Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt og Sognatreff (laurdag 24. september 2011). Les mer om roperten…

Eit jag etter høgare utdanning

Talet studentar har eksplodert dei seinare åra, noko som på mange måtar har vore ei
velsigning med tanke på kompetanseheving i ei rekkje yrke. Med fleire pedagogar i
barnehagane, og vernepleiarar og andre som arbeidar med psykisk utviklingshemma, er det
liten tvil om at kvaliteten på tenestene har gått opp.

Denne utdanningseksplosjonen har likevel òg ført med seg ein viss galskap. For sjølv om
samfunnet forandrar seg, er det framleis ikkje slik at ein er ukvalifisert utan høgare utdanning.
I praksis ser me likevel at det i mange stillingar er eit krav om utdanning som ikkje står i stil
med arbeidsoppgåvene. På den måten blir mange stengt ute frå arbeidslivet, eller pressa over i
ei utdanning som ikkje er naudsynt.

Eit godt døme på dette er det offentlege, der det i storparten av stillingane er ein uskriven
regel at ein må ha minimum tre år høgare utdanning for å få ei fast stilling. Dette sjølv om
det ikkje alltid er noko rasjonell grunngjeving for nettopp dette kravet som har kome parallelt
med at ”alle” skal ta høgare utdanning.

Det som er interessant er å sjå denne utviklinga opp mot det aukande talet ungdommar som
droppar ut av vidaregåande utdanning. Mange av desse blir sitjande att utanfor arbeidslivet, då
dei ikkje kan slå i bordet med diplomar av ulikt slag. Men dei kan likevel vera dugande!

Den grunngjevinga som oftast blir trekt fram når det skal forklarast kvifor yrkesskuleelevane
droppar ut, er at yrkesfaga har blitt for teoritunge. Spørsmålet er då kva som skjedde på vegen
frå ei tradisjonell yrkesutdanning og fram til dagens teoritynga utdanning.

Eg vil våga å påstå at grunnen til at yrkesfaga har blitt så teoritunge, er nettopp jaget etter
høgare utdanning. Dei som sit med slips ser behovet for teoretiske kunnskapar for å få
allmenn studiekompetanse. Tanken er difor å letta overgangen til allmenn påbygging, slik at
dei yrkesskuleelevane som ynskjer det kan gå vidare på høgare utdanning.

Viss min teori stemmer er det i og for seg fint tenkt av dei med slips, men kvifor kan det ikkje
vera godt nok å vera ein vanleg fagarbeidar? Det er ikkje slik at behovet for mekanikarar
forsvinn, berre fordi ein får fleire maskiningeniørar, og ein treng framleis den tradisjonelle
snekkaren, sjølv om det går an å bli byggingeniør.

Særleg tydeleg blir dette når ein ser korleis lærlingbedriftene reagerar. Mange gir uttrykk for
at dei som går ut i lære ikkje har gode nok basiskunnskapar. Teorien tek med andre ord for
mykje av tida som skal gå med til læring, og dette går utover det dei faktisk utdannar seg til.
Når ein ser dette burde det ligga i dagen at ein då heller må prioritera det store fleirtalet som
har lyst på fagbrev, og ikkje dei som vil gå vidare.

Ein må snart innsjå at storparten av dei som vel yrkesfagleg utdanning gjer det nettopp for å
sleppa teorifaga. Dei har gått gjennom ti år med teori i grunnskulen, og ynskjer noko praktisk.
Når ein då nyttar mykje av skuletida i eit klasserom der ein analyserar lyrikk, i staden for
å vera på verkstaden, er det ikkje så rart at ein let att skulesekken for godt før ein er ferdig.
Kanskje ein burde vurdert å gje skilta med ”Lær ditt yrke” ein renessanse for å gje dei som
lagar læreplanar ei påminning om kva som må vera det viktigaste i ei yrkesfagleg utdanning.

Vist 510 gonger. Følgt av 3 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Her var mange interessante perspektiv. Eg undrar meg kvar det har vorte av smeden, bakaren, salmakaren, tømraren, muraren, glasmeistaren, glasblåsaren, gipsmakaren, instrumentmakaren, slaktaren, bødtkeren, buntmakaren, gullsmeden, båtbyggjaren, systover, vevstover, skomakaren, urmakaren, skreddaren eller hattemakaren for å nemna nokre yrkesutøvarar innan gamle handverkstradisjonar. I dag er det i Noreg visst mellom 10-15 smedar (kunstsmedar) med fagbrev, til dømes,

Er dette handverkstradisjonar som samfunnet ikkje treng lenger? Desse handverka finn ein visst berre bak kulissene i teaterverda, til dømes på det Norske Teatret. Men desse handverkstradisjonane har vel også sin kultur, og sitt fagspråk? Samfunnet treng vel slike fagfolk, ikkje minst fordi det er praktisk dugleik i skjeringspunketet mellom kunst, handverk og kultur? Kva som er “høgare utdanning” vert vel da eit spørsmål om definisjonsproblematikk?

Exclamation_desat_24

Vel, det startet med Reform 94 hvor man skulle gi de i yrkesfag en bredere utdannelse og hvor tanken om at alle snekkere egentlig ønsket og bli en bygningsingeniør slo rot, galskapen økte raskt deretter…

De som legger føringene for skolesystemet omgås ikke folk i de lavere lag, de har knapt møtt en håndverker annet enn som kunde, de har rett og slett ikke noe forhold til den slags mennesker og det er helt ubegripelig at det gir noen mening og ha “enkle” jobber.

Og kommer man ett hakk lengre ned på stigen og er ufaglært, da er man virkelig ute og kjøre i det norske samfunnet, mange blir rett og slett uføretrygdet i ung alder.

Annonse

Nye bilder