Si det med ropert
Dette innlegget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Sognatreff (lørdag 3. oktober 2009) og Fjordaglimt (lørdag 3. oktober 2009) Les mer…

Soria Moria 2 – nye eventyr?

Det var ein gong eit par foreldre som hadde ein son, og han heitte Jens. Frå han var smågut ville ikkje Jens ta seg til noko, han brukte snakke seg frå alle ting. Men så fekk han tilbod om å bli politikar i Jagland sitt norske hus, og då var han ikkje sein å be. Og etter å ha prata seg frå alle løfter i fire lange år, ville han gjere eit nytt forsøk på å gjere Jagland sitt hus om til eit Soria Moria eventyrslott.

Så gjekk han for å finna Soria Moria, og han såg at han var i eit vakkert og rikt land; over alt der han kom var det olje og røyk, eller store vidder med skogar og fjell. Etter kvart kom han på ein veg av asfalt, så jamn og fin at han kunne trilla egg på han. Denne gjekk han på til han kom til eit slott. Jens gjekk inn på slottet, og der sat prinsesse Liv Signe og mjølka ei ku. Nei og nei! ropa ho, torer det komma byfolk hit. Det er best du går, elles vil bondetrollet med sine tre hovud, sjølvaste Bonde Laget, sluka deg! «Eg hadde vore like glad hadde han fire òg, bondetrollet er eg ikkje redd, men mat må du gi meg, for eg er svolten.» Då han hadde ete seg mett på bondekost, ba prinsessa han om å ta ned sverdet som hang på veggen, og prøve om han kunne svinge det. Det kunne han ikkje snakke seg frå. Ta litt mjølk frå geita og drikk det, det brukar trollet å gjere når han skal ut å kjempe: Med det eine hovudet kjempar han mot EU, det andre mot WTO, og det tredje mot Siv Jensen, og med sverdet fektar han mot alle tre på ein gong. Jens tok ein slurk, og straks kunne han svinge sverdet.

I det same kom trollet – her luktar bymanns blod! «Det skal du få kjenna,» sa Jens, og hogg hovuda av det. Liv Signe var så glad at ho dansa og song, heilt til ho kom på at trollet eigentleg hadde kjempa hennar sak. Men då hugsa ho systrene sine, som også var fanga av troll.

Neste morgon la Jens i veg mot miljøtrollet sitt slott. Då han nærma seg vart han redd, dette var mykje gildare enn gardstrollet sitt, men han gjekk rett inn. Der inne sat prinsesse Kristin og produserte pengar av olje og gass. Ho var svart på hender og kinn. Nei og nei! ropa ho, torer det komma byfolk hit. Det er best du går, elles vil miljøtrollet med sine seks hovud, sjølvaste Miljø Wersth, sluka deg! Men det gjekk som sist. Denne gongen måtte Jens drikke olje og sniffe gass, og straks kunne han svinge sverdet. Då kom trollet – huttetu, her luktar CO2-kvoteblod! Frå nasane pusta det eksos og det som verre var. Men Jens hogg hovuda av det, og prinsesse Kristin dansa og lo, og dei merka ikkje at Miljø Wersth reiste seg opp att like heil.

Tidleg neste morgon la Jens i veg att, for å nå fram til plan B-trollet sitt slott. Dette slottet var mykje gildare enn miljøtrollet sitt, og Jens vart skjelven i knea – og redd, sidan han fleire gonger hadde nekta for at det eksisterte eit plan B-troll. Inne i slottet sat prinsesse Lars kledd i eit lite fikenblad, og med fiskeutstyret klar til tur. Hei Jens! sa han, skal vi ta oss ein fisketur og snakke om korleis vi kan knuse plan B-trollet, sjølvaste Fram Stegsparti? Og etter å ha ete laks og høyrt på prinsesse Lars sine personlege utfall mot både plan B-trollet og seg sjølv, klarde Jens å svinge sverdet med hjelp av prinsessa. Og saman hogg dei alle ni hovuda av trollet.

Då forstod Jens at han hadde funne Soria Moria 2. Og tida var inne for å lyge og love saman med prinsessene Liv Signe og Kristin, for han visste han kunne snakke seg frå alt muleg, også planane med prinsesse Lars som han hadde leikt med i tankane sine.

Denne teksten er trykt som “Innhogg” i Sogn Avis i dag, laurdag 3.10.2009

Kommentarer

Exclamation_desat_24

Ja, her kan en både gråte og le. Han Jens behøver ikke å bry seg om så mye, det går så lett likevel. Alle valgløftene, som triller ut fra Soria Moria, huttetu nå er det på`n igjen. Love, bryte og love igjen. Lurer helt ærlig på om folk her i landet er dumme eller veldig lettlurte. Bare vent, det kommer mer. Om en annen stakkar hadde lovet på tro og ære og så brutt alle løftene ville en bli dratt for retten og fått straff, men det slipper eventyrfolka som glir glatt gjennom, lyver til de blir blå i fjeset mens folket banner på at dette er siste gangen de velger. Om fire år er alt glemt, da begynner vi på nytt igjen. halleluja!!!

Exclamation_desat_24

På ein måte er det ikkje lang avstand mellom eventyr og dagens politiske Soria Moria-røyndom.