Løysinga heiter Harald AabrekkSogndal sitt fotballag har vikla seg inn i ei alvorleg sportsleg krise. Noko er fundamentalt feil for tida, og få eller ingen verkar å veta kva som er gale. Spelarane trekkjer på skuldrene og seier dei ikkje veit kvar feilen ligg, medan trenarane snakkar jungelspråk om prosessar, utvikling og anna svada. For fakta er: Sogndal er i ferd med å kollapsa fullstendig, og rotar gradvis vekk tidenes sjanse til å ta steget opp i det beste selskap igjen. Søndagens flaue 1–1 kamp mot Skeid fortel det meste om situasjonen. Uavgjort mot hobbylaget frå hovudstaden er ikkje dårleg, det er elendig. Dette var ein kamp som måtte vinnast, men igjen var Sogndal tafatte, usikre og slappe. Etter pause vart det omtrent ikkje skapt ein einaste målsjanse, og dei vart pressa bakpå av Skeid. Av Skeid! Det suverene botnlaget i divisjonen, som i prinsippet berre har æra igjen å spela for. Det er vanskeleg å skjøna kva som har skjedd. Etter ein sterk vårsesong med ni sigrar av 15 moglege har det blitt fattige ni poeng på dei åtte kampane i haust. Spelet sit ikkje i det heile, og laget har ikkje spelt ein verkeleg god kamp sidan cuptapet mot Aalesund i byrjinga av juli. Det er over to månader sidan, og då held det ikkje å snakka om uflaks, marginar og prosessar lenger. Då er det på tide å innsjå at noko ikkje er som det skal vera. Sjå til dømes på spelarane. Henrik Furebotn gjekk omtrent på vatnet i vårsesongen, og var ein av lagets klart beste spelarar. Venstrebackane i divisjonen vart svimle helg etter helg, og årdølen spelte med eit sjeldan høgt energinivå. No er han heilt ute av det. Dribleraida og dei gode innlegga er vekke, og det verkar som om eit eller anna har reve vekk sjølvtilliten hans. Frustrasjonen til Furebotn var tydeleg då han dundra det eine leggskinnet sitt i bakken etter å ha blitt bytt ut i søndagens kamp. Og når til og med Lars Grorud, den normalt fjellstøe bautaen i midtforsvaret, byrjar å rota, må ein stilla seg nokre spørsmål. Kva i all verd/verda er det som foregår? Det stoppar ikkje der. Kenneth Kvalheim, som på to og ein halv sesong i Notodden og Moss banka inn 55 mål, har omtrent ikkje vore i nærleiken av målet etter at han kom til Sogndal. Espen Olsen er heilt ute av det, og verkar berre å vera aktuell for spel på andrelaget. Då er me ved sakas kjerne: Det verkar ikkje som om Karl Oskar Emberland og Ole Hjelmhaug evnar å snu den dårlege trenden laget er inne i. Eg er ein stor tilhengjar av Emberland og den jobben han har gjort med Sogndal, men no er han inne i ei blindgate. Difor må noko gjerast. Løysinga heiter Harald Aabrekk. Nei, eg seier ikkje at Emberland skal sparkast, eg ønskjer berre at Aabrekk skal koma inn og bidra ut sesongen, på lik linje som han gjorde i 2002. Kor stor skade kan det gjer? Det er sju kampar igjen, laget er i fritt fall og det blinkar eit blått lys for opprykksdraumen. Eg trur særskilt synet av ein illsint og drikkeflaske-sparkande Aabrekk på sidelinja kan gje spelarane den gnisten dei treng for å få attende trykket og entusiasmen i spelet sitt. Akkurat no saknar eg ein trenar som seier meir enn «først på, først på» og «jobb, jobb» under kampane… 2005 var ein fiaskosesong, 2006 var ein sesong i ingenmannsland, 2007 var ein byrja-på-nytt-sesong, medan 2008 var ein nesten-sesong. 2009 skal vera året! Divisjonen har sjeldan vore svakare enn den er no, og Sogndal har sin sterkaste spelarstall sidan 2004. Berre opprykk er godt nok denne gongen, alt snakk om noko anna er ansvarsfråskriving og feigt. Yngve Hallén skreiv følgjande i sin blogg ved sesongstart: «Tida er komen for å hauste.» Vel, då må noko gjerast! Elles vert det ei hausting Sogndal som klubb og lag ikkje kan vera bekjent av…
Vist 1490 gonger. Følgt av 2 personar. | ||