Ta bussen på alvor

Mens arbeidsreisene mine for 15 år sidan nesten alltid gjekk med fly til Oslo, reiser eg i dag stadig oftare til Bergen i embets medfør. Å fly til Bergen med Wideroe er dyrt og tidkrevjande. Eg vil ikkje belaste korkje arbeidsgivaren min eller miljøet med dette. I staden set eg meg på snøggbussen. Sjølv med usubsidierte billettar er det rasande billeg. Og i tillegg behageleg, trygt og sikkert. Det tek berre for lang tid. Reisetida til Bergen kan reduserast med minst 45 minutt, dersom bussen lèt vere å køyre innom sentrum av Lærdal, Aurland, Flåm og Dale.

Siste tiåret har det skjedd ein sakte bussrevolusjon her i landet. Vakre og komfortable ekspressbussar dekkjer no størsteparten av landet vårt. Her er det god plass til beina, du kan ta med så mykje bagasje du vil, bussen er alltid presis, og, om du må, kan du også nettsurfe der. Det heile er resultat av eit samarbeid mellom busselskapa rundt om i landet, etter ei nødvendig liberalisering av samferdslepolitikken. Men i motsetning til svindyre NSB, er det ingen statsstøtte å hente for ekspressbussen.

Rutebussane i Noreg transporterer årleg rundt 340 mill. passasjerar, medan NSB har vel 50 mill., berre litt meir enn i 1946. Flya fører ca. 11 mill., rutebåtane 9 mill., medan personbilen nærmar seg 4 milliardar passasjerar, eller 82 pst. av all persontrafikk i landet. Måler vi dette i personkilometer, er personbilens del 77 pst.

Knapt nokon bryr seg om eller tenkjer på bussen i dagens sterkt miljøprega samferdsledebatt. Det politiske ordskiftet dreier seg mest berre om vegar, bil og jernbane. Her, som på så mange andre område, ser vi i dag tydelege tendensar til motsetningar mellom landsbygd og storbyar. Vi vil ha betre og sikrare vegar, medan storbyane, godt hjelpne av den nyurbane miljørørsla, eit einsidig samferdslebyråkrati pluss nokre forvilla bygdetullingar, ønskjer seg snøggåande miljøtog, same kva det måtte koste. Reknemeistrane deira er det forresten ingen grunn å feste lit til.

Men bussen her i landet har i det minste éin talsmann, som heldigvis for oss alle, aldri gir seg. Han heiter Idar Mo, bur ute på Slinda, og er reknemeister betre enn nokon. ”Gratis buss for heile landet utan NSB” forkynte Idar for snart 20 år sidan. Han illustrerte det slik: Viss vi lèt tredjeparten av dei store togsubsidiane gå til ekspressbussen, kan det gå 1.750 høgstandardbussar med 24 avgangar i døgnet i kvar retning innom alle kommunane i landet. Billettpris: kr 0,-.

Etter Idar Mo si meining har altfor mykje av samferdsleløyvingane i Noreg gått til ei mislykka satsing på jernbane. I dag seier Mo at dersom halvparten av jernbanesubsidiane i etterkrigstida hadde blitt brukt på investering i vegar, ville vi no hatt eit rasjonelt firefelts motorvegnett mellom alle landsdelar og innan alle landsdelar, som ville ha produsert brukarbetalt og miljøvenleg kollektivtransport med høgstandard ekspressbussar over heile landet.

Mo er eit kjent og omstridd namn i norsk samferdsledebatt. Hjå dei fleste med innsikt er han høgt respektert for sine store kunnskapar. Annleis er det nok med måten han presenterer kunnskapane sine på. Men ideane hans vinn fram etter kvart. Noko anna ville vore i strid med all sunn fornuft.

”Hvorfor ikke buss?” skriv ein av våre fremste politiske kommentatorar, Aslak Bonde, i siste nummer av Morgenbladet, og gjer seg til talsmann for ”Idar Mo-linja” i norsk samferdsle: satsing på den miljøvennlege bussen på kostnad av toget. Men realisten Bonde innser at politikarane likevel vil satse på toget: ”Det finnes nemlig ingen statlig buss-etat”.

Det er her problemet ligg. Kven vil ta opp kampen, og kjempe bussen si sak mot det sterkt togvennlege samferdslebyråkratiet i Oslo?

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 1.8.2009