Harald Aabrekk er tidenes Sogndal-trenarTo opprykk. Éin bergingsoperasjon. Fire sesongar i eliteserien. Fleire av desse mot alle odds. Difor er Harald Olav Aabrekk tidenes Sogndal-trenar. Det er lett å bli historielaus i slike «kåringar». Per Ingar Sviggum med sine tre opprykk pluss cupfinale, Bo Mattsson med sin profesjonalisering av klubben, Ola Ljungberg sitt opprykk med påfølgjande historisk besteplassering (6. plass), og Torbjørn Glomnes med sitt episke 2000-opprykk og underhaldande angrip-filosofi er alle menn som har prenta namnet sitt inn i Sogndal-soga til evig tid, og som er gode kandidatar til den same tittelen. Men ingen når heilt opp til «bonden frå Eid». Aabrekk sine merittar på Fosshaugane er nemleg utan sidestykke. Opprykk i 1990, ny kontrakt i 1991. Frå botnplassering til trygg grunn under bergingsoperasjonen i 2002. Opprykk i 2010, formasjonsrevolusjon og sikker plassering på tabellen i 2011. Nokon betre? Eidaren sin tredje epoke i Sogndal er hans beste. I ein periode der klubben har hatt fokus på anleggsutbygging og nedjustering av raude budsjettal framfor sportsleg satsing har Aabrekk likevel gjort det «umoglege», og atter ein gong etablert klubben på toppnivå. Karl Oskar Emberland og Ole Hjelmhaug fekk plukka tilnærma fritt frå handlehyllene i 2009, utan å lukkast i jakta på opprykk. Dermed fekk Aabrekk sjansen, med 4,5 millionar mindre å rutta med og ein kraftig nedjustert spelarstall. Eg har ein draum om å rykka opp, sa Aabrekk til meg etter den første treningsøkta med laget 4. januar 2010. Ikkje noko svada om 5. plass, poengmålsetnad og éin kamp av gongen. Berre ein draum. Og opprykk vart det. Men med lite budsjett og lite investeringar på spelarsida vart Sogndal dømd nord og ned før årets sesong. Etter null poeng på dei tre første kampane hadde eg ikkje akkurat trua eg heller. Men der omgjevnadene konkluderte med nedrykk jobba Aabrekk vidare i det stille. Han skrudde saman ein ny – og defensiv – 5-2-3 formasjon, gav blaffen i kritikarane og fekk sakte men sikkert laget på rett kjøl. Det byrja i det små med den dørgande keisame 0–0 kampen på heimebane mot Tromsø. Eitt poeng. Eitt steg framover. Éin månad seinare kom vendepunktet i årets sesong. Stabæk vart slått i Telenor Arena. Aabrekk og kompani var framleis på botn av tabellen, men i løpet av desse 90 minuttane fekk spelarane prova både for seg sjølve og andre at dei kanskje hadde noko å gjera på dette nivået likevel. Resten er historie. Tre tap på dei 13 siste kampane er det synlege provet på dei store stega Sogndal har teke sidan dei blei tidvis rundspelte av Strømsgodset i minusgradene på Marienlyst i serieopninga 20. mars. Utvikling. Det er nøkkelordet til korleis Aabrekk har gjort Sogndal sitt 1. divisjonsmannskap frå 2010 til eit elitemannskap i 2011. At Even Hovland var eliteseriemateriell visste me også før årets sesong. Men under Aabrekk si leiing har også spelarar som Mats Solheim, Per Egil Flo, Ole Jørgen Halvorsen, Isak Scheel og Ørjan Hopen teke kvantesprang frå brukbare 1. divisjonsspelarar til etablerte karar i eliten. At dette skjer 20 år etter at Aabrekk gjorde det same med Håvard Flo og Tore André Flo er ikkje tilfeldig. Aabrekk er ein eigenrådig mann, og dei som vil vera kritiske vil kunna peika på ting som ikkje har gått vegen under den siste regjeringstida hans i saftbygda. Sogndal 2 har ramla ned eitt nivå, og har kanskje ikkje fått nok hjelp frå a-laget. Men med liten økonomi og rammevilkår som eigentleg tilseier spel i 1. divisjon har Aabrekk måtta gjort nokre knallharde vurderingar. Med ny elitekontrakt i lomma kan ingen seia at han har bomma. 55-åringen har og vist seg som ekstremt lojal. Motsetnadene mellom han og klubben sin administrative leiing har lenge vore store, noko som førte til at Aabrekk allereie i januar gav beskjed om at han ikkje ville vera med vidare. Men heilt fram til soga rundt klubben sin medisinske koordinator Kim Are Jacobsen eksploderte i september heldt Aabrekk frustrasjonen over manglande støtte og usemje med leiinga for seg sjølv. Han ønskte ikkje å sverta klubben i sitt hjarta, og let seg ikkje lokka frampå av overskriftsjagande journalistar. Men overskriftene kom i september. Også her stod lojaliteten i sentrum. I protest mot at leiinga i klubben lyste ut jobben til Jacobsen bak ryggen hans slo Aabrekk knyttneven i bordet og slutta på dagen. Resultatet var interne krisemøte, der Sogndal-leiinga måtte leggja seg langflate og offentleg orsaka den flaue hendinga. Her viste Aabrekk lojalitet for sine kollegaer, gjennomslagskraft og at han er ein gamal stridshest du absolutt ikkje vil kødda med. I mi bok var dette den siste brikka i puslespelet som sikra han tittelen «tidenes Sogndal-trenar». Aabrekk har letta meir på sløret om kvifor han sluttar i Sogndal i vekene etter dette, seinast i Sogn Avis måndag. Den fulle sanninga om kva som har gått føre seg i kulissene på Fosshaugane får me kanskje aldri veta. Men det er uansett utruleg synd at situasjonen har blitt slik at det er umogleg for Aabrekk å halda fram i klubben. Kanskje Sogndal har kome så langt dei kan koma med Aabrekk ved roret, og at ein ny trenar med nye tankar og idéar er det som skal til for å løfta laget vidare. Men det kan og slå andre vegen. Personleg trur eg Sogndal ville gått inn i ei ny stordomstid med Aabrekk ved roret i åra framover. Historia så langt tyder ikkje på noko anna. Det får me aldri veta, og det tykkjer eg er trist. Men det er heller ikkje dumt å gje seg på topp, og det gjer Harald Aabrekk. Han er tidenes Sogndal-trenar.
Vist 559 gonger. Følgt av 2 personar. | ||
Kommentarar
Men Egil Mundal er kanskje ikkje tidenens dagleg leiar i Sogndal?