| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff og Fjordaglimt (søndag 11. juli 2010). Les mer om roperten… Er øl den nye vinen?…det var tittelen på eit føredrag eg var på i Bergen i byrjinga av mai. Mannen bak det heile, Espen Smith, hadde teke på seg oppdraget å syna folk at øl ikkje berre er Hansa og Tuborg sine standardøl, men at det er ei heil verd av spanande ølsortar med mykje meir og betre smak. Det var reint fascinerande å høyra ein mann som snakka om øl på ein måte som gjorde at ein fekk smaken i munnen. Men sjølv om fagfolk som Smith reiser rundt og misjonerar for anna enn standardøl, er det likevel mindretalet som vel å betala 40-50 kroner for ein halvliter i butikken når Tuborg sitt humlevatn kostar det halve. Eg har likevel merka at det har blitt ei mykje større interesse for det som ikkje er standardøl den seinare tida. Ølsmaking er snart like stuereint som vinsmaking, og talet pubar og restaurantar som kan by på meir enn éin type øl har auka. Det er slutt på den tida det berre var særingar med snurrebart som sto i baren og spurde om utvalet i overgjæra øl. Det siste tiåret har øl frå mikrobryggeri blitt den store trenden i Noreg. Landet rundt har det dukka opp lokalt brygg av god kvalitet, og til og med i Sogn har me endeleg fått ei lokal stoltheit. Ægir har på rekordtid blitt ein del av vår identitet. Det er klart at lokal forankring er ei viktig brikke i dette, men fyrst av alt kjem Ægir sin popularitet av dei framifrå smaksopplevingane Aud og Evan har gitt oss. Mange har nok fått opna augene sine for anna enn pils gjennom bryggeriet i Flåm, og sjølv har eg fått stadfesta mi oppfatning av at øl passar betre til mat enn det vin gjer. Det er likevel mykje som talar for at øl framleis ikkje er heilt stovereint i alle krinsar, vertfall ikkje jamstilt med vin. I dag er den tollfrie kvota for vin 50% større enn ølkvota. Vidare har dei fleste aviser, til og med denne, vinspalter, medan eg framleis har til gode å sjå anmeldingar av øl anna enn framføre sesongar. I grunn er dette rart med tanke på at Noreg historisk sett er eit ølland. Det er likevel håp for framtida, då eg trur det faktum at det stadig blir meir norskprodusert øl vil tvinga fram eit auka fokus på øl, sjølv i bladfykane sine raudvinsreir. Konklusjonen på overskrifta er slik at ølet nok ikkje har blitt den nye vinen. Men Vinmonopolet og større butikkar, slik som Meny, sitt utval innan øl gir von for framtida. Kvifor skal ein drikka chilensk raudvin til norsk tradisjonsmat, når ein har eit stort utval øl som er laga for nettopp slik mat? Dette byrjar me å få augene opp for, endeleg! Treng du eit tips for noko leskande i sommarsola, kan du jo prøva Brime frå Ægir eller ein tysk weiβbier. Perfekt ein varm sommardag, og gir deg garantert ikkje blå tenner!
Vist 557 gonger. Følgt av 2 personar. | ||
Kommentarar
Er veldig einig med deg i at tida endeleg har komme for ølet. Og då tenkjer eg på noko anna enn “folkebevegelsen for pilsen” som fekk bortimot ein halv million underskrifter for 20-30 år sidan. Det er vel akkurat denne type rørsler som forflatar øl-kulturen ved at øl = pils.
Mikrobryggeria sin suksess og ditto for det lokale Ægir er gode eksempel på at den rike ølkulturen begynner å få forståing rundt om. Me ser det også på eit stadig betre utval av øl rundt om. Dessverre er norsk alkohol-lovgiving nokså øl-fiendtleg og øl med styrke over pils blir difor bortvist til Vinmonopolet. Det er synd, for der har dei ikkje stelt bra med det. Det er heldigvis teikn til endring også der, ved at dei tek inn fleire ølsortar og viser interesse for desse.
Framleis står det mykje att. Det er ikkje lenge sidan eg las ein omtale av ulike ølsortar i ei avis der weiβbier fekk følgjande karakteristikk: “Æsj, hva er dette for noe. En uklar væske som ser ut som en dårlig urinprøve”. Fråver av kunnskap kombinert med forsøk på å vera morosam, med eit veldig dårleg resultat.
Nei, la oss slå eit slag for øl-mangfaldet. Neste gong du tek deg ein øl, bør du prøva noko anna enn pils (evt. ein god pils). Og for eigen del må eg jo seia at namnet forpliktar..