Sei det med ropert
Dette innlegget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff (lørdag 6. februar) og Fjordaglimt (lørdag 6. februar) Les meir…

Storslagen natur treng storslagen arkitektur

Nasjonal turistveg – smak litt på det! Det er Sognefjellsvegen med kunst i stein. Det er Aurlandsfjellet med det fascinerande utsiktspunktet på Stegasteinen. Kort oppsummert: det er det beste me har av natur kombinert med arkitektur og kunst frå øvste hylle. Greitt nok at vegane våre er smale og lite ideelle for lastebilar, men ingen kan ta frå oss at det ikkje er noko å oppleva! Har Vegvesenet i tillegg merka krøtterstiane «Nasjonal turistveg» er det ikkje tvil om at det er noko ein må få med seg!

For dei nasjonale turistvegane er noko for seg sjølv. Og spør du meg er det freistande å sitera Homer Simpson når eg skal beskriva den geniale tanken om å pussa opp 18 særprega strekningar landet rundt: the greatest thing since sliced bread! Måtte det bli både 19 og 20 etter kvart.

Berre i Sogn er me velsigna med tre slike nasjonale turistvegar. To er allereie omtala i innleiinga, og den siste er vegen over Gaularfjellet. Men Gaularfjellet har endå ikkje fått sine arkitektoniske landemerke, og skal me tru Fylkesmannen må nok både me og turistane venta endå litt til. For som Bergens Tidene så klingande sa det, planane om ein spektakulær kombinasjon av utsiktspunkt og rasteplass vekka ikkje akkurat åtgaum hjå Fylkesmannen.

For dei som ikkje har sett teikningane er planen å byggja noko som ser ut som ein hybrid av operaen i Bjørvika, stupebrettet på Stegasteinen og ein stjerneforma UFO. Det er av typen du må sjå det for å forstå det. Og her skal eg gje Fylkesmannen heilt rett, det glir så absolutt ikkje usett inn i det naturlege landskapet på Gaularfjellet!

Men kva gjer vel eigentleg det, sett vekk frå geiter, sauar og fastbuande? Denne rasteplassen er noko av det suverent mest tiltalande eg har sett i den sjangeren nokon gong. Storslagen natur treng òg storslagen arkitektur, og med den føreslegne rasteplassen er det nettopp det den ufortent anonyme fjellovergangen får.

Så får det heller vera at Fylkesmannen nok har sine lovverk å stri med. Det er dessutan mykje anna som ikkje glir heilt umerka inn i landskapet og som ikkje ein gong er særleg arkitektonisk, ta til dømes Fylkesmannen sitt eige bygg på Hermansverk.

Her i Sogn har me så definitivt natur, men er diverre blotta for arkitektur. Men Vegvesenet har heldigvis teke ansvar der alle andre sviktar. Deira planar er det beste frå to verdenar: 1) det typisk norske med matpakke, rast og vill natur, samt 2) det moderne og estetiske.

Eg gler meg til den sommardagen eg av ein eller annan grunn skulle forvilla meg til Førde og tek bilen over fjellet og rastar på eitt av dei tre hjørna på stjerna. Den dagen trur eg kjem, uansett kva Fylkesmannen måtte meina om det nye utsiktspunktet. Det blir ein bra dag!