Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff og Fjordaglimt (laurdag 28. august 2010). Les mer om roperten…

Ein rundball med namn Soria Moria

Dette innlegget er trykt som Innhogg under tittelen “Raudt pluss grønt er ikkje raud-grønt!” i Sogn Avis laurdag 28. august 2010.

Denne helga står i rundballen sitt teikn. Kreative og «gale» fjærlandsbønder med glimt i augo boltrar seg fritt når dei lagar kunst av rundballar og viser det fram for publikum på den mykje omtalte rundballefestivalen.

Kvar elles kan ein sjå rundballar klamrande fast oppe i eit tre, med eit andlet som viser tydeleg at han lengtar ned att til dei to smilande venene sine nede på landjorda? Eller rundballar som kjem krypande opp av ei veggrøft med svartmåla fotball som nase, rundballar utkledde som marihøner eller som halloween-graskar? Og eg tenker at om ein skulle skape naturalistisk kunst av regjeringa ved hjelp av rundball og fargar, så kunne ein måle ein rundball raud og grøn og kalle han Soria Moria. Og så kan ein legge all slags passande tolkingar og politiske analysar inn i det «kunstverket». Om ein vil setje kritisk søkelys på den mislukka landbrukspolitikken, som det har vore mykje debatt om siste vekene, så kan ein også plassere rundballen Soria Moria oppå ein sprellande og blødande bonde. Men den debatten skal eg ikkje ta her.

Som øko-bonde har eg mykje raudkløver på bøane mine. Dei raude blomane vert pressa inn i rundballane saman med det grøne graset – og ugraset. Når det raude og grøne har gjæra saman ei stund, så vert det til silofôr med ein tam farge som ikkje appellerar til folk og media. Raudt pluss grønt blir altså ikkje raud-grønt! Og uansett kor ein målar ballane raude og grøne utanpå den kvite plasten, gjerne med forholdsvis mykje grønt samanlikna med raudt for å gi ein illusjon av å vere meir miljøvennleg, så er ikkje innhaldet raud-grønt. Ikkje grønt, i alle fall. Dei gongene innhaldet i ein såkalla raud-grøn rundball er grønt, så er det grønt på ein negativt skadeleg måte. Det grøne har blitt heilt borte frå det raud-grøne. Og ein kan jo spørje seg korfor. Raudfargen på kløveren er framleis raud inne i ballen, men utgjer berre ein brøkdel av totalinnhaldet. Men likevel held media fram med å kalle den for dei raud-grøne. Det er på tide å ta innover seg at fargane utanpå den raud-grøne rundballen, ofte kalla Soria Moria, berre er eit eventyr fulle av løfter som aldri vert oppfylt! Folk flest forstår det. Det er på tide at media kallar den raud-grøne rundballen noko anna. Gråbleik, kanskje? – slik rundballane ser ut når dei har ligge ute i vêr og vind eit par års tid. Både det grøne og det raude vert borte mellom det dominerande fargelause, for korleis skal dei halde på fargane sine inne i rundballen medan den store fargelause «venen» fôrar dei med større og større kamelar som dei to små, den raude og den liksom-grøne, for det meste svel heile?

Men denne helga står i rundballen sitt teikn – både den gjennomsnittlege rundballen, den gode kvalitetsrundballen og dei originale ballane som heng i tre, er plassert på steinar eller ligg som liner langs vegar i kulturlandskapet. Og då heng vi oss ikkje opp i at ein ball har blitt måla raud-grøn og vert kalla Soria Moria. Dette er helga for galskap og humor skapt av bønder for å underhalde oss alle. Men om nokon skulle ta turen til Den tredje internasjonale rundballefestivalen, så må de gjerne tolke mitt forsøk på kunst i lys av dette Innhogget. God helg, rundballeri, rundballera… Rundball er bra!

Vist 725 gonger. Følgt av 6 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Med noen vuvuzela hadde det blitt lyd rundt rundballene også-

Exclamation_desat_24

SP skålte jo i champagne for det gode jordbruksoppgjøret, da burde vel også bøndene juble? Norske bønder er i likhet med fiskere snart på unescos rødliste over utryddningstruede arter, veldig snart!

Exclamation_desat_24

SP og Bondelaget skålar tidt og ofte for ein landbrukspolitikk som legg til rette for å produsere mest muleg mat til lågast muleg pris. Det tek etter kvart livet av norsk landbruk, særleg her på Vestlandet.

Exclamation_desat_24

Mykje moro med runde raude ballar- men kjem det blå til makta så må dei vel pakkast hardare så ein raudgrøn blir til ein halvparten så stor blå – og skruast til i form…slik ei…noko lignande som når ein lagar sylteflesk…

Exclamation_desat_24

Eg heng ikkje med på tankespranga dine, Jarle Olav. Men det går heilt fint å måle ein rundball blå også. Men eg ser ikkje noko poeng i det. Ein anna gong kan eit anna bilde brukast.

Exclamation_desat_24

Meinar noko lignande at når dei blå eventuelt kjem til makta ved neste valg kan rundballane bli nedmot halvparten verdt av det dei er no…dei no raudmalte soriamoria ballane….

Exclamation_desat_24

Den gråbleike regjeringa—hehe! Knakende godt skevet! Håper rundballehelga har overgått forventningene :)

Exclamation_desat_24

Takk, Gunnhild. Har vore ein fantastisk festival her. Du finn bilde og omtalar på Johannes-bloggen

Takk for oppklaringa, Jarle Olav. Eg ser den.

Exclamation_desat_24

Du kritiserer den raudgrøne regjeringa kraftig Mundal. Eg trur du skal tenkje deg litt betre om. Me står faktisk i fare for å få den mest mørkeblå regjering Norge nokon gong har hatt etter valet i 2013. Dersom Høgre og FrP kjem til makta er min spådom at du verkeleg får grunn til å klage. Eg trur du eigentleg skal vere glad for at me har den regjeringa vi har no Mundal. Der sit både SV og Senterpartiet, som er sterke talsmenn for den politikken eg har forstått du har sans for. Utviklinga går trass alt i rett retning, sjølv om vi kanskje av og til kan ønskje oss eit større tempo. Kursen er rett. Dersom vi får ei mørkeblå regjering vil kursen bli dramatisk endra. Tru meg.

Exclamation_desat_24

Ver sikker på eg ikkje ynskjer Frp-H-regjering. Men som ein kjent forskar innan landbruksøkonomi sa på eit seminar ein gong i sommar: Det er det same om hovudet er 20 cm under vatn eller om det er 50 cm under vatn. Ein druknar uansett. Kanskje det hadde vore like bra for landbruksnæringa med ei rask avvikling, og ikkje ei langvarig avvikling slik som no under Ap, støtta av kamelsvelgjande SP og SV.

Exclamation_desat_24

Arbeidarpartiet vil ikkje avvikle norsk landbruk. Partiet vil tvert i mot leggje til rette for at det kan drivast landbruk over heile landet under ulike føresetnader. Eit robust landbruk er og viktig for andre næringar som til dømes næringsmiddelindustrien og reiselivet. Ei avvikling av norsk landbruk vil ha svært store negative konsekvensar for Norge. Det er ingen politiske parti som går for å avvikle landbruket. Det er stor semje om, både i det politiske miljøet og blant folk flest, om at det er viktig å oppretthalde norsk landbruk på det nivået det har i dag.

Ellers blir det interessant å sjå kva som kjem ut av den nye stortingsmeldinga for landbruk som er under utarbeiding.

Ellers hadde det vore interessant å høyre kva du meiner må til for å snu utviklinga i det norske landbruket Mundal? Korleis løyser vi dei utfordringane vi har?

Exclamation_desat_24

Vi må starte i rette enden, Frantzen! Først må vi få politikarane til å forstå utfordringane, forstå korfor rekordmange bruk blir lagt ned. Så kan vi diskutere kva vi skal gjere med det. Eg har sjølvsagt ikkje løysingane åleine, men eg har nokre formeiningar om kva som bør gjerast. Men det er bortkasta å diskutere det med politikarar som i festtalar seier dei vil oppretthalde norsk landbruk, men i praksis ikkje har vist vilje til å gjere grep som virkar.

Exclamation_desat_24

Eg synes det er litt meiningslaust å kritisere berre for å kritisere. Og har du forslag til korleis vi skal snu utviklinga må du sjølvsagt rope ut, både til politikarar og andre. Det hadde vore meir fruktbart om du bidrog med løysningar i staden for berre kritikk.

Exclamation_desat_24

Eg treng å diskutere mine tankar med folk som forstår det før eg prøver å ta opp heilt nye måtar å tenke på med folk som står for ein politikk der det slett ikkje passar inn. Men eg kjem tilbake til det. Og kanskje er det ikkje noko hald i noko av det eg tenker. Men det har gått ein debatt i nokre aviser siste vekene i etterkant av Riksrevisjonen sin rapport om at Regjeringa langt på veg har mislukkast i dei politiske måla dei SEIER dei har, men at dei sannsynlegvis har lukkast i dei måla dei arbeidar etter: Størst muleg produksjon av billegast muleg mat – noko som rammar t.d. vestlandslandbruket hardt. Fleire rapportar har vore diskutert i debatten. Mellom anna ein dansk analyse som viser at strukturrasjonaliseringa er mislukka, og at det er dei største bruka i Danmark som per i dag har den dårlegaste økonomien. Det er kanskje på tide å snu utviklinga (!!??!) før landbruket her i landet knekk ryggen!

Exclamation_desat_24

Vil berre komme med ei presisering. Den danske rapporten viser at det er dei største bruka som har dårlegast økonomi når ein ser bort frå tilskota, og at det er små bruk som har best økonomi når ein ser bort frå tilskota. Strukturrasjonaliseringa har vorte ein galopp der ein må bli stadig større og meir effektive, utan at det kjem andre enn forbrukarane til gode med billegare matvarer, medan bøndene har auka gjelda vesentleg, fordi det står store summar bunde i dyre fjøsar, store traktorar og effektive maskiner. Gjeldsbyrda har auka, utan at inntekta har fulgt etter. Og for å kunne betjene låna har mange arbeid utanom gardsbruka, noko som igjen resulterar i at bøndene får mindre tid til å vedlikehalde kulturlandskapet. Kantsoner gror til med busker og skog osv.

Etter mi meining stadfestar riksrevisjonen sin rapport i stor grad dette.

Annonse

Nye bilder