Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff og Fjordaglimt (laurdag 6. mars 2010). Les mer om roperten…

Kven er undertrykte?

På måndag er det nok ein gong duka for kvinnedagen. Eg har tidlegare teke til orde for at dette må bli ein likestillingsdag, men har endå ikkje fått gehør for den tanken. Skal eg tru telefonane eg fekk etter at ideen kom på trykk blir det ikkje likestilling mellom menn og kvinner før menn kan føda ungar.

For meg er 8. mars til dels veldig sinte kvinner frå Kvinnegruppa Ottar kledd slør som skrik til Dagsrevyen sin reporter om kor vondt det er å vera kvinne, og kor mykje betre menn på alle måtar måtte ha det. Det kan stundom utvikla seg til ein konkurranse i å vera mest undertrykt. Det er under slike utbrot det er freistande å gjera Eldrid Lunden sine ord til sine eigne:

Vil du bli ei undertrykt jente
skal du seie at du er ei undertrykt jente
du vil ganske enkelt bli tatt
på ordet

Attende står dei vanlege kvinnene (som utgjer 99%) og er pinleg berørt av denne noko merkelege konkurransen. Eg kjenner fleire som skjemst over å vera av same kjønn som desse militante aktivistane som frontar den likestillingskampen anno 2010.

Slik eg har forstått det er hovudparola i år «nei til kvinneløn» og «ja til likelønspott». Men er ikkje dette ei einaste stor misforståing? Eg har framleis tid gode å høyra om ein mann og ei kvinne med same kvalifikasjonar i same yrke som gjer akkurat same jobben, som har ulik løn i 2010. Spørsmålet må i mine auge heller vera meir retta inn mot det saka faktisk gjeld: er det riktig at til dømes ein sosionom (tradisjonelt kvinneyrke) med treårig høgskuleutdanning skal tena mindre enn ein ingeniør (tradisjonelt manneyrke) med like lang utdanning? Ikkje fullt så lett å få pressedekning på ei så lite tabloid parole, men det ville nok stilt aktivistane i eit meir truverdig lys. Uansett er svaret i mine auge ja, så lengje etterspurnaden etter arbeidskrafta er ulik og me lever i eit samfunn som byggjer sin prispolitikk på tilbod og etterspurnad. Men det er eit anna innhogg.

Kanskje likelønskampen heller bør gjelda om det verkeleg er rimeleg at ein 50-åring som gjer same jobben som ein 20-åring får høgare løn, på bakgrunn av erfaring åleine – og ikkje på grunnlag av arbeidet og innsatsen ein faktisk utførar. Her er det tale om aldersdiskriminering, og det er i slike tilfeller ein verkeleg snakka om ulik løn for likt arbeid!

Det er heldigvis ikkje vanleg med tog, Ottar og «we can do it»-plakatar for fullt alvor i Sogn. Eg tør drista meg frampå med ein teori om at det er resultat av at me i Sogn ser ein litt større del av bilete. Likestilling er ikkje ein kamp mellom mann og kvinne, men ein felles kamp for rettferd. Det må vera likestilling som er kamp nummer éin.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Bra!

Exclamation_desat_24

Om du trur 8. mars er ein dag for Kvinnegruppa Ottar, trur eg du er både arrogant, sneversynt og historielaus. Om du trur at rettar for kvinner har kome av seg sjølv bør du snarast tru om att. Trur du at kvinnekamp kun handlar om likeløn bør du snarast løfte blikket. At ein ikkje har 8. mars-tog på landsbygda trur eg du ikkje automatisk skal ta til inntekt for vidsyn.

Du er tydelegvis meir opptatt av kven som demonstrerar enn kva ein demonstrerar for. Eg har sjølv delteke i 8. mars-demonstrasjon i Florø. Eg trur aldri Ottar har vore etablert her, men det er uansett irrelevant. Det er heller ikkje spesielt relevant kva syn du har på Ottar og kvinner som er opptekne av kvinners rettar og kvardag. Det som er viktig er kva ein kjempar for og kva ein oppnår.

Toget i Florø bestod av vanlege kvinner og menn, helst ifrå AP og SV, som var opptekne at t.d. barnehageutbygging, svangerskapspermisjon og betre kår for kvinner i typiske kvinnearbeidsplassar.
Ein av desse demonstrantane som du påstår står og hyler og skrik, var mor mi. Ho er ei heilt vanleg dame. Politisk står ho i vestresida i AP. For henne var var det viktig at ho hadde moglegheita å kome ut i arbeid samtidig med at ho kunne ta vare på ein familie. Då krevs både permisjonsordningar og barnehageplassar. Dette er ikkje rettar som har kome automatisk, faktisk så har vi ikkje fått full barnehagedekning før no. Permisjonsordningane har kome gradvis og dei er ikkje kjempa fram av menn på høgresida i norsk politikk.

Mor mi var ikkje veldig partipolitisk aktiv. Derimot arbeidde ho i mange år med fagforeiningsarbeid i Handel og kontor, ein fagorganisjon med stor overvekt av kvinner. Ein ting skal eg love deg, snakk med ein fagorganisasjon så vil du få ei rekke døme på ulik løn for likt arbeid. Du vil og få innblikk i kampen for minsteløn i norsk arbeidsliv som ved mange høve er trua av t.d. partiet Høgre.

Som jusstudent har du sikkert lært at jussen ikkje alltid er rettvis. Straff kan variere med t.d.inntekt og sosial status. Mange voldtekne og misbrukte kvinner har og erfart at rettsvesenet ikkje alltid er rettvist. Fleire valdtekter er avvist p.g.a. eldre dommarar, ofte menn, meiner kvinner opptrer fristande eller uanstendig. Kven støttar desse kvinnene? Vel svært mange har fått hjelp av radikale aksjonistkvinner på venstresida, kvinner som starta krisesenterrørsla. Då den kristne sakshandsamaren i din nabokommune, ein kommune som sikkert ikkje har desse 8. mars-toga, skulle hjelpe ei mishandla kvinne, ba han ho reise heim att til sin ektemann som mishandla henne. Ho ville ha hjelp til å kome til krisesenteret, skilsmissefabrikken som han kalla den. Det er få i dag som set spørsmålstegn ved krisesentera som mor mi var med å bygge opp, men det var mange menn som tidlegare meinte at dette var “Ottar-aksjoinistar”. Seinare meinte fleire at dette var noko menn og hadde bruk for.

Det er lett i dag og sitte å motta dei godene folk i generasjonar har bygd opp. Å prøve og latterleggjere kvinnerørsla ved å henge på dei “dårlege eigenskapar” har høgresida i norsk politikk alltid prøvd, godene som derimot er oppnådd likar dei fleste. Eg trur Sigbjørn Råsberg kanskje ein dag vil ha nytte av barnehagar, pappaperm. Fleire i omsorgsyrka vil få glede av 100% stillingar og 13,84% stillingane vil forsvinne. At kvinnene som har arbeidd mange år i varehandelen slepp å oppleve at den nye lagerguten tener langt meir enn dei gjer.

8. mars har i stor grad handla om kvinnefrigjering. I innlegget ditt omtalar du Ottar-kvinnene som er kledd i slør. Fleire andre i norge går rundt med slør, nokre mot si vilje. Spesielt har folk i frå muslimske land i norge opplevd tvang, vold og arrangerte ekteskap. Vernet til desse kvinnene står svakt. Dette bør minne oss på korleis norske kvinner har hatt det før kvinnefrigjeringa tok til og vidsynet sjølv på Leikanger bør kunne løftast eit hakk. Dette bør og minne oss om at vi kan vere stolte av det vi har oppnådd i norge og dei norske kvinnene, Ottar-medlem eller ikkje, fortener ei stor takk for det samfunnet dei har vore med å skape. Dei som trur at våre nye kvinner vil automatisk oppnå dei same rettane som norske kvinner, tek feil. Dei som trur at kvinnerepresentasjon i samfunnet har kome utan press og kvotering er naive. Rettane må ein sloss for og det må ein også i framtida.

Annonse