| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff og Fjordaglimt (laurdag 12. juni 2010). Les mer om roperten… Normering av språkDet har meg for øyre at det for tida på går eit arbeid for å få til ei ny rettskrivingsnorm for nynorsk. Arbeidsgruppa, som utruleg nok er 100% Sylfest Lomheim-fri, har som mål at det skal bli lettare å vera nynorskbrukar. Kanskje ikkje det mest grensesprengjande målet nokon har sett seg opp gjennom historia, men lat gå. Den nye reforma skal etter planen setjast i kraft frå august 2012, så det har til no endå ikkje kome så mykje handfast om kva me har i vente. Det som likevel har blitt uttrykt frå Språkrådet, som er oppdragsgjevar, at norma skal vera «tydeleg, enkel og stram […], utan sideformer». Mykje tydar altså på at den rike valfridommen i kva ord ein kan velja forsvinn. Med færre sidestilte former skal arbeidsgruppa gjera nynorsken enklare og meir attraktiv. Men dette resonnementet gjer at det skurrar hjå meg. Er det ikkje nettopp den rike valfridomen som er nynorsken si styrke? Er det ikkje moglegheita til å kunne tilpassa skriftsspråket til sitt eige talemål som gjer at me skriv nynorsk? Skal me tru Språkrådet er det heilt feil. Det er jo unekteleg ikkje slik at talemålet er likt i heile det nynorske Noreg, det er difor valfridomen er nynorsken si styrke. Det å kunne velja mellom «me» eller «vi», «mjølk» eller «melk» og For meg er ikkje det prov på anna enn at det er for lite dialekt i tv og radio, og når tidlegare språkforskar og no forfattar Helene Uri tok ordet forventa eg at denne sutringa skulle ta slutt. Men så feil tok eg… Uri, som for meg har framstått som ei forstandig kvinne, sa seg einig med dei frustrerte fruene, og sa til og med at det var trist at Stenvold hadde fått dispensasjon frå Dagsrevyen sitt dialektforbod. Vidare kom det eg aldri hadde trudd eg skulle få høyra. Etter kvart kom fleire til orde som ynskja seg ei norm for eitt felles talemål. Det ville løysa alle språkproblem, og vart til og med påstått det var viktig av tryggingspolitiske grunnar! Når ein spelar det kortet veit ein at argumenta er dårlege. Truleg blir det nok aldri noko felles normering for talespråket, men våren 2011 kan me venta nok oss ein hei dundrandes debatt om forslaget til norm som då blir lagt fram. For ein ting er sikkert: skriftsspråk og dialektar er ikkje noko ein køddar med, for det kan få Dovre til å falle. språk, Lomheim, Språkrådet, nynorsk, bokmål, normering, Ingerid, Stenvold, NRK, Dagsrevyen, Helene, Uri, frognerfrue, dialekt, skriftsspråk, talespråk
Vist 838 gonger. Følgt av 3 personar. | ||
Kommentarar
Hei og takk for meiningsytring.
Som leiar for rettskrivingsnemnda kan eg nok ikkje la vere å stramme inn på skriftnormalen, men eg kan vere med å avgjere kor mykje og på kva område. For at fleire skal kunne delta i denne prosessen, har nemnda oppretta ein eigen nettstad på nettsida til Språkrådet:http://www.sprakradet.no/nynorsknorm/. Her kan du fylgje arbeidet vårt etter kvart som vedtaka kjem. Sakspapir og referat frå møta finn du under eit eige menypunkt i venstremenyen. Alle vedtak er førebelse og vert justerte når det nærmar seg endeleg vedtak til våren. Dersom det er noko du finn verd å kommentere, kan du og gjere det i diskusjonsforumet vårt.
Nemnda skal berre ta for seg rettskrivinga. Ordtilfang og talemål er ikkje vårt bord, men synspunkt på rettskrivinga tek vi imot med stor takk!