Alt ser ut til lykkast for den sitjande raudgrøne regjeringa. I Vancouver kjem endeleg gullmedaljane. Og i Sogn og Fjordane veks folketalet meir enn det har gjort på svært lenge. Vi vart 623 fleire i fylket vårt i 2010. Om du ikkje har fått det med deg, vil Liv Signe fortelje det til deg den nærmaste tida. Gong etter gong. 623 er talet. At berre Finnmark hadde lågare vekst, bryr vi oss ikkje om.
Dei fruktbare kvinnene våre bidrog til eit fødselsoverskot på 196. Ikkje verst. I Hedmark og Oppland hadde dei eit illevarslande fødselsunderskot. Det same hadde 17 av dei 26 kommunane våre. Flyttebalansen vår var positiv; med ei nettoinnflytting på 428 personar. Som i dei andre utkantfylka, er det også i Sogn og Fjordane innvandrarane som held oppe flyttebalansen. Vi fekk 1.167 fleire innvandrarar i 2010. Den innanlandske flyttinga er negativ (minus 739), slik ho lenge har vore i fylket vårt.
Den innanlandske flyttestraumen går, slik han gjort siste 100 åra, i hovudsak til fylka kring Oslofjorden. Størst innanlands flytteoverskot av alle kommunane i landet hadde likevel Bergen. Ikkje så merkeleg. Til og med eg har fått trusselbrev frå kemneren i Bergen: ”Er du snikbergerser?”, spurde kemneren meg. Han hadde registrert at eg hadde fått utbetalt eit par tusen kroner i godtgjersle frå universitetet i byen.
Heile 6 av dei 8 kommunane i vår region hadde eit fødselsunderskot i 2010. Øvst på denne lista står Luster. Grunnen er openberr: For få kvinner i fruktbar alder. Eg veit ikkje om dette er tema i det usynlege organet Sogn regionråd, som berre er i media kvar gong dei skiftar leiar. Men Luster skil seg òg ut som den einaste kommunen i fylket med positiv netto innlandsk flytting. Kanskje ein ringverknad av at kommunen for eit par år sidan, av litt uklare grunnar, vart kåra til landets beste kommune å bu i?
Regionsenteret Sogndal veks. Men det går så alt for sakte. Mykje saktare enn i Førde, der veksten nærmast går av seg sjølv. Byen, som dei kallar det, inst i Førdefjorden hadde heile 75 pst. av fødselsoverskotet i fylket. Organisasjonen ”Førde Framover” har grunn til å juble: Når dei no skal leggje inn årane, har storbyen vår passert 12.000 innbyggjarar. Og det til og med med ein ordførar frå Senterpartiet i førarsetet. Om Liv Signe og Nils R torer å feire dette, er eg meir uviss på.
Kva som kan og bør gjerast for å få til kraftigare vekst i regionsenteret Sogndal, er tema for næringskonferansen 4. mars. Eg ser at den nye sjefen i Sogn Næring, Wilhelm Tangerud, har som mål å arbeide for sterkare utvikling av varehandelen i Sogndal. Han får her solid støtte av Sogn Avis. No treng vi snarast ei avklaring om kva som skal skje i Nedrehagen. Kanskje kjem den 4. mars?
Men utviklingsstrategiane i Sogndal kan ikkje berre kvile på varehandel og fotball, og ein evig krangel om kva som skal vere på Kaupanger eller i Fjøra. Vi treng noko anna i tillegg. Korleis kan Sogndal lykkast med å utvikle dei meir kunnskapsbaserte næringane, og tiltrekkje seg og skape eit nettverk av og for moderne og spesialisterte tenesteytande verksemder? Kanskje bør også spørsmålet om ei varsam kommersialisering av forskingsaktivitetane på Campus setjast på dagsorden?
Handel er viktig for Sogndal. For all del. Tradisjonell varehandel aleine vil likevel aldri kunne gi oss det moderne og livskraftige regionsenteret vi treng i indre Sogn. Men dette veit sikkert også den nye næringssjefen i Sogndal. Vi får i alle fall vone at han gjer det.
Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis (papirutgåva) laurdag 20.2.2010
twitter.com/georgar