Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt og Sognatreff (laurdag 23. juli 2011). Les mer om roperten…

Kundehandsaming på botn.

Når eit føretak har problem med å levere, er det fleire måtar å takle kritikken som kjem i etterkant. Nokre legg seg heilt flate medan stormen rasar forbi, andre vel det heilt motsette: å le bort kritikk og spørsmål, å latterleggjere dei som kritiserar, og å bruke ein arrogant og nedlatande tone overfor kundane. Det siste er ikkje ein særleg vellukka strategi, uansett om den er gjort med vitande vilje, eller om det er gjort i tankeløyse.

For eit par veker sidan forsvann straumen med ein skarp smell då eg sat og åt kvelds. Eg ttrudde at noko inne hos meg kortslutta. Då det hadde gått to-tre timar, og eg hadde prata med fleire andre som hadde høyrt same smellen, tenkte eg den kunne ha samanheng med straumstansen. Eg ringte Sognekraft, som fortalte at dei enno ikkje hadde leita etter feil i Fjærland, fordi dei trudde feilen var i Jølster. (Som i seg sjølv var rart, då folk på Lunde, rett på andre sidan av Fjærlandstunellen, hadde fått igjen straumen med ein gong.) Sognekraft takka og sa det var nyttig informasjon. I ellevetida om kvelden køyrde dei eit par gonger forbi transformatorstolpen smellen kunne ha komme frå, og sidan dei ikkje såg feil på isolatorane i halvmørkret, konkluderte dei straks med at dette var tull og lause rykte. Det hadde dei moro av å fortelje folk seinare på kvelden: «Det går rykte om smellar både her og der i Fjærland,» sa Sognekraft til folk som ringte for å spørje om kva som var feil. På grunn av at fjærlendingane plaga dei med slike rykte vart det jo vanskeleg å finne den eigentlege feilen!

Feilen i Mundal vart ikkje utbetra. Natta etterpå kom det ei voldsom regnbyge. Då vakna fleire av sprakinga og eldspruten frå isolatoren i transformatorstolpen i Mundal. Ein liten gut på ferie tykte det var stas å vakne til det flotte fyrverkeriet. Han trudde det var nyttårsafta. Desverre slo ikkje Sognekraft sitt eige vern ut, derfor opplevde folk at det vart skadar på elektriske anlegg etter at ildspruten i isolatoren skapte spenningssvingningar over tid. Når Sognekraft sine folk var der neste dag og fann feilen, innrømma dei at dette var ein feil som sannsynlegvis hadde skjedd i samband med straumbrotet halvanna døgn tidlegare – den same feilen dei hadde hatt moro av å kalle «rykte om smellar både her og der»! Denne feilen, som altso var meld til Sognekraft, har ført til feil og utgifter både for private og næringsdrivande i Fjærland fordi han ikkje vart utbetra. Men Sognekraft fråskriv seg sjølvsagt alt økonomisk ansvar!

Fleire eg har snakka med, både næringsdrivande og private, sit att med inntrykket av å ha blitt handsama både arrogant og nedlatande av Sognekraft. At dei i tillegg hadde det moro med at meldingar om feil berre var ryktemakarar er greitt. Dei trengte vel den underhaldninga det døgnet. Men for Bremuseet var det ikkje underhaldande at aggregatet dei venta på ikkje kom. Korleis meinar Sognekraft at dei skulle purre på det etter at straumstansen hadde slege ut både fasttelefon og mobilsendarar? Andre næringsdrivande opplevde også at Sognekraft hadde det moro av å spøke med deira økonomiske tap etter straumproblema, noko dei ikkje fann særleg moro. Det var heller provoserande og frustrerande.

Skilnaden på eit kundevennleg og eit kundeuvennleg selskap har ikkje noko med om det oppstår feil eller ikkje. Skilnaden er korleis kundane vert møtt under feilen og etterpå. Det positive er at når ein har nådd botn i øvinga kundehandsaming, så kan det ikkje bli dårlegare – men det kan bli betre! Eg ynskjer alle ei så god helg som muleg. Ta vare på kvarandre!

Innhogg publisert i Sogn Avis laurdag 23. juli 2011
Du kan fylgje meg på twitter: MANNmedGREIP

Vist 613 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Tror Sognekraft har ei dårlig sak, hvis det blir ei rettssak. De har vist stor uforstand mener jeg, har sett på når en slik transformator brann, det var som å se på en sveiseflamme. Heldigvis var det ingen i nærheten, men feil med strøm er aldri moro.

Exclamation_desat_24

Einar, trur du det er rett for dei som har tapt pengar å gå til sak dersom dei ikkje blir einige med Sognekraft? Etter mi meining burde Sognekraft i alle fall erstatte tap som skjedde pga at dei ikkje tok ei melding om feil alvorleg. Dvs. at dei burde betale kostnadane som nokon hadde med å reparere sitt spenningsvern, som blei øydelagt fordi Sognekraft sitt ikkje virka, og tapt omsetning for t.d. daglegvarebutikken.

Exclamation_desat_24

Vi hadde ei ulykke med strømforsyningen for mange år siden. Da kom høyspent over på lavspent og inn i husene til folk. Selv om alt av sikringer slo ut, ble det mange skader på varmovner, kjøleskap ol. I et av husene begynte det å brenne men heldigvis var folk hjemme og fikk slokket med en gang. E-verket betalte alle skader og utgifter til elektriker, virket som de var veldig nervøse for å få søksmål mot seg. Husker det var mye snakk og mange mente det skyldes manglende vedlikehold som var skyld i dette.

Hvis Sognekraft har gjort feil eller kan klandres bør det vurderes, de leverer tross alt en vare som dere har betalt for.

Exclamation_desat_24

Dei har hevda sterkt i Sogn Avis og NRK Sogn og Fjordane at dei ikkje har noko som helst erstatningsansvar. Dei sa faktisk på NRK at dei ikkje hadde noko ansvar for å erstatte Hotel Mundal sine utgifter fordi Hotel Mundal ikkje hadde skaffa seg ein avtale med dei om at dei hadde erstatningsansvar. Når dei uttalar seg så dumt så burde dei kanskje av den grunn fått søksmål mot seg?

Exclamation_desat_24

Hvis de ikke har tatt en klage på alvor, så er det ganske alvorlig etter min mening, feil i transformator høres svært dramatisk.

Annonse

Nye bilder