ein optimistisk og positiv måte, og lagar ei lesarundersøking på nettsida si, så kryssar 64 prosent av lesarane at dei ikkje er nøgde med Stortingsmeldinga. Dei siste 36 prosentane fordeler seg likt på dei som er nøgde og dei som ikkje anar om dei er nøgde eller ikkje («veit ikkje»).

Det overordna målet er å auke matproduksjonen i takt med folketalsauken. Regjeringa vil legge til rette for auka produksjon av jordbruksvarer som det er naturgjeve grunnlag for og som marknaden etterspør, og på den måten oppretthalde sjølvforsyningsgraden. Dei tre andre hovudmåla er landbruk i heile landet, aukt verdiskaping og berekraftig landbruk. For bønder på Vestlandet kan det sjå bra ut at regjeringa tek til orde for større grad av differensiering av landbruksstøtta mot områder der dei er uroa over utviklinga, mellom anna «deler av Vestlandet». Vi som framleis er aktive kan håpe dette ikkje kjem i seinaste laget. Regjeringa ser også på målet om landbruk i heile landet som svært ambisiøst med det klimaet og kostnadsnivået vi har i Norveg, som dei skriv.

Landbruksmeldinga har vore kritisert for å ikkje vere konkret nok, og spørsmålet er om dette er enno ein av dei raudgrøne festtalane som ikkje vert fulgt opp i praksis med det som skal til av verkemidlar og økonomi. Ein anna kritikk er at sjølvforsyningsgraden ikkje er reell all den tid importert kraftfôr vert teke med i reknestykket. Ifylgje veterinær og journalist Anne Viken importerer vi 700 000 tonn kraftfôr kvart år, og norsk matvareproduksjon legg beslag på 2,5 millionar dekar landbruksareal utanfor Norge. Det er slik norsk landbruk «opprettheld sjølvforsyningsgraden»! I ei verd der matmangel er eit aukande problem er kraftfôrprodusert gris, kylling og kalkun for å gi billeg mat til rike nordmenn eit moralsk og etisk problem regjeringa her snur ryggen til? Kva skjer når kornmangelen blir slik at kraftfôrprisane går rett opp, eller råvarer til kraftfôr ikkje er å oppdrive? Kva skjer med norsk såkalla sjølvforsyning dersom tilgangen på utanlandsk kraftfôr blir borte?

Auka produksjon av jordbruksvarer det er naturgjeve grunnlag for, seier Stortingsmeldinga. Korleis vil ein snu utviklinga i norsk landbruk for å nå dette overordna målet? For det er eit faktum at i takt med effektiviseringa har meir og meir landbruksjord blitt liggande brakk, og utnyttinga av dei store utmarksressursane og beiteareala har minka i same takt som importen av «billeg» kraftfôr har auka. Sjølvforsyningsgraden Brekk viser til er altså svært konstruert og eigna til vidare manipulering av norsk landbrukspolitikk. Om sjølvforsyningsgraden faktisk skal auke må arealutnyttinga bli betre, og kraftfôrandelen ned. Altså det motsette av det effektivitetsgalloppen siste tiåra har ført med seg, både før Brekk og under Brekk.

Sjølvsagt er 20 prosent auke i norsk matproduksjon eit ambisiøst mål. I lys av klimaendringane, menneskeskapte eller ikkje, så burde måla kanskje vore meir ambisiøse? Ynskjer dykk ei god helg med ekte, norsk mat produsert på norske naturgjevne ressursar, lågkarbo eller ikkje!

Vist 484 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24
Annonse

Nye bilder