Siste halvtanna året har folketalet i Sogn og Fjordane vakse med 1.041 personar. Første halvåret i 2010 vart vi 426 fleire. Folketalsnedgangen har stoppa opp. Den samanhengande nedgangen i perioden 1997-2007 er historie.
På heimesida til NRK SogFj smiler Nils R breitt. Plusstala, seier han, betyr at det vert jobba godt rundt om i kommunane med å skape nye og attraktive arbeidsplassar. Folk finn det interessant å busetje seg her.
Men sanninga, Nils R Sandal, er at veksten i folketal siste to åra i all hovudsak skuldast at fleire innvandrarar har kome til Sogn og Fjordane. Sidan 2006 har det årlege talet på nye innvandrarar meir enn fordobla seg, frå 761 i 2006 til 1.530 i 2009. Den sterke auken har halde fram i 2010. Utflyttingstala for innvandrarar har derimot vore relativt stabile. Eit fåtal av innvandrarane kjem hit frivillig. Dei fleste av dei har heller ingen jobb å gå til. Eller dei tek seg lågtlønna arbeid som etniske nordmenn ikkje vil ha.
Den innanlandske flyttebalansen er derimot om lag like negativ i 2009 og 2010 som han har vore heile 00-talet.
Nils R sitt prat om nye og attraktive arbeidsplassar og gode lokalsamfunn kan sikkert ha mykje for seg. Men det er ei lite truverdig forklaring på kvifor folketalet no veks i Sogn og Fjordane.
Hovudgrunnen til folketalsveksten ser vi rundt oss kvar einaste dag: Sogn og Fjordane har vorte eit multietnisk fylke. Det skjedde fort. Men det finst jo ikkje ein einaste politikar i fylket som bryr seg med dette. I staden pratar dei om attraktive arbeidsplassar. Attraktive for kven, Nils R Sandal?
Dette innlegget stod på trykk i Sogn Avis onsdag 1.9.2010
twitter.com/georgar