Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff og Fjordaglimt (laurdag 15. mai 2010). Les mer om roperten…

Marknadstilpassing av utdanning

Dei siste tiåra har det vorte ein eksplosjon i talet studentar på dei norske utdanningsinstitusjonane. Kravet om stadig høgare kompetanse for å få jobb har gjort at det blir studert og skrive oppgåver på kvart eit nes og i kvart eit naust. Det har snarare blitt hovudregelen, framfor unntaket, å ta høgare utdanning. Det som på 50-talet var noko eksklusivt og statusfremjande, er no blitt ei sjølvfølgje for mange.

Sjølv om dei framtidige arbeidstakarane ser behovet for å tilpassa seg arbeidsgjevarane sine krav og behov, er det likevel interessant å sjå at høgskulane og universiteta framleis lever i si eiga verd. Eg har nemleg lete meg facinera av det statiske utdanningssystemet me har her i landet, som til dels er blotta for marknadstilpassing.

I dag ser me lektorutdanning med minimal praksis, sivilingeniørar som knapt har sett ein kjeledress, og sjølv går eg på eit jusstudium utan prosedering. Ein kan spørje seg i kva grad desse utdanningssystema er utforma i samarbeid med dei som nokre år seinare skal tilsetja studentane. Sjølv tvilar eg på det, og trur heller mykje munnar ut i det kjende ressonementet om at slik har me alltid gjort det, og slik skal forsetja å gjera det. Det obligatoriske ex.phil-kurset og fokus på matte, fysikk og kjemi i ulike helseyrke seier sitt. Og rykta skal ha det til at det for mange var tungt å sjå at obligatorisk latinkurs fall vekk i si tid.

All skuld for manglande marknadstilpassing kan likevel ikkje utdanningsinstitusjonane få. Som løyvande myndigheit bør òg Stortinget lata opp augene. Eit godt døme på dette finn me i vår eigen region. I fleire år har ungdommar som har fått tennene tilsynelatande tilfeldig plassert i munnen måtte reisa til Bergen for å få regulering og vedlikehalda den. Dette kjem som ein direkte konsekvens av at det årleg berre er utdanna ein handfull kjeveortopedar her i landet, sjølv om behovet er langt større.

Er det knappheit på midlar som er årsaka til dette, er det interessant å sjå på kva anna det i dag er mogleg å studera. I Bergen kan ein til dømes ta bachelorgrad i nye medier (facebook, twitter og myspace) og teatervitskap, for ikkje å gløyma tverrfaglege kjønnsstudie som ein kan ta i Oslo. Som ein av presentørane under karrieremessa som var i Bergen i vinter sa til ein kamerat av meg som går på europastudier: Det er visst mykje ein kan laga vitskap ut av!

Så kan ein jo sjølvsagt koma med trumfkortet om at ein ikkje kan samanlikna epler og bananar, at ikkje alt kan målast i pengar og at det er alltid nokon som treng sjølv den mest sære kunnskap. Eg torer likevel koma med den påstand at studier der studentane får problem med å forklara kva jobbar dei kan få må koma i andre rekkje. Men viktigast av alt er at studia må bli nærare knytt opp mot den arbeidsdagen som er i vente, og dei behova arbeidsgjevarane har.

Vist 5747 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Dette er jo den evige debatten mellom akademia og samfunnet. Eg trur at det er viktig at me har ein teoretisk plattform for det me skal jobba med, men eg er samd med deg at spriket mellom teori og praksis er for stort på universitet og høgskular. Samstundes så etterlyser eg kva studentane sjølve vel å gjere med dette. Brukar de i tilstrekkeleg grad t.d. studentdemokratiet til å påverka fagmiljøa i den retningen du etterlyser her?

Exclamation_desat_24

Ja, det er sant at dette er ein gamal debatt, men likevel høgst levande!

Mi erfaring er at bruken av det sokalla studentdemokratiet er liten. Det trur eg likevel har med å gjera at det reelle makta studentparlamentet har er minimal. Sjølv spurte eg nokon på valkampstand før sist studentparlamentsval på UiB kva parlamentet faktisk gjorde. Ho eg spurte (som sto høgt på ei av listene) kunne ikkje svara, og ein annan måtte tenkja seg om. Når han hadde fått tenkt litt, kunne han meddela at dei hadde fått bytta ut ein viss type stolar, og peika bort i kroken. Ikkje særleg imponerande i mine auge, og understreka for meg parlamentet si rolle som universitetet sitt glansbilete. Det faktum at dei gamle stolane faktisk var betre å sitta på enn dei nye gjer ikkje saka særleg betre.

Annonse

Nye bilder