Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt og Sognatreff (laurdag 27. februar 2010). Les mer om roperten…

Telefonseljarar sel ikkje telefonar

OL er snart slutt, og det kan passe å oppsummere underhaldningsverdien. For det er mykje god underhaldning når språksvake journalistar kjem med ufrivillig morosame kommentarar. Kven andre enn sportsjournalistar får seg til å seie at «ho køyrde raskast av alle, utan at det visar att på tida»? Då kan eg seie at journalistar er dei som seier mest utan at det visar att på kunnskapsnivået!

Det er ei anna yrkesgruppe som brukar språk for å lure oss til å gjere idiotiske val. Eg tenkjer på seljarar. Som han sa seljaren som blei fortalt at telefonnummeret han hadde ringt var sperra for telefonsal: – Eg sel ikkje telefonar, hahaha! Eller som ein anna seljar svarde når kunden prøvde å komme til orde: – Ikkje avbryt meg! Det er uforskamma og frekt gjort av deg! Eller han som ringde meg i dag og ville advare mot alle dei useriøse konkurrentane sine, og som har forårsaka dette Innhogget.

Om ein er utrusta med mykje tolmod, så kan ein sjølvsagt sjå på seljarane som eit underhaldande innslag i kvardagen, på same måten som ufrivillig morosame journalistar. Men uansett trur eg einkvar kan miste tolmodet i møte med uforskamma telefonseljarar som er trena i å manipulere folk dit dei vil.

Eg kom i samtale med ein som hadde avslutta seljarkarriera, fordi han fann det vanskeleg å halde fram med å lure gamle folk med slu triks. Han fortalde korleis han var kursa til å selje billeg produserte flyfoto for tusenvis av kroner, helst til einslege, eldre folk. Når han først hadde fått kontakt, skulle han tilfeldig komme i snakk om kva som var bak vindaugo i huset medan han peika på biletet, og på den måten komme i snakk om barn og barnebarn. Det resulterte ofte til at dei gamle blei på gråten, og kjøpte bileta, og trudde dei hadde gjort eit godt kjøp. Slik er ein god seljar! Andre sel produkt vi trur vi treng, som bilar og forsikringar, og då let vi oss ofte lure til å tru at dei har vårt beste i tankane. Det har dei ikkje! Har du forresten høyrt om forsikringsseljaren som fekk refs frå sjefen då han prøvde selje livsforsikring til ein hundreåring? Seljaren forsvarte seg med at det statistisk sett er få hundreåringar som dør.

Det er mange gode råd mot telefonsal, som også har den effekten at underhaldningsverdien aukar. Ein gammal mann eg kjende brukte avbryte telefonseljaren: – Vent litt, det står ein seljar ved døra, eg må opne for han! Og så la han frå seg røyret. Ein anna måte er å unnskylde at du ikkje har tid, og be om seljaren sitt privatnummer, så du kan ringe seinare på kvelden. Seljaren kan sjølvsagt ikkje gi frå seg privatnummeret, og då seier du: – Jaså, du likar ikkje å bli ringt opp av framande du heller?

Eit par godbitar frå flyfotoseljaren til slutt, omskrive slik at ingen skal kjenne seg att: Ho som opna døra for seljaren stirra på biletet ein kort augneblink. – Eg skal ha det! sa ho utan vidare. Det kostar åtte tusen! Det spelte inga rolle for kvinna. Seljaren vart nysgjerrig og spurde kva det var med biletet ho likte så godt. – Ser du ho som står ved ripsbuskane der? spurde ho. – Det er nabokjerringa, og sjølv om eg mistenkte henne for å plukke bæra mine, så hadde eg ingen bevis. No skal eg henge biletet på stova, og så skal eg be henne på kaffi ein dag! Ein anna kunde ville helst kjøpe negativa også, fordi han ikkje ville kjerringa skulle få sjå biletet av ei elskerinne sin bil på tunet!

Då vil eg ynskje alle lukke til med å gjere telefonseljarar til god underhaldning!

Dette innlegget vart trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 27. februar 2010. Sjå også den private bloggen min, Johannes-bloggen, der vert det lagt ut ei oppskrift på korleis ein kan takle irriterande telefonseljarar på ein god måte. http://johannes-eggen-mundal.origo.no/ti-maatar-aa-bli-kvitt-ein-telefonseljar-paa

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Eg blei vekt søndag morgen for noken år siden, av ein selgar. Ganske irritert får eg med meg at Røde Kors e på tråden. Han begynne å masa om at det e ein strålande morgen, og om eg kunne tenke meg å kjøpe lodd? Så eg legg om til litt småsensuell stemme, og spør fyren; Så fin stemme du har…ka har du på deg?
Fyren la på :D

Ein gang eg var aleina heima i Sogn ca. 16 år gammel, hørte eg Metallica på full styrke i stua, mens eg leste ei bok. Eg hadde på meg shorts, og Metallica-skjorte med hodeskallar på. Så ringe det på. Eg går for å åpna opp, fremdeles med musikken på full styrke, og med småbustete hår. Eg rive mistenksomt opp døra, som bare gretne tenåringar kan det. Og der står Jehovas vitne. Med masse bøker og brosjyrer i hendene. Eg ser spørrande på han. Han ser på meg, ser inn bak meg, så seie han bare; “Eg kjem att seinare trur eg.” Så gjekk han :D

No e det e faktisk 2 år siden eg blei oppringt, eller oppsøkt av selgare. Ha ikkje sperra telefonen eller noke. Trur dei ha meg på ei eller anna nei-liste :D

Exclamation_desat_24

Den første metoden om kva har du har på deg var eigentleg ein av metodane eg sensurerte bort frå ei liste på fjorten punkt eg fekk. Sjå innlegget Ti måtar å bli kvitt ein telefonseljar på på Johannes-bloggen.

Exclamation_desat_24

Den kunne nok og slått feil, han kunne og vært interessert i å fortelle om det :D

Exclamation_desat_24

Då kunne du spurt kven han ringte for, og rapportere for oppdragsgivaren hans…

Exclamation_desat_24

Eg hadde faktisk en fyr fra Telenor ein gang so var slik. Eg hadde først ringt han på kundetelefonen til Telenor, då eg var 15, og spurte om noke ang. telefonen. Hadde akkurat fått meg mobil faktisk. Så hjalp han meg med det. So ringte han opp atte, noken tima seinare fra sin eigen telefon. Og begynte å spørre meg særs personlige ting, som aldeles ikkje egna seg for en 15-åring. Noke eg og sa til han uten at han brydde seg, så eg skrudde telefonen av og håpte han ikkje skulle ringe igjen. Eg var ung og ville bare glemme heile greia, men skulle sikkert gjort noke. Han ha jo sikkert ringt fleire og..:(

Annonse