Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt og Sognatreff (laurdag 3. desember 2011). Les mer om roperten…

Kulturhusprosessen

Neste sommar flyttar høgskulen ut av Sogndal kulturhus. Høgskulen var nøkkelen i realiseringa av kulturhuset i 1991, og har vore ein draumeleigetakar i 20 år. Om sju månader er det slutt. Sogndal kommune, som eig kulturhuset, har visst om dette i minst sju år. Men framleis er det berre nokre svært få som har ei aning om kva som no skal kome inn i det vakre huset i Gravensteinsgata, midt i sentrum av Fjøra.

Svært mange er opptekne av saka, og har meiningar om kva som bør, eller ikkje bør, skje. Alle ønskjer seg meir kultur i kulturhuset. Men alle veit at huset også treng betalingssterke kommersielle leigetakarar. Korleis skal vi så finne den beste balansen mellom dei ulike partane? Frå huseigaren er det ingenting å høyre. Det uroar folk. Og rykta går. Kulturhuset skal byggjast saman med varehuset Sogningen. Skal det då, som eit rykte seier, verte butikkar i heile 1. etasje i kulturhuset? Kanskje det. Det har jo alt vorte uttrykt ønske om å flytte folkebiblioteket opp i 2. etasje. Kva er på teiknebrettet?

Store ting synest å vere på gang. Og forhandlingar om husleige kan sjølvsagt ikkje gå føre seg i avisspaltene. Men ein slik kulturhusprosess har berre eitt utfall: kulturen, som huset faktisk er bygd for, vert ein salderingspost. Når avtalane er gjort med dei nye kommersielle leigetakarane, summerer huseigaren opp kor mange kulturkvadratmeter som er igjen i det vakre huset: dette er til dykkar disposisjon. Kor mykje det vert, er det berre nokre få som i dag veit. For kulturhusprosessen i Sogndal har så langt vore lukka, utanfor folkevalt innsyn. Finst det ein skjult agenda, spør folk seg.

Ein skulle sjølvsagt ha starta heilt i andre enden. Kultur-enden. For det var aldri meininga at Sogndal kulturhus skulle vere ei stor utleigemaskin for kommunen. Men sogndalspolitikarane har abdisert og frivillig gitt kulturmakta frå seg til rådmannen og Sogndal Eigedomsselskap AS. Kvifor kunne ikkje ordføraren t.d. i 2008 ha teke initiativet til å få laga ulike planar om kva for kulturaktivitetar det nye kulturhuset skal innehalde, drøfta finansieringsmodellar og spelt ball om dette med kulturlivet, politikarar og kulturhuset?

Ei refinansiering av kulturhuset har lenge vore mogleg å få til. Det ville frigjere mykje kapital. Kvifor har ikkje dette kome på dagsorden? Det har òg vore meir enn nok tid til å drøfte dei uheldige sidene ved at ansvaret for kulturhuset er fordelt på to ulike kommunale aksjeselskap, som begge kommuniserer via rådmannen til politikarane. Etter mitt syn er det høgt på tide å omdanne dei to aksjeselskapa til eitt felles kommunalt føretak. Sogndalsmodellen for kulturhuseige og -drift er ikkje lenger berekraftig. Men politikarane veit kanskje ikkje lenger kva det vil seie å styre?

Oddbjørn Bukve har denne veka stilt spørsmål ved om administrasjonen i kommunen ”i stor nok grad er politikarane sine tenarar”. Sogn Avis peikte i leiarartikkelen torsdag på den manglande openheita i Sogndal kommune, og brukte kulturhusprosessen som eit godt døme. Ordførar Aarvoll vart opprørt, og truga på formannskapsmøtet same dag med å trekkje avisa inn for Pressens Faglege Utval. Full blink for redaktør Fardal. Denne PFU-saka vinn du med utklassingssiffer.

Heldigvis har kulturen og kulturhuset i Sogndal mange gode vener. To av dei er veteranane Kåre Lerum og Johs. Thaule. Begge er sterkt uroa over det som no skjer i lukka forum. Dei ønskjer ein open og demokratisk kulturhusprosess. Tysdag 13. desember vert det derfor kalla inn til folkemøte, i kulturhuset sjølvsagt, om framtida for Sogndal kulturhus. Her vil kulturlivet i kommunen leggje fram sine planar for ombygging og arealdisponering av det ”nye” kulturhuset. Utruleg nok er det ingen som før har spurt dei om dette. Og no er det kanskje for seint. Veit du noko om det, ordførar Aarvoll?

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 3 des. 2011
twitter.com/georgar

Vist 579 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder