Ingen poeng er tapt

Det luktar ikkje svidd av tala 2–2–6. To sigrar, to uavgjort og heile seks tap er Sogndal Fotball sin status so langt i sesongoppkøyringa. Dette er klubben sin svakaste sesongoppkøyring på mange år, og eg forstår godt dei som allereie bekymrar seg for korleis dette vil gå knappe tre veker før alvoret tek til mot Ranheim heime på Fosshaugane. Vert dette ein middelmåtig sesong, der kvittrøyene vert liggjande midt på tabellen saman med Mjøndalen og Strømmen?

Nei. Punkt éin, null poeng er delt ut so langt, dermed er null poeng tapt. I 2009 hadde Sogndal ein kanonsterk oppkøyring med null tap av ti moglege, men då poengsankinga byrja klarte laget berre å samla saman fem av 12 moglege poeng, etter éin siger på dei fire første kampane.

At ting ikkje har gått knirkefritt hittil i år er ikkje overraskande. Seks spelarar frå fjorårets startellevar er erstatta, heile trenarapparatet er nytt, og ikkje minst, ny formasjon og spelesystem skal spelast inn. Tendensane til at Aabrekk er i ferd med å få ting til å sitja var tydelege under treningskampane mot Sarpsborg og Fredrikstad på La Manga førre veka, til trass for at begge oppgjera enda med tap.

I 1–2 tapet for Sarpsborg var det to personlege feil som øydela, medan den totale lagprestasjonen var godkjend. Opprykksfavoritten ved svenskegrensa skapte ingen store sjansar utanom scoringane sine, og fekk spelet sitt øydelagd av ei god og aggressiv Sogndal-midtbane. Kampen mot Fredrikstad var eit langt gjesp i 60 minutt, før Sogndal tok fullstendig over siste halvtimen. Her såg eg klare teikn på korleis Sogndal vil sjå ut under Aabrekk i 2010: Solide i forsvar, løpsvillige og taklingssterke på midten, og eit angrepsspel basert på hurtige pasningar og få touch i lengderetning.

Igjen kom baklengsmålet etter ein glipp som burde vore unngått. Men: Feil som dette er på detaljnivå og kan lukast vekk. Det ville vore mykje verre viss strukturen i laget var fundamental feil. To jamne kampar enda med tap, men då skal me huska på at dette var oppgjer mot to av opprykksfavorittane, som har spelt saman i fleire år. Sogndal byrja med blanke ark for 10 veker sidan.

Laget har likevel fleire utfordringar denne sesongen enn på mange år. Spelarstallen er tynn, og særs sårbar for skadar. Men stoda er akkurat den same hos dei andre topplaga i divisjonen. Fredrikstad har ein knallsterk førsteellevar, medan resten av troppen består av unggutar. 16 år gamle Magnar Ødegaard spelar fast i Sarpsborg-forsvaret, og har fleire av sine jamaldringar på innbytarbenken. Eg ser ingen grunn til at Gustav Valsvik, Ørjan Hopen og Gøran Wigum ikkje skal kunna bita frå seg på same nivå som desse.

Verre er det at laget sine spissar opplever kollektiv måltørke på same tid. Ulrik Flo og Tommy Øren har scora to kvar i treningskampane, medan Espen Olsen og Joakim Rudolfsen framleis har til gode å finna nettmaskene. Fire mål på fire spissar på ti kampar skremmer ingen, og er eit tal som må aukast drastisk viss Sogndal skal kjempa mellom dei fire beste i årets sesong. Noko av forklaringa ligg i at alle fire har slite med skadar i oppkøyringa, og mest truleg vil verta betre og betre dei komande vekene.

Det som bekymrar meg mest er Lars Grorud sin sviktande form. Midtstopparbautaen har gjort fleire feil i dei tre siste kampane enn i heile førre sesong til saman: Han forårsaka tre straffespark mot Lyn og Sarpsborg, og mista ballen i forkant av Øyvind Hoås sitt sigersmål for sistnemnde. Er dette berre ein udramatisk formsvikt, eller har han hovudet ein anna stad enn i Sogndal?

Også på backplass er det nokre spørsmål som treng svar. Skal Mats Solheim vera årets førsteval på høgrebacken? Solheim er god offensivt, men kan få køyrt seg skikkeleg mot dei betre kantspelarane i divisjonen. På motsett sida er Per Egil Flo nøydd til å stabilisera prestasjonane sine. På La Manga fekk me sjå Flo i eit nøtteskal: Temposvak og upresis mot Sarpsborg, drivande god mot Fredrikstad. Som ein referansespelar i klubben må stryningen visa prov på at han kan prestera over tid i årets sesong.

Utfordringane står i kø for Sogndal, men so fort detaljane er på plass og dei personlege feila vert luka vekk skal dette gå bra. Aabrekk er ein ringrev, og eg stolar på at han fiksar dette.

5. april byrjar poengsankinga.

Vist 2300 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder