Tid for tvisyn

Det er ei ærleg sak at lokalavisa mi har teke eit klart standpunkt i den vonde og langtidslammande sjukehusstriden i fylket vårt. Avisa kjempar ein aktverdig og einsidig kamp for at sjukehuset i Lærdal skal bestå som eit fullverdig sjukehus til nytte og glede for helsa til unge og gamle indresogningar. Slik det er no, skal det vere i framtida. Avisa lèt seg ikkje rokke.

Fjordabladet og Fjordenes Tidende kjempar ein tilsvarande fortvila kamp nord i fylket. I avisene er det ikkje rom for motførestillingar. Ikkje ein gong ein aldri så liten redaksjonell tvil kjem fram. Det er enten eller. Svart eller kvitt. Kvar er det forsonande tvisynet? Nei, talet på historier om skrekkregimet i Helse Førde er botnlaust. For eit par veker sidan prøvde NRK Sogn og Fjordane å utkonkurrere lokalavisene på dette området. Dei får ingen pressepris for den innsatsen.

Ein sogndøl eg kjenner godt, seier det slik: ”Eg har gitt ambulansen klar beskjed om at viss det vert alvor, så skal han svinge til høgre når han kjem ned i Gravensteinsgata .” Som dei fleste sogndøler skriv han ikkje i avisa eller går i fakkeltog. Men han kjenner bygda si. Og han veit at i Sogndal er det rom både for tvil og tvisyn om den framtidige sjukehusstrukturen i fylket. Dette tvisynet finn vi også i Luster og på Leikanger.

Vi på nordsida av fjorden veit at mykje står på spel for lærdølene. Men vi veit òg så altfor godt at dagens sjukehusstruktur, uansett framtidig regime, har mindre sjanse til å overleve enn ein snøball i sjølvaste helvete. Kommunenes Interesseforening for Lokalsykehus kan bestille så mange forskingsrapportar dei berre vil. Det reddar ikkje eit einaste lokalsjukehus. Det gjer heller ikkje fleire harmdirrande leiarartiklar i Sogn Avis. De må gjerne sparke både Clara Øberg og Jon Bolstad. For lagnaden til sjukehuset i Lærdal spelar det inga rolle.

Kloke Helge Johnsen skreiv det slik i Firda: ”Tretti års sjukehuskrig har vist at Sogn og Fjordane ikkje er eit fylke der det går an å gjere alle til lags. Så lenge det er håp om omkamp, blir det omkamp.” Men hovuddommaren tviheld på fløyta. Uavgjort er eit resultat han ikkje lenger kan leve med. Om litt bles han av heile kampen. For godt. Erfarne gamblarar veit godt kva for utfall det lønnar seg å setje pengane på. Satsar du formuen din på at vi om tre år har eit fullverdig sjukehus i Lærdal, er du bankerott. Ingen helseminister frå noko parti vil av den grunn felle ei tåre. Frp, populist-Noregs fremste parti for grenselause offentlege utgifter, ikkje unntatt.

Om aldri før, er det no tid både for tvisyn og vidsyn. Vi treng ikkje fleire fakkeltog. Aksjonistane si tid er over. No må alle helsekreftene mobiliserast for å forme ut ei moderne, framtidsretta og høgt kompetent primær helseteneste i regionen vår. Vi står framfor ei enorm samhandlingsreform i og av det lokale og regionale helse-Noreg. Kva for rolle skal den kompetansen som finst i og kring sjukehuset i Lærdal, spele i utviklinga av denne reforma? Kva for regionale spesialitetar kan ein tilby? Kvifor finst det ikkje ein offensiv regional strategi for dette?

Lærdal sjukehus slik vi kjenner det, står for fall. I Sogndal arbeider krefter for at eit nytt og moderne distriktsmedisinsk senter skal sjå dagsens lys. Skjer det, vert det snøgt berre skalet igjen av sjukehusbygget i Lærdal. Imens brukar ein opp både krefter og trykksverte på å fantasere om ei fødeavdeling.

Tida er i ferd med å renne ut. Ein ny omkamp knekkjer Lærdal. No trengst det nøkterne realistar, ikkje livsfjerne omkampkjemparar.

Dette innlegget er trykt som Innhogg i Sogn Avis 20. mars 2010
Du finn meg på twitter: twitter.com/georgar

Vist 9014 gonger. Følgt av 3 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Er så inn i hampen enig! Tida for omkamper er over. No må ein sjå framover!

Exclamation_desat_24

De er så skråsikre, at det er heilt inni “Hampen.”
Er de like sikre på, at DM-Senter ikkje blir eit kommunalt anliggande ?

Exclamation_desat_24

G.A. Obs-Viste ikkje, atte da va di avisa ! Faor berre seia, takk fy laone dao.

Annonse

Nye bilder