Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff og Fjordaglimt (søndag 23. oktober 2011). Les mer om roperten…

”Politiet kom omsider også til staden”

For to veker sidan skjedde det altså igjen. Ei bilulukke med hardt skadde personar er alltid ei
tragedie, og det blir om mogleg endå verre når dei involverte berre er i starten av 20-åra.

Men i tillegg til den menneskelege tragedien, var denne ulukka òg eit skremmande bilete på
skilnadane mellom kva rettar ein har i by vs. bygd.

Kvelden før ulukka såg eg statsbudsjettdebatten på NRK1. Som medieutnemnd vinnar av
statsbudsjettet var sjølvsagt Arne Johannesen til staden, men han gav som vanleg uttrykk for
at han ikkje var nøgd. For sjølv om politiet hadde fått ei stor auke i sine bevillingar, peikte
han på at dette i all hovudsak kom det sentrale austlandsområdet til glede. For oss andre vil
framleis det å oppnå målet om to politimenn pr. 1000 innbyggjar måtte framstå som ein våt
draum.

Dette er på ingen måte rettferdig, og det som var så synd var at Johannesen ikkje fekk høve
til å seia noko om konsekvensane dette førar med seg. Diverre skulle det koma eit døme frå
verkelegheit i vårt eige distrikt berre eit døgn etter.

Sjølv fekk ikkje sova etter å ha høyrt om ulukka. Eg var regelrett forbanna på vegne av både
dei skadde, pårørande, hjelpemannskap og bygdefolk generelt. For til den tragiske ulukka ved
Tinghuset kom det frivillige hjelparar, og etterkvart ambulanse frå Sogndal, og helikopter frå
Førde og Florø. Det frivillige brannvernet hadde òg fått samla eigne troppar og var på plass.
Men kva skjedde med politiet?

I nettartikkelen på sognavis.no kom Terje Eggum med ein karakteristikk som både var
sylskarp, treffande, og som burde gje dei fleste noko å tenkja på: Politiet kom omsider også
til staden, vel ein time etter at ulukka hadde inntruffe. I denne setninga ligg det mykje mellom
linjene, og som eg var inne på i eit innhogg i mars trer dette berre inn i rekkja av tilfeller der
politiet kjem seint.

Når det er sagt har eg full forståing for at det ikkje kan vera personell på vakt i kvar ei bygd
døgnet rundt. Eg har difor ikkje noko problem med å innfinna meg med ei heil eller delvis
sentralisering. Men då må me òg få noko attende! Det er òg klart at det er helsepersonell og
brannvernet som har den aller viktigaste funksjonen ved slike ulukker. Likevel har politiet ei
sentral rolle, om enn ikkje direkte livreddande.

Det er eit faktum at det heller ikkje er stasjonert ambulansebilar eller legevakt i Leikanger,
men det tok likevel ikkje ein time å få medisinsk hjelp. Og det er eit paradoks at sjølv om
me tykkjer det er tilfredsstillande med hjelp innan 25-30 minutt, noko som med god grunn
ville skapt ramaskrik i storparten av områda som no får styrka sin beredskap, så klarar politiet
heller ikkje innanfor dette tidsrommet å vera på plass når det skjer alvorlege ulukker.

Livet og tryggleiken til oss som bur på bygda er like mykje verdt som for alle andre. Det kan
ingen argumentera mot. Likevel skjer det gong på gong at me ser det motsette i praksis. Dette
gjer at me ikkje er jamstilte med dei i meir sentrale strøk, og det store spørsmålet er kva som
skjer den dagen det skjer noko som er meir alvorleg enn ulukker med berre éin bil, ordinære
slåsskampar og mindre alvorlege innbrot.

Vist 532 gonger. Følgt av 3 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Kvifor meiner du det er så viktig at politiket kjem raskt til staden etter denne ulukka? Kva er politiet sine oppgåver når det skjer ei ulukke som dette? Som du skriv er det sjølvsagt viktigast at dei som skal redde liv og verdiar kjem først til staden. Kva meiner du er politiet si sentrale rolle her? Vart konsekvensane av ulukka forverra fordi politiet ikkje var tidleg nok på staden? Var politiet for seint på staden i dette tilfellet?

Dette er ikkje eit godt døme dersom ein skal dokumentere dårleg politidekning i distrikta, slik eg ser det.

Exclamation_desat_24

Det er her på det reine at ulukka skjedde på ein riksveg. Med dette føl det eit behov for trafikkregulering. Når politiet ikkje er til stades, gjer dette at andre nødetatar må ta på seg ei slik oppgåve, noko som går ut over deira primæroppgåve. Om dette skjedde her veit eg ikkje, men det kunne heller ikkje politiet veta.

Det er vidare klart at politiet vil ha ei etterforskingsplikt i mange tilfelle. Dette gjer det naudsynt at politiet er raskt på staden, då bilen kan bli flytta på, prov kan bli øydelagd osv., mellom anna som ein følgje av naudetatane sin jobb. Det kan difor vera naudsynt å koma så nære på ulukkestidspunktet som mogleg.

Exclamation_desat_24

I en trafikkulukke handler det om å redde liv . Sikring av bevis kommer i en annen rekke . 113 og 110 er dei to viktigeste nummer i slike situasjoner . Desse er det som har kortest responstid , og har beste utstyr med seg til skadested. Vi fekk en god bekreftelse på hva slags utstyr politiet har , når det gjelder å finne frem . Viser da til drapet på Askøy for en tid tilbake. Ambulansepersonellet var raskt på åstedet , politiet fant ikke frem , og måtte ha hjelp fra ambu.personalet. Der beklaget politiet at deres adr.søkere (GPS) var langt dårligere enn det som finnes i ambulansene . Det handler om å reddet liv , ikke å sikre spor .

Annonse

Nye bilder