Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt og Sognatreff (fredag 12. februar 2010). Les mer om roperten…

Utan ein (raud) tråd

Dette Innhogget har nok mange trådar, men ingen raud. For akkurat som førre vekas innhoggar hadde eg inga aning om kva eg skulle skrive om då eg sette meg ned kvelden før daudline. Eg var altså utan ein tråd! Og når ein då spør Fjesbokvennene sine om hjelp, så blir svaret mange lause trådar. «Gao i fjøsen!» var ein av dei, og eg er ikkje heilt sikker på om det var eit ynskje om at det ikkje skal komme fleire Innhogg frå Øvre Mundal. Det vil eg i så fall ikkje ta omsyn til.

«Blaonke ark, og tomt håve – og snart daudline. Noken som ha ein goe idé?» skreiv eg i statusfeltet, og kommentarane strøymde på. Skriv om han fjærlendingen som jobba på eiga hand og fekk ein spikar i handa, var eit tips. Men eg kan no ikkje dumme ut bror min på spalteplass i Sogn Avis, svarte eg. «Eg tole da mesta, eg,» var kommentaren frå Jarle.

Ikkje bruk opp halve innlegget på å skrive kor du er når du skriv, slik Arnestad gjorde sist, var ei oppfordring. (Eg hadde ikkje klart det ein gong, her eg sit i kontorhjørnet av stova.) Skriv om vêr-ustadige folk, slike som klaga på kulda då det var minusgrader, og klagar på mildvêret no når det regnar! skreiv Monika med K. (Men vêret hadde eg akkurat kommentert på rim på Johannes-bloggen, så det vert ikkje meir vêrprat på meg i dag: «Vinteren veks seg stor og teit, kvit og feit, glatt og bleik, best eigna for barneleik – og dagens vêrpreik.») Skriv om rovdyrpolitikk, skriv om at du ikkje får til å skrive! Eg klarar ikkje få meir ut av alle dei gode kommentarane eg har klipt frå Fjesboka, så resten av Innhogget har eg skrive sjølv.

For eit par veker sidan vart det invitert til debattkveld i Førde om Sogn og Fjordane og folketalsutviklinga. Anne Viken var ein av innleiarane. Viken meinar at det bildet turistnæringa teiknar av fylket vårt ikkje er eigna til å få folk til å flytte hit, tvert imot. Ho meinar vidare at AP-Heggø sitt forslag om å betale ned studielån for folk som flyttar til fylket, berre vil forsterke eit stempel om at vi er eit tapar-fylke, og det trur eg er heilt rett tenkt. Dette er ein debatt som er viktig.

Desverre var det slik at ein del av media i ettertid vrei debatten over på ein persondebatt om Anne Viken, og meir eller mindre ignorerte problemstililngane ho peika på. Dei bidrog på den måten til å stadfeste Viken sine påstandar om manglande takhøgde. «Å benekte andre sitt inntrykk av deg sjølv fungerer sjeldan i praksis», sa Anne Viken, og vidare: «Ein må bevise, og eg trur fortsatt Sogn og Fjordane har ein del å bevise før det faktiske bildet av fylket trenger gjennom og utover fylkesgrensene.» Viken snakkar altså om eit faktsik positivt bilde av fylket, slik eg forstår det, noko som ikkje passar inn i bildet media skapte etter debatten.

No har eg laga dette Innhogget delvis med å klippe og lime, slik somme journalistar her i fylket gjer når dei dekker viktige debattar. Men i motsetnad til somme journalistar brukar eg ikkje klippe-lime til å vri personane sine uttalar og spissformuleringar til å bli det motsette av det dei meinte! Vi må ha takhøgde og sjølvironi nok til å tole å høyre friske uttalar om korleis utflytte sogn-og-fjordingar ser på oss frå Oslo, og heller ta tak i debatten om korleis vi skal marknadsføre Sogn og Fjordane for potensielle tilflyttarar. Då må ein setje seg saman og starte ein dialog. Det er ofte slik dei gode idéane blir til. Ha ei fin helg, alle i framtidsfylket Sogn og Fjordane!

http://johannes-eggen-mundal.origo.no/

Dette innlegget er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 30.1.

Annonse